Hopp til innhold

Kunnskapsministeren seier norske lærarar står fritt til å vise Muhammed-karikaturar

Norske lærarar kan vise Muhammed-karikaturar dersom dei meiner det er relevant, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). I Frankrike blei ein lærar drepen fredag etter å ha gjort det i undervisning.

Guri Melby.

Lærarane har stor fridom i læreplanen, og det er opp til den enkelte å avgjere kva han eller ho vil fylle undervisninga med. Dersom nokon meiner det er relevant å vise fram ein karikatur, skal dei kunne gjere det, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I Frankrike er no 15 menneske sett i varetekt etter at ein ungdomsskulelærar blei drepen fredag. Den mistenkte blei skoten av politiet.

Motivet for drapet skal ha vore at læraren viste fram Muhammed-karikaturar i undervisninga. Han skal ha brukt teikningane når han underviste om ytringsfridom, som blei ein del av timeplanen etter terrorangrepet mot satiremagasinet Charlie Hebdo.

– Mange ser dette som eit angrep på menneskerettane og på oss som prøver å dyrke ytringsfridomen og spreie kunnskap, seier leiar for Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Han får støtte frå kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V):

– Denne læraren gjorde ein viktig jobb med å ruste elevane til å ta del i demokratiet og bruke ytringsfridomen. Det at han blir drepen fordi han gjer akkurat det, er skremmande og forferdeleg.

Står fritt

Ytringsfridom og menneskerettar er overordna verdiar i den norske læreplanen. Det er opp til lærarane å avgjere i kva fag og korleis dei vil lære elevane om dette.

Læraren står fritt til å for eksempel vise Muhammed-karikaturar, dersom han eller ho meiner det er relevant, seier Melby.

– Kva som er viktig å få vist fram og kva debattar som er viktige og relevante, kjem an på situasjonen. På eitt tidspunkt er dette relevant, i ein annan samanheng er det ikkje like relevant. Eg har stor tillit det faglege skjønnet lærarar gjer her.

Markering for lærernes ytringsfrihet på Eidsvolls plass.

Menneskerettar og demokrati er grunnleggande verdiar i læreplanen. Difor er det viktig å verne om ytringsfridomen til lærarar, slik at dei også kan ta opp vanskelege og kontroversielle tema, seier leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Handal trur ikkje det vil kome ei bølge av støtteaksjonar i norske klasserom, der lærarar vil vise fram karikaturar.

– Ein del av lærarane eg har snakka med i dag, seier dei ikkje har vist fram dette fordi det ikkje er relevant. Men eg meiner det er viktig at vi har den ytringsfridomen og moglegheita til å vise det fram, om vi ønsker det.

Ikkje redd for krenkingar

I 2005 trykte danske Jyllands-Posten 12 karikaturar av profeten Muhammed. Desse blei seinare publisert i fleire land. I tillegg blei det laga nye karikaturar blant anna i Sverige og Frankrike.

Dette har ført til mykje uro dei siste 15 åra med demonstrasjonar, terrorangrep mot avis- og magasinredaksjonar og attentatforsøk mot avisteiknarar.

Men norske lærarar skal ikkje vere redde dersom dei ønsker å vise fram karikaturteikningar i ein kontekst, seier leiar for tenkjetanken Minotenk, Linda Noor.

– Karikaturteikningane er viktige debattar om ekstremisme, ytringsfridom og satire. Eg meiner det er uproblematisk å vise fram, og ein skal ikkje vere redd for at nokon skal kjenne seg krenka, så lenge ein gjer det på ein inkluderande måte.

Linda Noor

Karikaturteikningane er sentrale i debattar om ekstremisme og ytringsfridom. Lærarar skal difor ikkje vere redde for å vise dei fram, dersom dei meiner det er relevant, og blir gjort på ein inkluderande måte, seier Linda Noor som leiar tenkjetanken Minotenk.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Handal seier også at det er viktig å hugse på at lærarar har eit samfunnsmandat.

– Det lærarane gjer i klasserommet er offentlege handlingar. Det handlar ikkje om kva den enkelte lærar meiner. Eg er oppteken av at den norske debatten rundt dette også må handle om å verne om det oppdraget lærarane har, og korleis dei skal kunne gjennomføre det.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger