Søndag ettermiddag fylte tusenvis av franskmenn Place de la République i Paris under ei offentleg minnestund for den 47 år gamle ungdomsskulelæraren Samuel Paty.
Han blei drepen fredag, etter at han skal ha vist fram Muhammad-karikaturar i undervisninga. 18 år gamle Abdullakh Anzorov er mistenkt for drapet. Han og Paty skal ikkje ha kjent kvarandre frå før. Anzorov var heller ikkje kjent for politiet.
Den mistenkte mannen blei skoten og drepen av politiet fredag.
– Eg er Samuel
Blant dei som møtte opp til markeringa var den franske statsministeren Jean Castex, SOS rasisme og representantar for franske muslimar.
Tilsette frå satiremagasinet Charlie Hebdo, som har publisert Muhammad-karikaturar ved fleire høve, var også til stades.
Mange heldt opp plakatar der det stod «Je Suis Samuel», som var eit nikk til «Je Suis Charlie»-slagordet som blei brukt etter terrorangrepet mot satiremagasinet Charlie Hebdo i 2015.
Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters- Les:
- Les:
Fleire heldt opp plakatar der det stod «Eg er Samuel» og «Eg er lærar», slik mange også markerte støtte til Charlie Hebdo etter terrorangrepet mot magasinet i 2015.
Det var også liknande markeringar i fleire andre franske byar, som Lyon, Marseille og Strasbourg.
Fleire arresterte
Fransk politi seier ifølge AP at det er arrestert til saman 11 personar etter drapet. Minst fire av desse skal vere i familie med gjerningsmannen.
Politiet seier dei meiner drapet var eit militant islamistisk angrep. Dei seier dei har funne ein tekst på telefonen til 18-åringen der han tek på seg skulda for drapet.
Fleire la ned blomar under demonstrasjonen i Paris søndag.
Foto: FRANCOIS LO PRESTI / AFP- Les:
Drapet blir fordømt internasjonalt. Laurdag skreiv statsminister Erna Solberg (H) på Twitter at vi må stå saman mot angrep på tankefridom og opplysning. USAs president Donald Trump sende sine kondolansar til Frankrike under eit valmøte laurdag.
Organisasjonen for islamsk samarbeid seier at dei tek avstand for alle formar for ekstremisme, radikalisering og terror, uansett grunn og motiv.