Hopp til innhold

Høie: – Vi kan ikkje ha nulltoleranse for smitte

Halden og Sarpsborg er stengde. Oslo opnar opp. Nulltoleranse for smitte, er eit regime samfunnet ikkje hadde halde ut, meiner helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Helseminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H) seier at grensa må gå ein plass.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Halden og Sarpsborg blei søndag sette på lista over kommunane som får dei strengaste koronatiltaka. Dette skjedde etter utbrotet av den muterte koronavarianten.

Halden og Sarpsborg kom inn på det strengaste tiltaksnivået, «ring 1». Samstundes blei Fredrikstad og Hvaler kommune sett på nest høgaste tiltaksnivå, «ring 2».

Det siste døgnet er det registrert 23 nye smittetilfelle i Halden. 20 av dei smitta kan sporast tilbake til eit utbrot i Halden ishall.

Anne-Karin Holm (Sp), ordførar i Halden, seier i Dagsnytt 18 måndag kveld at dei er klar over korleis smitten har spreidd seg.

– Smittesporinga fungerer, seier ho.

Ordfører Anne-Kari Holm i Halden.

Ordførar i Halden kommune, Anne-Kari Holm.

Foto: Sara Vilde Solås / NRK

Fekk «ring 1»-nei

Holm seier at dei har rundt ein 50 smitta etter utbrotet i ishallen.

– Vi meinte det var trygt å opna opp for slike arrangement for born og unge, seier ho og legg til at ingen kunne venta at det muterte viruset hadde kome til Halden og kor fort det spreidde seg.

Halden kommune bad regjeringa om å få komma inn på «ring 1»-lista. Det fekk dei ikkje.

Direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, presiserer at modellen blei laga for å unngå at den nye varianten av det muterte viruset frå Storbritannia får bre seg ut i nye kommunar.

– Det var det som var heile formålet. På det tidspunktet hadde vi ikkje informasjon om at Halden hadde denne nye varianten, seier Guldvog i Dagsnytt 18.

Vil prioritera born og unge

– Ein plass må grensa og ringen gå, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Utbrotet skjedde i ein ishall. På ein pressekonferanse i ettermiddag la byrådet i Oslo fram at dei vil opna opp for fritidsaktivitetar for born og unge.

– Vi ønsker jo i det lengste å unngå å stenga ned aktivitetar for born og unge. Når vi opnar opp igjen, prioriterer vi desse, legg helse- og omsorgsministeren til.

Han meiner det er gode grunnar for å ha ei slik prioritering.

– Hadde vi hatt nulltoleranse i samfunnet vårt for smitte, så måtte vi ha levd i eit regime som ingen av oss hadde tolt.

Høie seier at grensesettinga må gjerast ut ifrå ei konkret vurdering.

– Dei letta som kom i Oslo i dag, er i tråd med dei letta som blei innført og varsla av regjeringa laurdag.

Dei trer i kraft frå onsdag.

– Nettopp fordi vi meiner vi har ein betre oversikt over situasjonen. Tiltaka må heile tida vera tilpassa smittesituasjonen, presiserer han.

– Vanskeleg balanse

Guldvog seier at dei veg opp om det er mogleg å opna opp for born, vel vitande om at det kan medføra ein risiko for at ein kan få meir smitte.

– Det er ein veldig, veldig vanskeleg balanse å klara å finna det. Og vi har kanskje ikkje enno heilt svaret når det gjeld den nye virusvarianten, seier han og legg til at dei må få ny erfaring med dette viruset.

Bjørn Guldvog

Direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

– Akkurat no er vi veldig strenge og set difor inn desse tiltaka som har blitt kalla ring 1 og ring 2, seier han.

Vil ikkje endra vaksinestrategi

– Vaksinen sin effekt i forhold til smittespreiinga no, vil ikkje vega opp for effekten av dei strenge tiltaka, seier Høie.

Guldvog seier at dei gjer løpande vurderingar av dette.

– Det er ingen absolutt fasit her. Viss føresetnadane endrar seg, vil ein også gjera ei endring i vaksineråda, seier han.

– Men i dag har vi ikkje nok vaksinar til å kunna ta ned smitten i dei områda som no er hardast råka, legg han til.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger