Hopp til innhold

Frp står bom fast: Siv Jensen ringer rundt til fylkesleiarar før alvorstungt møte

To døgn før Frps landsstyre samlast i Oslo er Siv Jensen ikkje einig med Høgre, KrF og Venstre om ei bom-løysing. Den siste veka har Frp-leiaren ringt rundt til fylkesleiarene sine for å finne ut kva dei ventar av ho.

BomSiv

BOM-PINE: Siv Jensen klødde seg i hovudet då ho la fram revidert nasjonalbudsjett 14. mai. Onsdag kan det bli meir hovudbry for Frp-leiaren og finansministeren.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Fleire av Framstegspartiets fylkesleiarar har den siste veka fått telefon frå Siv Jensen personleg om bompengekrisa som har råka partiet.

– Vi hadde ein fin samtale om korleis ho såg for seg at vi skulle handtere dette med bompengar. Her i Agder har vi vedtak i fylkesstyret på at Frp må ha ein god siger før sommaren for at vi framleis skal støtte opp om regjeringssamarbeid, så fram til onsdag skal eg sjølv prate med alle lokallagsleiarane mine for å få deira innspel før landsstyremøtet, fortel fylkesleiar Christian Eikeland på Sørlandet.

Christian Eikeland

FEKK TELEFON: Fylkesleiar Christian Eikeland i Agder Frp.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Siv har ringt meg ja, for å informere om situasjonen. Meir vil eg ikkje seie om interne samtaler, seier Johan Aas, som er fylkesleiar i Innlandet.

– Eg har hatt fleire samtalar med partileiinga siste veka, men vil ikkje kommentere vidare på det før onsdag, seier fylkestopp Frank Sve i Frp-storfylket Møre og Romsdal.

Siv Jensen stadfestar samtalene:

«Eg prater jamnleg med fylkesleiarane mine fordi eg er opptatt av å lytte til deira innspel i viktige saker for Framstegspartiet», skriv ho i ein SMS til NRK.

NRK veit at også nestleiar Sylvi Listhaug har vore på tråden til fleire fylkesleiarar i forkant av landsstyremøtet. Ho har mellom anna ringt Tommy Skatland i Trøndelag Frp og Odd Eilert Persen i Troms og Finnmark:

– All ros og ære til dei, dei prøver på ingen måte å leggje band på oss eller åtvare oss, men spør kva vi meiner, kva som er status, kva folk ute i fylka seier og kva vi skal gjere, forklarer Persen til NRK

Sylvi

JOKER: Det er knytt spenning til kva Frp-nestleiar Sylvi Listhaug vil seie og meine om bompengekrisa partiet står i på onsdagens landsstyremøte.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Ikkje noko i regjeringa å gjere

Onsdag klokka 16 møtast Frp sitt 25 personar store landsstyre på partikontoret i Karl Johans gate.

Fleire fylkesparti har før møtet gått langt i å antyde at dei utan nye og betydelege gjennomslag i regjeringa sin bompengepolitikk heller mot å gå ut av regjering. Blant andre Troms og Finnmark Frp, Innlandet Frp, Oslo Frp og Møre og Romsdal Frp.

– Når eg ser at Venstre og KrF sine partileiarar går ut og avlyser å diskutere rundt bompengar, då renn begeret mitt over. Då ligg det på eit nivå som eg ikkje trudde var mogleg. Det er eit engasjement i folket som seier nei. Frp er i regjering for å tjene innbyggjarane. Og då må vi sjå og lytte til dei. Så viss dei andre regjeringspartia ikkje ønskjer å høyre på innbyggjarane, så har ikkje vi noko i den regjeringa å gjere, seier Frank Sve, fylkesleiar i Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale sitt heimfylke.

Frank Sve

OPEN FOR Å GÅ UT: Fylkesleiar Frank Sve i Møre og Romsdal Frp.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Eg reknar med at Siv kjem med ny og reforhandla avtale før møtet på onsdag, der ho legg fram betydelege innrømmelser som går i retning av Frps politikk. Så får vi vurdere om dette er godt nok. Det kjem an på resultatet ho presenterer, sa sentralstyremedlem Christian Tybring-Gjedde frå Oslo til NRK i helga.

Bom fast

Men som NRK skreiv i den første saka om at Frp kan kome til å truge med å gå ut av regjeringa, har Siv Jensen mest truleg ingen bompenge-løysing med seg i sekken når ho møter sine eigne onsdag.

NRK får måndag ettermiddag stadfesta av kjelder at dette framleis er status.

I staden vil Jensen ifølgje NRKs opplysningar bruke landsstyremøtet til å skissere ulike moglege strategiar for Frp i bompengesaken, og be om innspel og landsstyret si tilslutning til ein veg å følgje. Partileiaren sjølv vil neppe ta til orde for noko som inneber at Frp går ut av regjering, men skal vere førebudd på at andre i landsstyret vil gjere dette.

Ein mogleg utgang som blir trekt fram av fleire kjelder er at landsstyret instruerer Frps stortingsgruppe til å faktisk fremme Hagen-forslaget som fekk fleirtal på Frp-landsmøtet i mai - om å bruke 100 milliardar av oljefondet på å kutte bompengegjeld - berre for å la det bli stemt ned i Stortinget.

Siv Jensen skal vurdere dette som ei symbolhandling, som vil gje Venstre og KrF «lov» til å kjøre sololøp i seinare saker, og berre bidra til å forsure tilhøva mellom partia i fleirtalsregjeringa.

Difor, trur fleire av NRKs kjelder, at utfallet av landsstyremøtet kan bli at Frp stiller andre - mer realistiske - bompengerelaterte krav til Høgre, KrF og Venstre, men samstundes varslar at dei forlet regjeringa om dei ikkje får gjennomslag.

Både Venstre og Kristeleg Folkeparti sa tidlegare måndag til NRK at dei ikkje har noko som helst å gje Frp i bompengesaka, og at regjeringserklæringa Granavolden-plattformen som vart underskriven av alle fire parti i slutten av januar ligg fast.

Stemmer for milliardar i nye bompengar

Same dag som Frp held landsstyremøte skal partiets stortingsrepresentantar stemme for å krevje inn totalt 10,1 nye milliardar i i bompengar langs norske veger, fordelt på to ulike motorvegprosjekt.

Utbygginga av E6 Ulsberg-Melhus i Trøndelag og E18 Langangen-Dørdal i Telemark vart vedteke med Frps stemmer i transportkomiteen i forrige veke, og skal stadfestast av Stortinget i plenum onsdag.

– Desse to prosjekta Stortinget no skal sluttbehandle er gamle vedtak med bompengeandeler fastsett i Nasjonal Transportplan. Eg skulle sjølvsagt ønskje at dette ikkje vart finansiert ved å hente inn ti nye milliardar i bompengar, men realiteten er at Frp inntil heilt nylig har vore heilt åleine i norsk politikk om å ønskje å gjere noko med bompengane, har samferdelsminister Jon Georg Dale sagt til NRK.

AKTUELT NÅ