Hopp til innhold

– Frustrasjonen har bygt seg opp over så lang tid, at den har nådd brestepunktet

– Om eg skal spå, så trur eg at eit fleirtal går inn for at Frp skal gå ut av regjering. Frustrasjonen er no så stor blant tillitsvalde og veljarane, seier Frank Willy Djuvik.

Frank Willy Djuvik

DILEMMA: Frank Willy Djuvik meiner landsstyret i Frp står ovanfor eit stort dilemma onsdag. – Det eine er å skåne innbyggjarane for bompengar, det andre er å tekkast veljarane våre. Eg er usikker på kva eg hadde røysta, seier han.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

Djuvik er gruppeleiar for Frp på fylkestinget i Sogn og Fjordane, og har tidlegare vore fylkesleiar for partiet. 39-åringen er glad for at han onsdag ikkje sit i landsstyret som skal behandle den mykje omstridde bompengesaka.

Det er eit grasrotoppgjer på gang, både i og rundt partiet.

– Eg åtvara mot det i 2013 då vi vedtok Sundvollen-erklæringa, at dersom vi ikkje fekk større gjennomslag på bompengesaka, så ville den komme tilbake og bite oss i baken på eit seinare tidspunkt. Det skjer no, seier han.

Mellom barken og veden

Fleire Frp-toppar vil ut av regjeringa dersom partiet ikkje får større gjennomslag i det som er ei av fanesakene til partiet. Men regjeringspartnarane vil ikkje komme Frp i møte.

– Bypakkane har vore ein stor suksess. Langt fleire reiser kollektivt og langt fleire syklar, samstundes som vi held nullvekstmålet som også er ein føresetnad for regjeringsplattforma, seier klima og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Djuvik har stor forståing for dei som ynskjer å bryte ut av regjeringa.

– Men eg er delt. På den eine sida handlar det om partiet sitt truverd. Vi set i regjering og bompengane går opp. På den andre sida handlar det om å halde bompengane låge. Går vi ut av regjeringa, så vil dei gå opp. Vi er klemt mellom barken og veden, seier han.

– Løyser ingenting

Britt Dalsbotten

SYMPATI: Britt Dalsbotten i Frp har sympati med dei som er opprørte over byvekstpakkane. – Bilisten skal ikkje vere ei mjølkeku og finansiere sykkelvegar og kollektivtransport som ikkje kjem dei til gode, seier ho.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Debatten har gitt «Folkeaksjonen nei til meir bompengar» (FNB) vind i segla. Fylkestingskandidat for Vestland Frp, Britt Dalsbotten, meiner partiet har løfta fokuset og sett bompengane på dagsorden i langt større grad enn tidlegare.

Ho presiserer at både ho og partiet er i mot bompengar, men at det er kommunestyra som gjer vedtaka.

Dalsbotten trekkjer også fram at partiet har forhandla fram kompromissar som har redusert bompengeforpliktingane med over ti milliardar kroner. Mellom anna er stasjonane på åtte vegprosjekt fjerna, bombrikkerabatten dobla og bompengeselskapa kraftig redusert.

Ho trur ikkje at det vil løyse noko om Frp går ut av regjeringa.

– Vi har fått gjennom mykje på veg med å vere i regjering. Då er det betre å bli sittande og heller svelge nokre kamelar, seier ho og legg til.

– Sjølv om kronebeløpet bilisten betalar har gått opp, har andelen bompengefinansiert veg gått ned. Bilistane får langt meir veg for pengane enn det dei betalar inn i høve til tidlegare, seier Dalsbotten og legg til at løyvingane til veg har gått opp med 75 prosent sidan Frp kom i regjering. Noko som har redusert forfallet på riksvegnettet.

– Blodig urettferdig

Terje Søviknes (FrP)

SKATTESETEL: – På lang sikt meiner vi at vegbygging skal finansierast på lik linje med skular, barnehagar, eldreomsorg, helseinstitusjonar. Nemleg over skattesetelen. Det er mest rettferdig, seier Terje Søviknes.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Fylkesordførarkandidat for Vestland Frp, Terje Søviknes, er glad for bompengeopprøret. Før helga kom det 53 nye bomstasjonar i Oslo og Akershus.

Han vil ikkje spekulere i korleis landsstyret vil ta i mot kravet om å bruke 100 milliardar kroner frå oljefondet for å slette gjeld i bompengeselskap.

– Bompengebelastninga er blitt for stor. Spesielt i byane. Vi opplever at bilistane betalar bompengar for alt anna enn veg. Det går til kollektivsatsing og gang- og sykkelveg, seier Søviknes.

– Det er blodig urettferdig og usosialt. Bompengar tek ikkje omsyn til høg eller låg løn, legg han til.

Handlar om truverd

Frank Willy Djuvik på Sunnfjord hotell

GRENSA ER NÅDD: – Grensa er nådd for lenge sidan når det gjeld bompengar. Eg kjøper ikkje at vi må ha bompengar for å finansiere vegar. Det handlar om politiske prioriteringar, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Når landsstyret handsamar saka på onsdag, meiner Djuvik at bompengesaka set Frp si truverd på spel.

– Vi set i regjering og bompengar går opp. På andre sida handlar det om at vi held bompengane låge. Går vi ut så går bompengane hundre prosent sikkert opp, seier han.

–Det er på eine sida synd for bilistane som må betale meir pengar. Samstundes har partiet moglegheit for å få att truverd på saka, avsluttar Djuvik.