Fersk NRK-måling: Erna Solberg fossar fram - Ap ikkje lenger Norges største parti

Sist Høgre var større enn Arbeiderpartiet i eit stortingsval var i 1924. Ifølgje NRK og Aftenpostens mai-måling hadde det skjedd igjen viss det var val i dag.

0pIiDZPhE2E

SPARKAR FRÅ SEG: Statsminister Erna Solberg (H) testar ut koronavenlege måtar å helse på, saman med skuleborn på Ellingsrudåsen i Oslo. Tanken bak besøket var å markere den gradvise attopninga av skulane.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

Det ville vore historisk sus over det. Sjølv ikkje partiet sin «grand old man», Kåre Willoch (91) var fødd då Høgre sist vart største parti i eit stortingsval. Men det ville ikkje vore nok til å gje Erna Solberg ein tredje periode på rad som statsminister.

For det hjelp lite med 26,5 prosent oppslutnad, når regjeringspartnarane heiter KrF (3,2 %) og Venstre (3,1 %). Tel vi med støttepartiet Frp (10,1 %), som seinast i april truga med å felle regjeringa, får borgarleg side 70 av dei 169 mandata til Stortinget.

Det krevst 85 for fleirtal. Til samanlikning fekk dei fire som har samarbeidd om å styre Norge dei siste sju åra 96 mandat etter valet i 2013 og 88 mandat etter sist val, i 2017.

Partibarometer for mai 2020 samanlikna med april 2020

Periode 27/4–3/5. 957 intervjuer. Feilmarginer fra 1–3,2 pp.
R
3,3 %
−0,4
SV
6,6 %
−0,6
AP
24,7 %
−1,0
SP
15,3 %
+0,0
MDG
5,2 %
+1,5
KRF
3,2 %
+0,4
V
3,1 %
−0,5
H
26,5 %
+1,6
FRP
10,1 %
−1,9
Andre
1,8 %
+0,7
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten.

Førre gong Høgre var størst på dette månadlege partibarometeret var i september 2018. Erna Solberg har denne kommentaren til at det no skjer igjen, midt i korona-krisa:

– Det er hyggeleg med gode tal, men det viktigaste no er å slå ned smitten og sikre at vi har jobbar å gå til etter pandemien. På få veker har vi slått ned viruset og stilt til rådvelde meir enn 200 milliardar kroner for å sikre jobbar. Alle dei politiske partia og partane i arbeidslivet samarbeider godt slik at vi kan få Norge gjennom krisa.

Ap taper - skuldar på «informasjonsmonopol»

Trass i partinamnet og historia søkjer ikkje veljarane til Arbeidarpartiet i ei krisetid der over 400.000 nordmenn står mellombels eller permanent utan arbeid.

24,7 prosent hade tydt det verste stortingsvalet på 96 år - sidan 1924.

Partileiar Jonas Gahr Støre vil ikkje svare på kvifor han trur det er slik, men viser til Bjørnar Skjæran, som i tillegg til Hadia Tajik, er nestleiar i partiet.

– Kor tid skal Ap klare å vekse om de ikkje klarer det midt i ei gigantisk økonomi- og arbeidsløysekrise?

u50QLsIelAQ

OPTIMIST: Aps Bjørnar Skjæren ser ingen grunn til bekymring.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vi har god tid fram mot valet og ser ingen grunn til bekymring. Eg registrerer at i Norge ligg Ap som det leiande opposisjonspartiet stabilt rundt den oppslutnaden vi har, medan parti i same posisjon i andre land har gått mykje tilbake i denne krisa, seier Skjæran.

Ap-nestleiaren deler også sine tankar om kvifor Høgre går fram:

– Det er vel ganske normalt i krisetider og noko vi ser i alle land at veljarane strøymer til det største regjeringspartiet. Her i Norge har dei også rigga seg slik at dei får stå nærast uimotsagt og ha daglege pressekonferansar. Dei har skaffa seg tilnærma eit informasjonsmonopol, men slik er det vel berre i krisetider. Eg synes vi skal vere tålmodige i forhold til dette, og det har også vore viktig for oss å bidra til breiast mogleg samling rundt dei innførte tiltaka.

Veljarane til fem parti føretrekk Solberg

Historisk dårlege Ap-tal til trass - viss partibarometeret for mai var eit valresultat, hadde Jonas Gahr Støre sannsynlegvis blitt statsminister. Dagens raudgrøne opposisjon beståande av Ap, Sp, SV, MDG og Raudt får til saman 99 mandat, som utgjer eit stort fleirtal.

I tillegg til partival, har dei oppringde i målinga også fått svare på kven dei meiner er best skikka til å vere statsminister i Norge:

Totalt svarer 54 prosent at dei føretrekk Erna Solberg, 29 prosent Jonas Gahr Støre og 17 prosent svarer ikkje eller veit ikkje.

Erna Solberg er den føretrekte statsministeren for veljarane til både Høgre, Frp, Venstre, KrF - og kanskje noko overraskande Senterpartiet. 52 prosent av dei som seier dei vil stemme Sp føretrekk Solberg som statsminister. 28 prosent svarer Støre, og 20 prosent svarer ikkje eller veit ikkje.

NRK har spurd Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum om han kan garantere at Sp vil peike på Jonas Gahr Støre som statsminister etter neste val - og ikkje på Erna Solberg eller på Vedum sjølv:

«Trygve Slagsvold Vedum har ingen kommentar til personmålinga», er svaret frå pressesjef Lars Vangen i Sp.

Frp mindre enn då dei forlet regjeringa

Partibarometeret for mai har i det heile små endringar, som alle er innanfor feilmarginane.

Partiet som ifølgje målinga går mest tilbake er likevel Framstegspartiet, som med 10,1 prosent oppslutnad er mindre enn partiet var då dei i januar bestemte seg for å gå ut av regjering (10,3 %).

Sidan regjerings-exiten har Frp ved fleire høve gått fram både på NRK og Aftenpostens partibarometer og på andre målingar. Fleire gonger har Siv Jensen forklart framgangen med at det viser at veljarane likte avgjerda om å gå ut av regjering.

Iz3Ou-06TaY

MOTVIND: Frps toppleiarduo Siv Jensen og Sylvi Listhaug leier eit parti som slit i motbakke etter å ha gått ut av regjering i januar.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

– No vert de målt mindre enn før dokke gjekk ut av regjering. Kva viser så det?

– Vi trudde aldri det var noko enkel løysing å forlate regjeringa. Etter at vi gjekk ut såg vi umiddelbare tilbakemeldingar på at det var ei rett avgjerd, så har det komme ein lang periode der det normale politiske landskapet har vore ute av drift. Vidare erkjenner vi at vi må jobbe hardt framover for å vise kvifor Frp utgjer ein forskjell i norsk politikk, seier Siv Jensen til NRK.

Neste stortingsval er 13. september 2021. Det er 495 dagar unna.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger