Hopp til innhold

«Målingstyranniet» i valkampen skaper bråk

«Målingstyranniet» i valkampinnspurten skaper motbør, men statistikk viser at det er færre meiningsmålingar enn før.

AflKLh9ELtc

SÅ VAR DET VAL IGJEN: Bruken og omfanget av meiningsmålingar skaper strid i valkampinnspurten.

Foto: NTB

Feilaktige og «falske» meiningsmålingar har dei siste vekene vorte trekte tilbake, men ikkje før dei rakk å aktualisere grunnleggjande spørsmål om bruken av meiningsmålingar:

Kor mange målingar treng «vi»? Og kva gjer dei med den politiske samtalen?

I ein kommentar i M24 tek Andreas Halse i Tankesmien Agenda til orde for å tone ned «målingstyranniet», som han hevdar «bombarderer» valkampinnspurten og «reduserer politikken til eit idrettsevenement».

I Dagsnytt Atten høgna han kritikken og karakteriserte slumsete attgivingar av meiningsmålingar som «eit demokratisk problem».

På same tid viser tal frå Pollofpolls at «bombarderinga» er på retur.

I databasen er det registrert eit fallande tal målingar med spørsmål om kommune- eller fylkestingsval i lokalvalår:

  • 2011: 523
  • 2015: 486
  • 2019: 439
  • 2023: 337

Sjølv om vi tek omsyn til at det er færre kommunar og at det framleis står att nokre dagar av valkampen, så ser det ut som at det reelt sett blir færre målingar, seier Lars Øy, som er den eine halvparten av tospannet bak Pollofpolls.

Den andre halvparten er Johan Giertsen:

Målingar driv opp temperatur og engasjement i valkampar, som er bra. Målingar gir også mykje viktig kunnskap om vandringane til veljarane, seier han.

Minner litt for mykje om sportsjournalistikk

Andre statsvitarar og valforskarar NRK har vore i kontakt med er mindre entusiastiske, og viser til at «tilfeldig støy i data» kan før til store overskrifter det ikkje er grunnlag for.

Til liks med Halse tek fleire av dei utgangspunkt i tre tradisjonelle innvendingar mot bruken av meiningsmålingar:

  • Dei byggjer på ein grunnleggjande metafor om at politikken er eit slags hesteveddeløp, og appellerer til den lågaste forma for journalistikk. Symbolisert ved at feilmarginar blir underkommuniserte.
  • Dei formar det same landskapet dei tek mål av seg å observere, og kan påverke veljarar som kan ha eit medvite eller umedvite ønske om å tilhøyre «vinnarlaget».
  • Metodikken er ikkje «nøytral», men byggjar i realiteten på val og skjønnsvurderingar. På toppen har veljarane ein lei tendens til å hugse feil når dei oppgir kva parti dei sist stemde på. Resultatet er at «vektinga» kjem skeivt ut.
Bernt Aardal

I Dagsnytt Atten sist veke uttalte valforskar Bernt Aardal at «det er nok litt for mange målingar».

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Peter Egge Langsæther, som forskar på veljaråtferd ved Institutt for statsvitskap, seier til NRK at han er «samd i delar av kritikken til Halse»:

Det blir tidvis for stort fokus på enkeltmålingar og det minner litt for mykje om sportsjournalistikk, seier han.

Dei kan gjerne kutte litt ned på mengda av saker som berre handlar om enkeltmålingar med små eller inkjesigande endringar frå førre måling.

Han legg til at han «har anekdotisk inntrykk» av at media har vorte flinkare til å presentere feilmarginar og ta atterhald når dei presenterer meiningsmålingar.

Jørgen_Bølstad

Professor i statsvitskap, Jørgen Bølstad har programmert nettsida Estimite, som samlar og analyserer opinionsdata. Målet er å få ein «meir sannferdig tale» om kva veg dei politiske vindane blæs.

Foto: Caroline Utti / Caroline Utti

Omfanget av meiningsmålingar gjer at sakene hamnar i skuggen

I Dagsnytt Atten sist veke uttalte valforskar Bernt Aardal at «det er nok litt for mange målingar».

Han la til at det er «mange feilkjelder sjølv om alt blir gjort etter læreboka» og at media på generelt nivå ikkje er flinke nok til å ta feilmarginane inn over seg.

Det er noko mange forstår, men ikkje tek konsekvensen av. Innanfor feilmarginen, men utanfor fatteevna, for å seie det litt polemisk.

Han la til at han ønskte seg fleire målingar om kva saker folk er opptekne av, og ikkje nødvendigvis kva parti dei lente mot.

Då ville vi fått eit betre grunnlag for å forstå kvifor ting skjer.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Andreas Halse i Tankesmien Agenda argumenterer for å tone ned «målingstyranniet», som han hevdar «bombarderer» valkampinnspurten.

– Ikkje så sikker på betydninga av desse målingane

Eirik Løkke i den liberale tankesmia Civita, peikar på det same:

Det er openbert interessant for offentlegheita å vite korleis valvinden blæs. Men omfanget av meiningsmålingar gjer at sakene og argumenta hamnar i skuggen, til fordel for kva parti som vinn og kva for nokre av dei som taper.

Kommentator i Morgenbladet, Aslak Bonde, har følgt norsk politikk gjennom ein liten mannsalder og har vore ute ei vinternatt før.

Då eg var yngre, var eg oppteken av å kritisere målingstyranniet, seier han til NRK.

Han legg til:

No er eg ikkje så sikker på betydninga av desse målingane lengre. Det er så mange av dei, og vi har hatt dette fenomenet så lenge at eg trur dei aller fleste veljarane veit kva dei måler og kva dei ikkje måler.

Det er ikkje alltid like enkelt å vite korleis dei ulike vala fungerer. Ellen Karin Moen svarer på tinga fleire har spurt om.

Det er ikkje alltid like enkelt å vite korleis dei ulike vala fungerer. Ellen Karin Moen svarer på tinga fleire har spurt om.