Då koronapandemien ramma våren 2020, blei det sett inn ei rekke inngripande tiltak for å avgrense spreiinga av viruset.
Blant tiltaka var at fråværsgrensa i den vidaregåande skulen meir eller mindre forsvann.
Elevane protesterte mot innføringa av grensa i 2016. Og no meiner Elevorganisasjonen at pandemien har vist at ho ikkje tolte pandemien.
– Då må vi stilla oss sjølve spørsmålet: Skal vi ha så skjøre system i skulen, at når det kjem ein pandemi så må vi oppheva dei? Då ville vi sagt nei, seier leiar Edvard Botterli Udnæs i Elevorganisasjonen til NRK.
Vil ha omkamp
Udnæs trur pandemien har vore med å stilne debatten som var rundt fråværsgrensa, men han ser gjerne at det blir ein omkamp etter valet.
– Vi har lyst til at dette skal vere ei ny kampsak i valkampen.
Edvard Botterli Udnæs, leiar for Elevorganisasjonen.
Foto: ElevorganisasjonenHan er klar på kva dei ynskjer skal skje med fråværsgrensa.
– Vi vil at ho blir fjerna frå skulen, og blir erstatta av eit heilskapleg system som kan bidra til å førebygge fråvær, seier Udnæs.
Han meiner dei er på god veg, då Stortinget i juni vedtok at det er fylkeskommunane si plikt å følgja opp fråvær.
– Og vi synest vi heller skal byggja på det vedtaket. Å skapa gode system rundt eleven og rundt læraren til fråværsoppfølging og førebygging, heller enn å straffa elevane, seier han.
Ikkje fleirtal for endring
Men sjølv om det skulle bli regjeringsskifte, er det ikkje sikkert at fråværsgrensa forsvinn. Det er berre Raudt, SV og Venstre som går inn for å fjerne ho.
Ap, Sp, KrF og MDG vil halda på fråværsgrensa, men dei seier dei vil gjere justeringar som skal gjera reglane mindre strenge (sjå eiga faktaboks).
Høgre og Frp seier dei vil halde på dagens grense.
- LES:
Og sjølv om Venstre går til val på å fjerne fråværsgrensa, forsvarar statssekretær Anja Johansen (V) i Kunnskapsdepartementet ordninga.
– Fråværsgrensa er regelfesta i forskrift, ho er ikkje lenger ei prøveordning. Endrings som følgje av pandemien er mellombelse. seier ho til NRK.
Ho viser blant anna til Fafos sluttevaluering av ordninga. Her kom det blant anna fram at fråværet gjekk ned, særleg blant dei som hadde det høgaste fråværet. Og sjølv om ordninga også førte til meirarbeid for skulane, meiner Johansen dette viser at grensa var ein suksess.
– Fråværsgrensa har med andre ord fungert etter hensikta, så det er ikkje aktuelt å fjerne ho.