Hopp til innhold

Domstol set fri spiontiltalte britar

To britar som er tiltalt for å ha spionert for Kina er sette fri mot meldeplikt, melder AFP.

Dei blei gripne same dag som tysk politi arresterte tre tyskarar for å ha gjeve opplysningar om maritim teknologi til Kina.

Fredag avgjorde domstolen at dei to ikkje kunne forlate Storbritannia og heller ikkje ha kontakt med kvarandre.

Britane tiltalt etter den britiske antiterrorlova, og er skulda for å ha gjeve artiklar, notat, dokument og annan informasjon til ein framand stat.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no