Hopp til innhold

Ber nordmenn vere kritiske: – 73.000 nordmenn gav kortnummeret sitt til Facebook

Er det slik at nordmenn reknar med at ei betalingsteneste på Facebook er trygg, så lenge pengane går til eit godt formål? Finans Norge oppmodar til skepsis.

Direktør for forbrukerpolitikk i Finans Norge, Gry Nergård.

Gry Nergård er overraska over kor mange som betalte inn pengar til Leger uten grenser via Facebook, så kort tid etter skandalen rundt Cambridge Analytica.

Foto: Johan B. Sættem / NRK

– Veka før påske gav 73.000 nordmenn kortnummeret sitt Facebook, då dei ville gi eit bidrag til Leger utan grenser. Dette skjedde same veka som det vart kjent at personleg informasjon frå 50 millionar Facebook-brukarar var på avvegar. Dette undrar meg, seier forbrukarpolitisk direktør Gry Nergård i Finans Norge.

Ho viser til at Facebook-skandalen rundt Cambridge Analytics skjedde utan at det var snakk om datainnbrot eller angrep frå hackarar. Innsamlingsaksjonen til Leger uten grenser kom i stand som ei motvekt til den massive blomsterstøtta til Sylvi Listhaug.

Etterlyser skepsis

Nergård meiner det er all grunn til å vere skeptisk til betalingsløysingar på nett. Ho har mistanke om at mange gløymer skepsisen sin mot å leggje igjen kortinformasjonen sin på nettet, når pengane går til eit godt formål.

– Det undra meg at mange av venene mine donerte pengar til denne aksjonen på Facebook, trass i at eg kjenner dei som svært skeptiske til å leggje igjen opplysningar om kredittkorta sine. Og det er nesten utruleg at dei gjorde dette så kort tid etter at Facebook har rota med personlege opplysningar frå 50 millionar brukarar, seier Gry Nergård til NRK.

Opp mot 40.000 nordmenn kan vere ramma av denne skandalen, der Facebook har delt informasjon med det omstridde selskapet Cambridge Analytica .

Nergård konstaterer at nordmenn er veldig digitale når det gjeld betaling. Nesten alle brukar nettbank, også eldre. 80 prosent av alle betalingar i butikk skjer med kort, og over 70 prosent har teke i bruk betalingstenesta Vipps.

Tillit til bankane

Nergård viser til at ei undersøking viste at 77 prosent av dei spurde har tillit til at norske bankar leverer betalingstenester som tek vare på personvernet. Til samanlikning svarar berre 25 prosent at dei har tillit til betalingstenester leverte av amerikanske teknologiselskap som Apple og Facebook.

– Det er mogleg at eg med bakgrunn som forbrukarombod og min noverande jobb i Finans Norge, er ekstra skeptisk. Eg er så skeptisk at eg ikkje var blant dei 73.000 som gav pengar til Leger utan grenser i denne aksjonen. Av same årsak kjem eg heller ikkje til å gi bidrag til andre innsamlingar til gode formål via Facebook, seier Finans Norge-direktøren.

Les heile blogginnlegget her

Facebook sjølv har tidlegare sagt at betalingsløysinga deira er like sikker som ordninga bankane opererer med. NRK har tatt kontakt med Facebook i samband med kritikken i denne saka, men har ikkje fått svar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger