Hopp til innhold

Potetsprit er milliardindustri – potetbonden tener ingen ting

Éin av tre potetar som kjem opp frå bakken, tener ikkje norske potetbønder noko på. Men det vert store milliardar for staten som avgifter på sprit.

Poteter og skitne hender

Kvart år er det 50 millionar kilo potet vi ikkje et, fordi det vert rekna som svinn

Foto: Berit Roald / NTB

Om lag kvar tredje potet er ikkje fin nok til å bli seldt i norske butikkar.

Dei vert til potetmjøl eller sprit.

Første kvartal i år har staten fått inn over 113 millionar kroner i avgifter berre på akevitt.

Men bøndene får ikkje betalt.

Ei solskinshistorie

– Kvart år er det 50 millionar kilo potet vi ikkje et, fordi det vert rekna som svinn. Då tenkjer eg at det anten er dårleg kunnskap hos potetbonden, eller så er det svinn sett i system, seier Mariann Tveter.

Ho jobba 12 år i ICA Noreg med å gjere varene billigast mogleg – til høgast mogleg pris.

Etter kvart spurde ho seg sjølv om denne måten å sjå på råvarer på er berekraftig for AS Noreg.

Difor fann ho fram fjøsstøvlane og har vore fem år i norsk landbruk for å finne ut kva som går føre seg.

Mariann Tveten står bak nettstaden Heimkunnskap.no. No brukar ho den for å dele kunnskap om mat.

Mariann Tveter skriv for nettstaden heimkunnskap.no. Der deler ho kunnskap om mat og landbruk.

1. desember 2020 skreiv Mariann Tveter eit innlegg om potet. Det førte til mykje engasjement i sosiale medium.

«Samstundes som ein liter akevitt kostar 639,90 på polet, er det potetdyrkarane som betaler for råvarene til spriten», skreiv Tveter i innlegget.

Potet er ei solskinshistorie når det gjeld matsvinn. All potet vert brukt. Om dei ikkje vert brukt til matpotet kan dei bli sprit eller i alle fall dyrefôr.

Det er i alle fall historia vi har blitt fortalt.

I NRKs avdekking av «Det skjulte matsvinnet» stod potetbonde Lars Erik Nymoen frå Flisa fram. Han fortalde at han kvart år produserte meir enn naudsynt for å ta høgde for all kastinga. Nokre år har han kasta så mykje som 100.000 kilo.

Potetbonden tener 50 øre per kilo potet som ikkje er fin nok til å verte selt som matpotet.

Men bøndene sjølv må betale for frakta av potetane til pakkeria. Når potetbøndene trekker frå transporten, er det ofte så godt som ingen ting igjen.

30 øre flaska

– No er det 300 typar akevitt på polet, og salet aukar. Då treng vi altså meir potet, seier Tveter

Sal av akevitt har auka med 49 prosent dei første tre månadane i år samanlikna med dei første tre månadane i fjor – altså før korona. I mars åleine vart det selt 65 prosent meir akevitt enn i fjor.

For første kvartal i år fekk staten inn svimlande 113.582.172 kroner i avgift berre for akevitt.

Reknestykket for kva ei flaske akevitt kostar og kva bonden sit att med for å levere råstoffet.

Slik ser reknestykket ut for kva ei flaske akevitt er verdt i butikken og for potetbonden

Foto: Egil Ursin / NRK

Men dei 1.100 potetdyrkarane i Noreg sit igjen med 30 øre for flaska med sprit ifølge Tveten.

– Når bonden leverer 100 tonn potet, er det pakkeriet som bestemmer kva potet som får kome igjennom. Den norske potetbonden opplever at dei får levert mindre og mindre kvart år. Det vert meir og meir svinn.

Bonden får faktisk betalt

Heidi Riise, pressevakt for Landbruks- og matdepartementet, seier at 9–10 prosent av norsk potetproduksjon går gjennom avreinsordninga

– Staten bruker pengar over jordbruksoppgjeret for å sikre at potetar som ikkje har kvalitet til å verte matpotet ikkje blir kasta, men brukt til sprit, stivelse og glukose, skriv ho i ei e-post til NRK.

Ho seier at avreinsordninga skal sikre at bonden faktisk får betalt for potetane som ikkje vert selde i butikk.

– At staten tener pengar på alkoholavgifter ved sal av akevitt, er ei anna skål, seier ho.

Landbruks- og matdepartementet seier at dei førebels ikkje kan kommentere satsane, eller innretninga av ordninga, fordi jordbruksforhandlingane framleis held på.

Landbruks- og matdepartementet har ikkje svara NRK på kvar dei siste 10–20 prosentane av potetene hamner, viss det stemmer at 10 prosent vart avreinspotet til sprit. I følge Tveter får bøndene levert 60–70 prosent av avlinga som matpotet.

– Gratis råvare til milliardkonsern

Tveter meiner poteten som vert brukt til sprit, er eitt av fleire eksempel på utfordringane norske bønder møter i dag.

Ho har snakka med mange fortvila potetbønder, men ingen vil stå fram og fortelje.

– Dei har eittårskontraktar og berre med eit pennestrøk kan grossistane fjerne kontrakten deira. Det er salsleddet som bestemmer om bonden får selt varene sine eller ikkje.

Tveten meiner at bonden ikkje kan produsere råvarer gratis til eit milliardkonsern.

– Vi må betale for råvarene, viss ikkje kjem dei til å forsvinne.

Pressa av internasjonal marknad

Årleg forhandlar Noregs Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag (NBS) for å heve lønna til bonden.

Før årets jordbruksoppgjer var det mange som engasjerte seg i saka, og facebookgruppa #Bondeopprør 21 fekk over 20.000 medlemmer på berre nokre veker.

Lars Petter Bartnes, leiaren for Noregs bondelag, fortel at ordninga med avreins ikkje var med i kravet som dei og NBS vart einige om tysdag førre veke.

– Vi har ikkje gjort noka endring på avreinsen i årets krav frå jordbruket.

I fjor forhandla dei fram ein auke på 10 øre for avreinspoteten.

– Sett frå bonden sin side er det ein alt for låg pris, men femtiøringen er eit bidrag til å få ein høgare pris enn dei elles hadde fått, seier bondelagsleiaren.

Bartnes fortel at produsentane som lager sprit av poteten, vert pressa av den internasjonale marknaden. Ordninga med avreins er der for at produsentane skal velje norsk potet framfor utanlandsk i spriten. Likevel meiner han at staten kan gje bonden meir pengar for poteten på ein elegant måte via avreinsordninga.

– Avreinsordninga bør verte styrka. Bondelaget meiner at det er eit godt tiltak for å sjå poteten som eit heilskapleg produkt i marknaden. Det er svært sannsynleg at vi vil jobbe mot dette i neste års forhandlingar.

Leder i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes

Lars Petter Bartnes, leiaren for Noregs Bondelag er midt i forhandlingane om løna til norske bønder.

Foto: Gorm Kallestad / NTB