Hopp til innhold

Uroa for Coops nye gigantpakkeri: – Set bonden i ein svært vanskeleg situasjon

Coop vil samle pakking og lagring av poteter på eitt stort lager nær Gardermoen. Bondelaga er redd det betyr spikaren i kista for norsk poteter i distrikta.

Potet og korn høstes inn i Levanger

STORBONDE: Grane potet og grønt AS er helgelands største potetprodusent. Sjølv om dei går saman med to andre potetbønder for å byggje pakkeri, vert deira samla produksjon på 650 tonn småtteri å rekne mot produsentane på Austlandet. Dette bildet er frå potetproduksjon i Levanger.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Poteten har redda Noreg gjennom mange kriser.

Gjennom krigar, pestar og epidemiar har poteten stått landet last og brast.

Først og fremst fordi potet kan verte dyrka overalt.

No byggjer Coop nytt pakkeri ved Gardermoen. Bondelaga fryktar det betyr at all potetproduksjon vert flytta til Austlandet.

Fryktar for distrikta

I Noreg har vi tre matvarekjeder. Det er Rema, Coop og Norgesgruppen. Grønsaker og poteter vert levert til disse frå grossistane Bama og Coop.

Coop står både som matvarekjede og grossist. No planlegg Coop å utvide sentrallageret og byggje eige pakkeri nær det.

Lars Petter Bartnes, leiar i Noregs Bondelag, er bekymra for følgjene det vil ha for potetbønder i distrikta.

– Nordnorske og trønderske potetprodusentar vil miste marknadstilgangen og må slutte med potetproduksjon, slår han fast.

Bartnes spår at konkurransen i matmarknaden vil gjere bonden til den svake part.

– Dette er starten på ein trend vi har sett i Europa og USA. Det set bonden i ein svært vanskeleg situasjon. Her vil leiinga i kjeda få all makt.

Lars Petter Bartnes

LEILENING: Lars Petter Bartnes, leiar i Noregs Bondelag, seier Coop set potetbonden i ein vanskeleg situasjon: – Det vi ser her ei heilintegrering bakover til bonde som vil gjere bonden til ein leileinding i bunden i kontrakt med Coop.

Foto: NORGES BONDELAG

Gjennom jordbruksoppgjeret som staten og faglaga forhandlar kvart år, brukar partane store middel for å halde produksjonen spreidd.

– Her ser vi at kjedemakta overstyrer landbrukspolitikken, seier Bondelagsleiaren.

Kan kjedene verkeleg velje seg ein strategi som pressar ut politiske vedtak?

– Kjedene sit på tøffe marknadskrefter sidan det ikkje er sterkare politiske rammeverk for verksemda. Dei har diverre moglegheita til å utvikle internasjonalt inspirerte strategiar i norsk landbruk, seier Bartnes.

Utsett ved hardt vêr

Bartnes meiner Coop sine planar vil vere utfordrande for klima fordi poteten må verte frakta frå distrikta til lageret på Austlandet – og så tilbake til butikkane.

Han fryktar at Coop vel å samle produksjonen nær sentrallageret om det vert for dyrt å frakte potetene til det nye pakkeriet.

En druknet potetåker

SÅRBART: Nordland Bonde- og småbrukarlag seier at potetproduksjonen vert meir sårbar for mellom anna flod når produksjonen vert samla.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Også Bonde- og småbrukarlaga i Nordland og Troms er bekymra for planane til Coop. I ein e-post til NRK skriv dei at færre potetbønder med større produksjon gjer oss meir sårbare for plantesjukdommar, flaum og hendingar vi ikkje lett kan kontrollere.

– Vi jobbar heile tida for å styrke matproduksjon og beredskap. Det hjelper så lite når matvarekjedene kan køyre sitt eige løp i motsett retning, seier Per-Anton Nestan, leiar i Nordland Bonde- og småbrukarlag.

Ute av proporsjonar

Harald Kristiansen, kommunikasjonssjef for Coop, seier at potetpakkeriet og utvidinga av lageret førebels er på eit tidleg stadium. Truleg vil det ikkje skje noka endring før om tidlegast to år.

– Mykje av det som kjem fram er tatt ut av proporsjoner, noko som sjølvsagt er ein fare når vi er så tidleg ute og presenterer våre tankar, skriv kommunikasjonssjefen i ein e-post i NRK.

Harald Kristiansen, Coop Norge

INGEN FØLGER: kommunikasjonssjef for Coop, Harald Kristiansen, seier at det nye pakkeriet ikkje vil få konsekvensar for produsentane.

Foto: John Andreassen

Vidare skriv han at Coop vil satse på ei produktutvikling som kan få norske forbrukarar til å ete meir potet. Dei har allereie bygt eit lokale for å foredle produkt av potet og grønsaker vegg i vegg med sentrallageret deira på Gardermoen. Potetpakkeriet kjem som ei forlenging av dette.

I dag vert potetene som Coop sel pakka i fleire regionar i landet, og Kristiansen stadfestar at det er sannsynleg at Coop vil halde fram med det. Likevel kan mindre varelinjer vere lurt nokon stader, for at ikkje mindre pakkeri må investere i nye pakkemaskiner.

Treng ikkje vere redde

– Kva slags følgjer vil det få for produsentane deira?

– Ingen, utover at vi håpar å kunne selje endå meir potet og utvikle nye produkt som gjer at bøndene kan dyrke meir potet og grønsaker.

Kommunikasjonssjefen avviser at dei skal prioritere bønder i nærleik til pakkeriet, og seier dei vil ha produsentar frå heile landet.

Han meiner heller ikkje miljøbyrda treng å bli større med nytt transportmønster. Det gjer det mogleg å samle fleire varer på same lastebil.

– Det er mange parameter som må bli lagt til grunn når vi skal sette opp eit miljøreknestykke. Ikkje berre transport, men også kvalitet og svinn.

Kristiansen meiner bønder i distrikta ikkje treng vere redde for den endra produksjonsstrukturen. Likevel kan det vere tilfelle kor det er lurast for alle partar å flytte noko produksjon til dei større produsentane.

– Det er viktig å understreke at mykje av det vi la fram i møta, vart presentert som moglegheiter og hypotesar. Det er ikkje noko endeleg.

Nord-Noreg vert sårbar

Christian Anton Smedshaug er førsteamanuensis på NMBU og forskar for AgriAnalyse.

Han forklarar at Coop sine planar er ein indikasjon på at dei ønsker ein mest mogleg effektiv logistikk og minst mogleg mellomfrakt.

Christian Anton Smedshaug

GLOBAL TREND: Christian Anton Smedshaug frå AgriAnalyse forklarar at det er i tidsånda å optimalisere stordrifta og automatiseringas fordeler.

Foto: Mathilde Torsøe/NRK

Distrikta vert spesielt sårbare der det bur færre, og der det ikkje vert dyrka i så stort volum.

– Faren er at ønsket om stordrift forsterkar dei geografiske utfordringane til dømes i Nord-Noreg. Sentraliseringa får negative konsekvensar for dei som bur langt unna sentrallagera, seier Smedshaug.

Kva kan vere positivt med denne måten å forme jordbruket på?

– Du får lågare pris og optimaliserer drifta. Kanskje kan du ta ut femti øre her og ein krone der. Men det finst andre omsyn og kvalitetar ved samfunnet enn lågast mogleg pris heilt isolert. Låg pris som går på kostnad av beredskap, busetning og produksjon i nord er ein for høg pris å betale.