Hopp til innhold

Det mest fotograferte huset i Lofoten får stå: – Burde eigentleg ha knelt for lengst

Toralf-huset i Lofoten på Røst vert ikkje rive. Det er bra for klimaet.

Huset på Røst, Toralfhuset

Huset i Lofoten har i mange år vore overlate til hekkande fuglar, og no er huset i dårleg stand.

Foto: Rita Jakobsen

På Røst står det eit gamalt hus med ei spesiell historie.

Det er Lofotens mest fotograferte hus.

I fjor vart huset selt til eigedomskongen Ola Moe. Sidan har mange engasjert seg i framtida til huset.

– Det har aldri vore nokon konkrete riveplanar, hovudplanen er å restaurere, seier Ola Moe.

Ola Moe

Ola Moe eig fleire eigedommar og hotell i Noreg.

Foto: Guro Vollen

Ola Moe eig fleire eigedommar i Noreg, mellom anna Rondablikk høgfjellshotell i Rondane.

Huset i Lofoten har i mange år vore overlate til hekkande fuglar, og no er huset i dårleg stand.

Delar av ein yttervegg er øydelagt, og det nedste hjørnet mot sørvest har falle ut.

Eigaren har ikkje tatt ein teknisk gjennomgang av huset enno. Likevel vil han ikkje rive det.

– Det har absolutt ein verneverdi. Viss det er mogleg vil vi i utgangspunktet bevare det, seier Moe.

Det er fleire aktuelle kandidatar som vil restaurere huset.

Ein av dei er Fortidsminneforeningen. Dei eig og drifter allereie fleire gamle bygg, mellom anna åtte av stavkyrkjene i Noreg.

Gjenbruk er grønare enn grøne bygg

Riksantikvar Hanna Geiran er òg glad for at huset ikkje vart rive, men ikkje berre fordi det er eit ettertrakta fotomotiv.

Det er òg det beste for miljø og klima.

– Restaurering og gjenbruk av hus har mykje med klima å gjere.

Riksantikvaren har nyleg fått ein rapport av Sintef som stadfestar dette.

Riksantikvar Hanna Geiran.

Riksantikvar Hanna Geiran.

Foto: Øyvind Aase Fluge

Det gjeld spesielt når vi er nøydde til å kutte kraftig i klimagassutsleppa.

– Vi har alle eit ansvar for å få ned klimagassutsleppa. Om ein ser mot klimamåla viser det seg at å bruke bygningar vidare er smartare enn å byggje nytt – sjølv om ein byggjer grønt.

Det er fordi dei nye bygningane kostar så mykje for klimaet i byggjefasen at det tek mellom 10 til 30 år å utlikne det å bruke bygningar som allereie står vidare.

– Det er dei åra vi har på oss til å nå klimamåla.

Riksantikvaren seier at vi har mange bygg som kan verte brukt vidare i Noreg.

Då er det lurt å gjere det.

Kan bli aktuelt med overnatting

– Vi synest det er eit viktig hus. Det er eit viktig kulturminne for Røst, seier kunsthistorikar Mathilde Sprovin i Fortidsminneforeningen.

Ho meiner at Toralf-huset skil seg ut som eit verneverdig kulturminne. Mange tenkjer nemleg på huset delvis som ein ruin.

– På mange vis er det huset som står mot alle odds. Eigentleg burde huset ha knelt for lengst, seier Sprovin.

Huset på Røst, Toralfhuset

I fleire år er det i all hovudsak fuglane som har tatt Toralf-huset i bruk som hekkestad.

Foto: Tove Andreassen

Fortidsminneforeningen er i dialog med eigaren om ei mogleg overtaking, men ingen ting er bestemt enno.

Dei treng også ein god del middel for å berge det.

– Kulturminne vert best tekne vare på når dei er i bruk. Difor må vi sette dei i stand slik at vi kan bruke dei, seier kunsthistorikaren.

Når Fortidsminneforeninga tek over bygningar, er dei opptekne av å finne ein bruk som er i tråd med det bygningen toler. Men dei vil òg gjere det tilgjengeleg for fleire.

Fortidsminneforeningen har fleire hus som dei leigar ut til overnatting.

Det kan verte aktuelt her.

– Det er mange som bryr seg om dette huset. Det er ein identitet for Kårøya, øya der det står, seier Sprovin.

Huset på Røst, Toralfhuset.

Fortidsminneforeininga vil restaurere huset slik at det held på sitt rustikke preg.

Foto: Bjørn Tore Pedersen

Det billigaste er å rive, vil likevel restaurere

Alle kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere noko. Små og enkle tiltak vil ha stor effekt når mage gjer det. Det treng ikkje vere store og kostbare investeringar, seier Geiran.

Riksantikvaren kjenner godt til Toralf-huset og historia det fortel.

Når det gjeld Toralfhuset seier ho at mykje må gjerast, og nye material vil belaste klima i produksjonsfasen.

Men mange hus i Noreg kan ein oppgradere på ein enkel måte med god klimaeffekt.

Enkle tiltak som å etterisolere mot loft eller kjellar gjer mykje. Det er også bra å ta vare på gamle vindauge. Då kan ein sette inn nye vindauge innanfor.

– Ein angrar ofte på bygningar ein har rive, men eg har aldri høyrt at nokon har angra på at dei har sett i stand ein bygning og brukt han vidare.

Huseigaren Ola moe meiner det utan tvil er dyrare å restaurere Toralf-huset enn å rive det uansett korleis ein vrir og vender på det.

– Det billigaste er å rive det uansett slik det står no, seier Moe.

Likevel vil han restaurere. Han meiner verneverdien er for stor til å rive det.

Dei unge ser verdien

Rådhuset i Bergen

Rådhuset i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Bergen rådhus, som vart bygd i naturbetong i 1974, er førebels det nyaste eksempelet på at restaurering både er meir lønnsamt og meir klimavennleg enn å byggje nytt.

Men det har også kostet meir enn planlagt.

I ein samfunnsøkonomisk analyse kjem det fram at ved rehabilitering av rådhuset vert utsleppet om lag det halve av å byggje nytt.

Riksantikvaren trur at den yngre generasjonen ønsker å bidratt til å løyse dei store klimaspørsmåla, men at dei òg ser dei historiske verdiane til gamle hus.

Det gjeld også i private hus.

– Dei bygningane som allereie eksisterer har tatt klimagassrekninga. Ved å oppgradere dei og bruke dei vidare vil ein minimere klimagassutsleppa, seier Geiran.

På Røst står Lofotens mest fotograferte hus. Det tilhørte Toralf Mikalsen "fuglemannen". Dette er historien om han og huset.

Dette er historien om «fuglemannen »Toralf Mikalsen og huset på Røst.