Hopp til innhold

Får ikkje selt hytta etter lovendring: – Skulle ønske eg la ho ut tidlegare

Ragnar Lie slit med å få selt hytta i Hurdal etter lovendring. Kjøparane kvir seg for den store dokumentbunken med «feil og manglar».

Hytte til Ragnar Lie i Hurdal

Det har blitt dyrare og vanskelegare å selje hytte etter ny lovendring, hevdar hytteeigar.

Foto: Bjørn Sørheim / Inviso

Onsdag skreiv NRK om Norsk Hyttelag som fryktar det vert fleire rettssaker med endringa av avhendingsloven.

No kan du ikkje lenger selje hytta «som ho er».

Det gjer at hytteeigarar må samle mykje meir dokumentasjon og ein grundigare tilstandsrapport må ligge til grunn før dei kan selje.

Lovendringa vart sett i verk frå 1. januar 2022, men allereie opplever hytteeigarar at kjøparar kvir seg for å kjøpe hytte når det er større dokumentbunkar som viser «feil og manglar».

– Skulle ønskt eg selde hytta tidlegare

Hytteeigar Ragnar Lie la ut hytta si i Hurdal for sal rett før jul. Då valte han å ta tilstandsrapport etter dei nye reglene. Det har gjort at fleire moglege kjøparar har trekt seg.

Tilstandsrapporten viste nemleg mange feil og manglar som aldri hadde vore noko problem for Lie.

Eg skulle ønskt eg la han ut for sal tidlegare. Men det er ikkje noko å gjere med no. No er det andre tider.

Ragnar Lie, hytteeigar

Hytta til Lie er 50 år gamal. Tilstandsrapporten peikte mellom anna på ei skeivheit i golvet som truleg var der lenge før han kjøpte hytta. Lie har aldri merkt noko til det, men tilstandsrapporten peiker på dette som ein alvorleg mangel.

– Det verkar overdrive. Særleg for ein hytte som kostar 1,3 millionar kronar. Då kan eg nesten la vere å selje.

Ragnar Lie er hytteeigar i Hurdal. Han har problemer med å få selt hytta med lovendringa.

Ragnar Lie er hytteeigar i Hurdal. Han har problem med å få selt hytta med endringa i avhendingslova.

Foto: Privat

Lie betalte 15.000 kroner for tilstandsrapporten. I tillegg har han trekt frå 200.000 på taksten. Det er fordi han reknar med at rapporten vil trekke ned verdien til hytta.

No er han redd dei godt dokumenterte feila vil skremme vekk endå fleire kjøparar.

– Eg opplever at det er stor skepsis no, men det kan vere at problemet er mellombels. På eit tidspunkt kjem alle rapportar til å vere like grundige som min, seier hytteeigaren.

NRK forklarer

Kva er nytt i avhendingslova frå 2021?

Kva er nytt i avhendingslova frå 2021?

Kva er endringane i Avhendingslova?

Frå 1. januar 2022 vert reglene i avhendingslova om kjøp og sal av brukt bustad endra. Seljar kan ikkje lenger ta generelle atterhald om tilstanden ved sal til forbrukarkjøparar. Bustader og fritidsbustader kan ikkje seljast «som den er» til forbrukarar.

Seljar må opplyse om alle kjende forhold ved bustaden, og opplysningane skal vere korrekte. I tillegg bør seljar hente inn ein ny type tilstandsrapport som vil gje kjøpar meir og betre opplysningar om bustaden.

Kva er nytt i avhendingslova frå 2021?

Kvifor vert lova endra?

Endringane i avhendingslova og den nye forskrifta skal saman stimulere til at meir og betre informasjon ligg føre om bustadene før sal. Jo meir som er avklara om tilstanden i førekant, desto mindre rom blir det for å bli skuffa og med det mindre konfliktar seinare.

Det er i både seljar og kjøpar si interesse at bustadhandelen er så trygg som mogeleg. Kjøpar må få vite kva han kjøper, og seljar må kunne leggje salet bak seg utan stor risiko for krav i etterkant.

Kva er nytt i avhendingslova frå 2021?

Vil det seie at ein må opplyse om alt sidan hytta vart bygd?

Om det har vore utført reparasjonar, vedlikehald, installasjonar, ombygging eller liknande i bustaden dei siste fem åra, og arbeidet er utført av kvalifiserte handverkarar, skal den bygningssakkyndige be eigaren dokumentere bruken av kvalifiserte handverkarar. Som dokumentasjon reknar ein mellom anna skriftleg stadfesting fra den eller dei handverkarane som blei brukt.

Kilde: Forskriften § 2-19.Dokumentasjon på håndverkertjenester i Avhendingslova

Kva er nytt i avhendingslova frå 2021?

Men kva med det eg har gjort sjølv?

Når det gjelder privat utført arbeid eller eldre handverkstenestar som ein ikkje lenger har dokumentasjon på, er det ingen dokumentasjonskrav.

Kva er nytt i avhendingslova frå 2021?

Kva betyr taket på 10.000?

Kjøparen må sjølv dekke tap og kostnadar ved manglar opp til eit beløp på 10 000 kroner om ikkje anna er sagt i lova. Dette gjeld likevel ikkje avtalar der ein bygning er seld som ny.

Eigedomen har ein mangel dersom han ikkje er i samsvar med det kjøparen kunne forvente ut frå mellom anna eigedomens type, alder og synlege tilstand.

Kilde: Avhendingsloven § 3-1.Innleiande føresegn om manglar i Avhendingslova og § 3-2. Generelle krav til tilstanden

Kva er nytt i avhendingslova frå 2021?

Vil det seie at kjøpar alltid har krav på erstatning ved feil over 10.000 kr?

Å kjøpe ein brukt bustad er ikkje det same som å kjøpe ein ny bustad. Difor har Stortinget lovfesta det såkalla «abstrakte mangelsbegrepet». Det betyr at når du kjøper ein eldre eigedom, kan det være avvik som ikkje er beskrive, men som du likevel ikkje kan klage på til seljar. Når du kjøper ein gamel hytte må du forvente at den er slitt og har nokon feil og som ikkje alltid kan bli dokumentert i ein tilstandsrapport utan «å rive hytta».

Nores Eiendomsmeglerforbund har samla viktig informasjon om lovendringa i eit hefte, om du vil lese meir.

Ser kjøparar flykte frå dokumentbunkane

Advokat og eigedomsmeklar Arne Talsnes fortel at han har opplevd at kjøparar trekkjer seg når dei frå sjå dei store bunkane med feil og manglar som lovendringa krev.

Advokat og eigedomsmeklar Arne Talsnes.
– Det kan sjå slik ut, men det blir førebels berre synsing. Eg vil tru det tar litt tid før bustadkjøparar bli vann med å sjå den fulle og hele sanninga i bustadpapir.

For alle bustader har manglar. Og det ser gjerne verre ut på papiret enn det eigentleg er ifølge eigedomsmeklaren.

Men på eit tidspunkt reknar han med at bustadkjøparane vil venne seg til dei store dokumentbunkane.

Norsk Hyttelag AS har tidlegare fortalt NRK at dei forventar at lovendringa vil føre til fleire rettssaker. Før ein har funne ut kvar ansvaret for uventa feil ligg, må nokon vere prøvekanin i retten. Det er eigedomsmeklar Talsnes samd i.

I tillegg trur han lovendringa gjere det dyrare å selje hytta. Dei lovpålagde kostnadane vert høgare. Då kan det vere at hyttene også blir dyrare.

– Det kostar mykje å hente inn informasjon. Men det blir tryggare å vere bustadkjøpar. Det er den vurderinga lovgivinga har gitt.

DNB Eiendom: – Ikkje sett den store verknaden

Fagansvarleg på fritidseigedom i DNB Eiendom i Lillehammer, Elin Merete Tofthagen, har derimot ikkje sett den store kjøparflukta.

Elin Merete Tofthagen, fagansvarlig for Fritid Lillehammer i DNB Eiendom.
– Vi har ikkje sett den store verknaden. Det er meir dokumentasjon å setje seg inn i, men dei som ikkje gjorde undersøkingar i 2021 vil heller ikkje gjere det i 2022, spår ho.

DNB Eiendom har brukt dei nye tilstandsrapportane sidan oktober, og Tofthagen seier det ikkje har verka inn på kjøparinteressa.

– Vi har ikkje opplevd at kjøparane rømmer frå dokumentbunkane.

Tofthagen avviser òg at lovendringa vil gjere stor inngriping i hytteprisane.

– Dei nye tilstandsrapportane er kanskje fire-fem tusen kronar dyrare, men forsikringane har blitt litt dyrare. Likevel er det ein marginal auke med tanke på salsprisane i hyttemarknaden, seier Tofthagen.

Hytta til Ragnar Lie i Hurdal

Ragnar Lie i Hurdal vurderer no å la vere å selje hytta si. Det er fordi hyttesal har blitt både dyrt og vanskeleg.

Foto: BJØRN SØRHEIM / Inviso

Ho trur lovendringa er til det betre. Sjølv om det kan gjere til at seljar får lågare pris enn han hadde rekna med, når det blir avdekka feil og manglar ved hytta.

– Eg trur ikkje det skremmer kjøparane, men på kort sikt kan det kanskje skape litt problem for seljar, seier eigedomsmeklaren som peiker på at med bustadforsikring kan hytteeigarar likevel gå ut av eit trygt bustadsal.

– Risikoen blir større for seljar

Om Ragnar Lie i Hurdal skulle ha gjort salsprosessen på nytt ville han tatt ein gjennomgang og fått retta opp dei verste feila før han bestilte takstrapport.

Hytte til Ragnar Lie i Hurdal

– Risikoen blir større for seljaren. Mest sannsynleg vil kjøparane venne seg til dei nye rapportane, men i ein overgangsfase kjennest dette veldig vanskeleg, seier Lie.

Foto: BJØRN SØRHEIM / inviso

På søndag skal han ha visning. Då får han sjå om det kjem nokon som er interessert i hytta.

– Eg har jo glede av hytta. Kjem det ikkje folk, får eg berre behalde ho.

Har du tips?

Har du tips til andre saker eg burde så nærmare på? Tidlegare har eg skrive saker om mellom anna Dayo som blei kasta ut om han ikkje fekk rett jobbmysteriet om den forsvunnede sjøkabelen og sjøfugl som forsvinner fra Lofotenl