Hopp til innhold

Norske garn er ikkje av norsk ull: – Som å ete fisk frå Kina når ein bur i Lofoten

Norske bønder fortviler over at vi importerer ull når vi har flust av sau. Men no kan det sjå ut til at trenden er i ferd med å snu. Folk vil ha norsk ull.

Sau på Lofoten Wool

Norske sauebønder går i null når dei klipper sauene sine, sjølv om stadig fleire vil ha norsk ull.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Om lag 60 nakne sauer spring mellom fjell og dal ved Stamsund i Lofoten.

Dei har brote seg ut av innhegninga.

– Har dei kome seg så langt, sukker sauebonde Ragnhild Lie.

Haust er tid for sanking – også av dyr.

Og det er tid for å sette seg til rette med strikkepinnar og nøste.

Likevel er ein stor del av garnet vi bruker ikkje i det heile frå norske sauer.

Importere det vi har sjølv

– Eg tenkjer det er like ko-ko å bruke strikkegarn frå New Zealand, Australia og Sør-Amerika i Noreg som det er å ete fisk frå Kina når ein bur i Lofoten.

Ragnhild Lie og gamal norsk spelsau på Lofoten Wool

Sauebonde Ragnhild Lie er blandt bøndene som fortset å satse på norsk ull. Sjølv om ho ikkje får tilskot for villsauen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ragnhild Lie huker seg ned blant søyene og legg til:

– Kvifor importere det vi har mykje av sjølv?

Sauene til Lie er av rasen populært kalla villsau.

Norske sauebønder fortviler over at norsk ull ikkje er verdt noko. Men norsk ull har vore meir populært.

Norske sauebønder fortviler over at norsk ull ikkje er verdt noko. Men norsk ull har vore meir populært.

NRK har tidlegare skrive om sauebønder med denne rasen som ikkje får selt saueulla. Difor brenn dei ulla eller grev ho ned.

Men det gjer ikkje Lie. Ho har ho starta sin eigen garnforretning der ho sel eigen ull og eiget ullstoff.

– Vi har i mange år sett ein trend med merinoull og anna mjuk ull. Folk har trudd at norsk ull stikker, men når folk får kjenne på ulla vil sel, vert dei overraska over kor mjuk og lett ho er.

Ragnhild Lie og sau frå gamalnorsk sau på Lofoten Wool

Ragnhild Lie får saueulla i retur. Av den lagar ho sjølv garnnøster, og strikker plagg som ho sel i butikken sin.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Fleire vil ha norsk ull

Men Terje Hovland, produktansvarleg i Sandnes Garn sier at utfordringa med norsk ull er at ho klør.

Difor er berre 17 prosent av garnet Sandnes Garn produserer av norsk ull. Resten av garnet produserer dei av importert ull.

Men no ser dei at interessa for norsk ull er aukande.

Sidan i fjor har dei selt dobbelt så mykje kjemma norsk ull.

– Er det norsk ull kunden vil ha, produserer vi meir av det, seier den Hovland.

Nøster frå gamalnorsk spælsau på Lofoten Wool

Ragnhild Lie får ulla til sine nøster vaska og spunne i Noreg. For ho er det viktig å ikkje sende ulla ut av landet.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Også den andre store ullprodusenten i Noreg, Rauma Garn, fortel også at folk vil ha norsk ull.

Til no er halvparten av ulla deira norskprodusert. Resten er hovudsakeleg frå Australia.

– Vi har auka produksjonen med norsk ull dei seinare år, seier dagleg leiar i Ramua Ullvarefabrikk, Arnstein Digernes.

Votter med garn frå gamalnorsk spelsau

Lofoten Wool strikker votter, kofter og gensere av garnet frå norsk sau. Men dei lagar óg ullundertøy av den norske ulla.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Vaska i England

Halvparten av ulla til Noregs største produsent for ull til bunadar og møbelstoff, Gudbrandsdalen Ullvarefabrikk, er også utanlandsk.

Men for berre seks år sidan var all ulla deira frå New Zealand.

– No ønsker vi å bruke så mykje norsk ull som mogleg. Det handlar om berekraft og kortreiste produkt, seier Jan Skrefsrud frå Gudbrandsdalen ullvare.

Men ulla frå dei fleste store ullprodusentane vert vaska i England.

Strikker med garn frå gamalnorsk spelsau på Lofoten Wool

Norske garnprodusentar meiner norsk ull eignar seg dårleg for strikkegarn. Det er Lie i Lofoten usamd i.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Og sjølv om vi har auka delen norsk saueull i ullproduksjon, eksporterer vi tre fjerdedelar av ulla frå norske sauer.

Og kvar blir ulla av? Du kan finne ho igjen mellom anna i engelske vegg-til-vegg-teppe.

– Koster meir å få klipt enn verdien av ulla

Men kvifor er det ingen som satsar på norsk ull?

I følge Marion Tviland leder av ullavdelingen på Norilia, skuldast det at prisen på norsk ull har vore historisk låg sidan 2019.

Samstundes har tilskotet for ull til norske produsentar stått stille.

Difor tener ullprodusentar mindre på ulla si no enn før.

– Det har vore ein nedgang på prisen bøndene sit igjen med for ulla, seier Tviland.

Nøster frå gamalnorsk spelsau på Lofoten Wool

Lie i Lofoten er opptatt av lokale produkt og fargar dei gule nøstene med Reinfann lokalbefolkninga gir ho i gåve til bursdagen sin.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ingeborg Seip i Landbruksdirektoratet seier grunnen til at norsk ull er mindre verdt handlar om den internasjonale marknaden.

Ullproduksjon har til dømes vorte stort i Kina. Det går ut over den norske marknaden.

– Det er ikkje så lett å berre auke lønsemda når verdsmarknaden er som han er i dag, seier Seip.

Indeks for pris på britisk ull det siste året.

Grafen viser korleis prisen på britisk ull har falle det siste året.

Foto: britishwool.org

Ho legg til at i Noreg har vi sau for kjøtet – ikkje for ulla sin del.

– Tilskotet kan verte auka, men då må forhandlingspartnarane i landbruket verte einige om at dei vil satse på det, seier Seip.

Verst har det gått ut over ullprodusentar av villsau, slik som ullprodusenten Lie i Lofoten.

Dei mista nemleg tilskotet for ulla si i 2015.

– Ulla frå villsau kostar meir å få klipt enn ein får inntekter på ulla, seier Tviland frå Norilia.

Ragnhild Lie med garnnøster frå gamalnorsk spelsau

Sauebonde Ragnhild Lie i Lofoten har trua på at strikkeglade nordmenn får auga opp for norsk ull. Ho trur dei vil ha historie og identitet i ullgenseren sin.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Kjerringa med straumen

Tilbake i Lofoten stryk sauebonde Ragnhild Lie over dei nyklipte villsauene sine.

– Eg er kjerringa med den nye straumen. Eg er ikkje åleine med å produsere meir norsk ull.

Det trur ho kjem av at norske strikkarar har funne tilbake til den norske ulla.

Ragnhild Lie med sin gamalnorsk sau frå Lofoten Wool

Sauebonde Ragnhild Lie i Lofoten meiner ull av norsk sau er mykje meir brukbar enn norske garnprodusentar skal ha det til.

Foto: Sofie Rettersøl Olaisen / NRK

– Folk vil ha ekte vare. Det ligg i tida at det er behov for å få historie og identitet bak varene, seier ho og legg til.

– Eg trur at viss vi fortel kor god ulla faktisk er, vil fleire sjå moglegheitene som ligg i det.