Hopp til innhold

Nordlendingen Skjæran blir slakta av sine eigne i fersk måling

Nesten 50 prosent av dei spurte meiner nestleiar i Arbeidarpartiet, Bjørnar Skjæran, gjer ein dårleg eller svært dårleg jobb.

Bjørnar Skjæran

DÅRLEG JOBB: 48 prosent av dei spurte seier dei meiner Bjørnar Skjæran gjer ein dårleg jobb som nestleiar for Arbeidarpartiet.

Foto: Rebekka Ellingsen / NRK

I mars trekte Hadia Tajik seg som nestleiar i Arbeidarpartiet etter pendlarbustad-skandalen.

Då måtte Bjørnar Skjæran fylle nestleiarskoa åleine, etter å ha delt stillinga med Tajik sidan 2019.

Bjørnar Skjæran skulle bli ei sterk og klar stemme frå nord. Men det har blitt mest innestemme, skal vi tru ein fersk meiningsmåling gjort på vegner av NRK.

Nesten halvparten av dei spurte meiner nemleg at Skjæran gjer ein dårleg, eller svært dårleg jobb.

Skjæran: – Tek veljarane på alvor

Analysebyrået InFact har spurt 1.016 nordlendingar på vegner av NRK Nordland om kor godt dei synest Bjørnar Skjæran gjer jobben som nestleiar for Arbeidarpartiet.

Skjæran har fått kritikk om å berre bry seg om Nordland, men heller ikkje folk i Nordland ser ut til å vere imponerte.

Bjørnar Skjæran skriv svar i ein e-post til NRK Nordland:

At folk i Nordland har store forventningar både til meg og Regjeringa, skulle berre mangle.

Skjæran seier han tar tilbakemeldinga frå veljarane på alvor. Likevel har han tru på Arbeidarpartiet sitt prosjekt.

Han meiner dei allereie ser teikn på at grepa dei har gjort har begynt å virke, men at det er langt ifrå mål.

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) legger frem statsbudsjettet for Nordland i Bodø.

Bjørnar Skjæran, nestleiar i Arbeidarpartiet, seier til NRK at dei ha valt å innføre grunnrenteskatt på havbruk for at dei som har mest også må bidra meir til det store fellesskapet.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

– Arbeidarpartiet er ikkje der vi ønsker å vere på målingane, skriv Skjæran.

– Vår viktigaste oppgåve er å ta landet trygt gjennom dei krevjande tindane og sørge for at vi skjermar vanlege folk og deira lommebok så godt som mogleg.

Les også Marte (25) er «business trainee» på øy med 520 innbyggere

Marthe Solheim Fossen

– Naturleg at misnøya rettar seg mot leiinga

Mona Nilsen, leiar for Nordland Ap, er ikkje så overraska over dei nedslåande tala på Skjæran sin jobb som nestleiar.

– Dette heng nok saman med at Arbeidarpartiet no gjer det svært dårleg og ligg veldig lågt på nasjonale meiningsmålingar, seier ho.

– Det er naturleg at misnøya då også rettar seg mot leiinga i partiet.

Mona Nilsen, leder av Nordland Arbeiderparti.

– Vi skal hugse at vi hadde ein situasjon i 2016 der Høgre låg lågt på meiningsmålingane og Arbeidarpartiet høgt, utan at vi hadde gjort så mykje for det, seier Mona Nilsen, leiar av Nordland Arbeidarparti.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Leiaren for Nordland Ap seier dei får mykje positiv tilbakemelding om Skjæran.

– Folk seier Bjørnar er ein open og lyttande nestleiar når han reiser rundt i heile landet. Han er opptatt av å sjå både medlemmane og veljarane, meiner Nilsen.

Men ho trur mykje av jobben blir overskygga av saker om rente, prisstigning og straumprisar.

– Krisepolitikken har nok overskygga mange av dei gode sakene vi gjekk til val på.

Torsk i kar.

I tillegg til å vere nestleiar i Arbeidarpartiet er Bjørnar Skjæran Fiskeri- og havminister. I Haust har han difor vore mykje i vinden i saker om grunnrenteskatt for fiskerinæringa.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

– Trur de ikkje veljarane er klar over at det er harde tider, og berre meiner at det blir gjort feil prioriteringar?

– I utgangspunktet vil det vere naturleg å tenke. Samtidig ser vi at Høgre fossar fram på meiningsmålingar. Høgre har heller ikkje svar på desse problema i deira alternative statsbudsjett, meiner Nilsen.

– Eg trur ikkje vi får fram godt nok det som kan dempe kostnadsveksten for folk.

Nilsen seier at Arbeidarpartiet i Nordland merker at dei har ein nordlending i sentral posisjon i partiet, sjølv om kanskje ikkje alle andre nordlendingar merker det.

– Eg meiner vi gjer det, men det kan vere at vi ikkje får godt nok fram kva det har å seie i bodskapa våre. Politiske prosessar tar tid.

Les også Mener grunnrenteskatt kan redde fiskerinæringen

Sander Elias Norø på Træna

– Markerer ikkje Nordland nok

Stein Sneve, politisk kommentator i Avisa Nordland, trur mange opplever Skjæran som ein skuffelse, fordi han ikkje representerer Nordland nok.

– Det har nok med forventning å gjere. Ein reknar med at ein nestleiar i landets største parti skal gjere meir for Nordland enn det Bjørnar Skjæran har fått til.

Likevel peiker han på at Skjæran var sentral i å få på plass Ny by ny flyplass-prosjektet i Bodø. Men det trur han berre hjelper på veljartal i den største byen i Nordland.

Stein Sneve, politisk kommentator i Avisa Nordland

– Ein opplever nok Skjæran som ein skuffelse fordi ein ikkje føler at han markerer Nordland nok, seier Stein Sneve, politisk kommentator i Avisa Nordland.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Skjæran står fram ikkje som ein nordlandspolitikar. Han står fram som ein rikspolitikar, seier Sneve.

– Har nordlendingane for store forventingar til Skjæran?

– Det trur eg ein har, men ein har også kanskje vore litt bortskjemt frå tidlegare, meiner den politiske kommentatoren.

Les også Vil erstatte ordet «høsting» – lanserer konkurranse

Bjørnar Skjæran, Ap-nestleder, nestleder i Arbeiderpartiet.

Nord-Noreg har nemleg hatt ein rekke markante politikarar tidlegare, som til dømes Karl Eirik Schjøtt-Pedersen frå Finnmark.

– Men det er nokre år tilbake i tida, og politikarar blir stadig likare. Det er vanskelegare no å vere den klare stemma for ein region. Som nestleiar skal du representere heile landet.

Sneve trur derimot ikkje det har vore ein ulempe for nestleiaren å fylle både rolla som fiskeri- og havminister og nestleiar på same tid.

– Eg trur det er ein fordel at han har begge rollene, seier Sneve.

Les også Skjæran med skattelovnad: – Vertskommunene skal komme bedre ut

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) under Husøydagan på Husøya i Troms.

Les også Kritisk til å fiske pukkellaks i sjø: – Vil bli den nye kongekrabba

Pukkellaks i Storelva august 2021