Hopp til innhold

Kritisk til å fiske pukkellaks i sjø: – Vil bli den nye kongekrabba

Regjeringa vil fiske pukkellaksen i havet for å unngå ein ny invasjon. Men elveeigarar fryktar fisket blir så lukrativt, at laksen blir verande i norske farvatn.

Pukkellaks i Storelva august 2021

INVASJON: Regjeringa vil gjere fiske av pukkellaks kommersielt for å hindre ein større invasjon av laksen i 2023 enn i 2021. Foreininga Norske lakseelver meiner det er ein dårleg idé.

Foto: Nils John Porsanger

– Det er kroken på døra for den atlantiske villaksen i Noreg.

Det seier foreininga Norske lakseelver om regjeringas forslag om å kommersialisere fisket av pukkellaks for å bli kvitt fisken.

Dei meiner ein kan samanlikne pukkellaks med ein annan innvandra art frå Russland; kongekrabba.

Kongekrabba var nemleg på svartelista.

Først blei han regulert. Så blei det kvote på fiske av krabba.

No er han blitt millionindustri.

– Elvene vil bli ørken

Norske lakseelver representerar 115 norske lakseelver og er en demokratisk organisasjon.

Pål Mugaas, leiar for organisasjonen, seier at ein visste at det kom til å bli ein økologisk katastrofe då kongekrabba kom til Noreg.

Likevel opna ein for kommersiell fangst.

– No er store område på havbotnen ein ørken. Det same kjem pukkellaksen til å gjere. Berre at det blir i elvene våre. Pukkellaksen vil bli den nye kongekrabba.

Spøkelsesgarn med kongekrabbe i Bugøynes

Kongekrabba kjem originalt frå Stillehavet, men blei sett ut i Murmanskfjorden på Kolahalvøya på 1960-talet av russiske forskarar for å bygge opp ein ny næring i området.

Foto: Kristin Humstad / NRK

Det er ingen som er ueinige i at pukkellaksen må vekk.

Spørsmålet er berre kvar ein skal ta han. Mugaas meiner ikkje det bør vere i havet.

Kvifor?

Fordi han meiner det er farleg å opne for ei næring basert på den svartelista fisken.

Pål Mugaas

Pål Mugaas seier at det i 2022 berre blei fanga i underkant av 100.000 villaks i norske elver. Mange av dei blei sat tilbake. For 30 år sidan kom dobbelt så mange fisk tilbake frå havet til elvene.

Foto: Unni Nordhammer

– I det augeblikket ein opnar for kommersialisering får nokon ein eigeninteresse av at det framleis kjem mykje pukkellaks tilbake til kysten annakvart år.

Han peiker på at viss ein skal bygge opp ein kommersialisering av pukkellaksen er ein avhengig av at han kjem for å yte i elvene i Noreg.

Uttak av pukkellaks i Vestre Jakobselv

Dette har regjeringa løyva for å stanse spreiing av Pukkellaks

Det er løyvde 25,3 millionar i 2023. Dette er ein auke frå 2022, då det blei løyvde 15 millionar.

Pengane skal i all hovudsak bli brukt til å gjennomføre dei mest effektive utfiskingstiltaka. Innsats i dei hardast ramma områda blir prioritert.

Innkjøp av fiskefeller og løn til bemanning av fellane er dei to største utgiftspostane.

PUKKELLAKSMINISTER240822SA

Skal sjå på konsekvensane for sjøfiske

Miljødirektoratet har bestilt ein rapport frå Vitenskvitskapeleg råd for lakseforvaltning.

Rapporten skal gi grunnlag for å vurdere kva som blir konsekvensane for bestandbestandanesefisk dersom dei gjer endringar i regelverket for å auke fangsten av pukkellaks i sjø.

Siktar på utryddingsfiske

Men fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran meiner det er rett å nytte pukkellaksen til mat, i ei verd som treng meir sjømat.

– Før pukkellaksen gyter er han god mat, seier Skjæran.

Pukkellaks i ferd med å dø

Pukkellaksen rotnar etter gyting og døyr i elva. Det gir ein unaturleg stor næringstilføring til elva og vatnet i elva kan difor bli forureina.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Likevel peiker han på at dette er del av forvaltninga som skal sikre at pukkellaksen ikkje etablerer seg.

– Det er utryddingsfiske vi tar sikte på. Dette er ein art som vi ikkje ønsker skal etablere seg og gjere ein trussel i Noreg.

Bjørnar Skjæran-Havoppdrett-Trænabanken

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran seier dei siktar på eit utryddingsfiske sjølv om han vil kommersialisere fisket etter pukkellaks.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Mugaas i Norske lakseelver er ikkje ueinig i at pukkellaks er ein god matfisk.

Men det synest han ikkje er god nok grunn for ein slik endring i politikken.

– Då kjem pukkellaksen til å overta, og då mister vi kontrollen på overvinningsstrategien som tillegg Klima- og miljødepartementet.

Difor meiner han det beste er å satse på fellefangst i nærleiken til elvemunningane.

Les også Slik vil politikarane kvitte seg med den hata pukkellaksen

Pukkellaks i Lofoten

– Som å tru på julenissen

Men det er ikkje alle organisasjonar som jobbar for dei norske elvene som er ueinige i at pukkellaksen bør bli fiska i sjøen.

– Det synest vi absolutt er ein god idé.

Det seier Atle Frøysland, dagleg leiar for stiftinga Anadrom, ei stifting for å gi råd til elveeigarar.

Atle Frøysland

Atle Frøysland, dagleg leiar i Anadrom, seier at dei er villige til å bidra økonomisk for å ta pukkellaksen allereie i havet.

Foto: Anadrom

– Eg vil sjå på dei faktiske realitetane. Det er umogleg å stoppe pukkellaksen i 270 Nordland vassdrag. Det er ein måte å gjere det på; å ta han i havet.

I Noreg er det snakk om 1.275 vassdrag med vill laksefisk.

Fleire norske elver har blitt videoovervaka og Anadorm jobbar med å sette ut anlegg i elvar som sorterar ut pukkellaksen automatisk.

Men det vil ta nokre år før dette er på plass i alle norske elvar.

Fiskefelle i i Roksdalsvassdraget på Andøya

I Roksdalsvassdraget på Andøya har Anadrom sett ut ein fiskefelle med videoovervaking. Difor veit dei at det er umogleg å stoppe laksen i 270 norske vassdrag.

Foto: Finn Moen / Anadrom

– Vi må gjere begge deler. Det å tru at ein kan ordne dette berre i elvene er som å tru i på julenissen.

Han synest ikkje det er noko problem at fiskarane tener på den pukkellaksen i kommersielt fiske.

– Det er kjempeflott at fiskarane kan tene pengar på det. Eg meiner vi må støtte opp det regjeringa tar til orde for.

Pukkellaks i Lofoten

Pukkellaksen her blei fanga av ein fiskar i Lofoten for eitt år sidan.

Foto: Privat

Les også Tidenes dårligste år – Marius (30) frykter villaksen skal bli borte for alltid

Marius Kristiansen med fangst i Beiarelva

– Treng meir forsking

Seksjonsleiar i miljøvernavdelinga hos Statsforvalteren i Nordland, Tore Vatne, er med i den nasjonale gruppa for tiltak mot pukkellaks.

Han seier at det frå eit fagleg synspunkt er viktig å få avklart om det er mogeleg å få til ein effektiv oppfisking av pukkellaks også i sjøen.

Tore Vatne

– Møreforsking har hatt dialog med mellom anna fagmiljø i Nord-Amerika om deira erfaringar. Dei planlegg å søke om forsøksfiske etter pukkellaks i sjøen med aktuelle metodar, seier Tore Vatne i Statsforvaltaren i Nordland.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Men det må skje utan at det går hardt ut over sårbare bestandar av laks, sjøaure og sjørøye.

Difor meiner han det trengst meir forsking på kva økologiske effektar pukkellaks har i vassdraga. I tillegg til effekten av ulike tiltak for oppfisking.

NRK forklarer

Kva er greia med pukkellaks?

Kva er greia med pukkellaks?

Kor kjem pukkellaks frå?

Pukkellaks høyrer naturleg heime i nordlege delar av Stillehavet.

På 1960-talet byrja pukkellaks å spreie seg til nord-norske elvar etter utsetjing på Kolahalvøya i Russland.

I dag blir pukkellaks fanga i heile Noreg, heilt frå grensa til Russland i nord-aust til svenskegrensa i sør-aust. Det er likevel i Troms og Finnmark pukkellaksen er mest talrik.

Kva er greia med pukkellaks?

Kor lenge lever pukkellaksen?

Pukkellaksen har ein toårig livssyklus, og både hannar og hoer døyr etter gyting.

Laksen rotnar faktisk medan han svømmar i elva etter gyting.

Fisk som gyter i oddetalsår får dermed avkom som også gyter i oddetalsår, og gyter dermed ikkje saman med fisk som gyter i partalsår. Her i Noreg gyter pukkellaksen primært i august.

Kva er greia med pukkellaks?

Kor farleg er det at pukkellaksen kjem?

Nokre få pukkellaksar i ei elv er neppe noko stort problem, men viss det kjem opp tusen, er det stor fare for negative effektar på lokal laks, sjøaure og sjørøye.

Pukkellaks er ein art som kan bli veldig talrik. I Finnmark har fleire tusen pukkellaks opp i enkelte vassdrag. Dette kan påverke andre fisk og heile økosystem. Det kan også påverke utøvinga av fisket.

Norske Sjølaksefiskarar

Men Knut Haugen, nestleiar i Norske Sjøfiskarar meiner fiskarane allereie har god oversikt over kva som må bli gjort.

– Kilenota er den mest skånsame reiskapen for fiske av laks. Tilnærma hundre prosent av fanga villaks kan i prinsippet bli sett ut i sjøen utan følgeskade som stress eller krokskadar, seier han.

Knut Haugen er fisker i Bodø og nestleder i Norske Sjølaksefiskere.

Knut Haugen, nestleiar i Norske Sjøfiskarar meiner bekymringa om å kommersialisere pukkellaksen er konstruert.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

Han meiner det betyr at atlantisk laks fanga i nota kan bli sat ut igjen. Då trur han skadane på villaksen vil vere minimal og tilnærma utan betydning.

Haugen seier at sjøfiskarane er klare til å gjere ein innsats på området. Men dei treng ein avklaring snarast etter nyttår.

Særleg på kva reiskap ein skal bruke til å fange pukkellaksen.

Pukkellaks

208 000 pukkellaks blei registrert fiska i sjø og norske elver i 2021 ifølge tal frå Nina. I 2023 er det venta at fleire millionar pukkellaks kan nå norskekysten.

Foto: Hanne Wilhelms

– Det er sjølvsagt eit kontrollomsyn å ta, men vi trur det blir varetatt viss ein avgrensar fisket til dei som er registrerte sjøfiskarar, seier han.

– Kva tenkjer du om bekymringa om å kommersialisere pukkellaksen?

– Vi trur den er noko konstruert. Fisken opptrer berre anna kvart år. Er prisen bra nok vil nok dei fleste fiske så mykje som mogleg.

Les også Mener det haster å fiske pukkellaks i sjøen

Odd Emil Ingebrigtsen

Les også Høyre vil regulere fiske etter pukkellaksen: - Vinn-vinn situasjon

Pukkellaksen dør etter gyting