Egget utenfor Ålesund.
Foto: Aalesunds museums fotoarkiv

Egget som skulle til Amerika

Fire karar blei taua ut frå Ålesund i eit flytande egg. Dei ville redde liv – og tene 40 millionar kroner.

Den 18 år gamle dekksguten Ole Brude klamra seg fast i orkanen. Iskalde bølgjer fossa over dampskipet utanfor Newfoundland. Mannskapet forsøkte å låre livbåten av tre.

Den blei knust av det brutale havet.

Det var slutten av november 1898. Men det var ikkje slutten for Ole Brude.

For dampskipet Athalie frå Bergen klarte seg så vidt. I motsetnad til den knuste livbåten.

– Sidan låg eg mang ei natt ligge og spekulerte på korleis ein påliteleg livbåt skulle vere, sa Ole Brude i eit intervju.

Han tok styrmannsskule i Haugesund. Så kokte han opp ideen om eit egg.

Og la ut på ei livsfarleg reise som har blitt samanlikna med Roald Amundsen, Fridtjof Nansen og Thor Heyerdahl.

Ole Brude med modell av Brude-egget Uræd, verdens første overbygde livbåt i stål.

«URÆD»: Ole Brude med modell av egget han ville bygge.

Foto: Aalesunds Museums fotoarkiv

Egget

Det var stort behov for betre livbåtar.

Tusenvis døydde på havet kvart år. HMS var ikkje «helse, miljø, sikkerheit», men berre «His Majesty's Ship».

Forlis i treskutetida

LIVBÅTMANGEL: Forlis i treskutetida. Da SS Atlantic gjekk ned ved Nova Scotia i 1873 døydde minst 535 menneske. Reiarlaget White Star Line var det same om eigde Titanic 39 år seinare.

Illustrasjon: E.A. Bollinger / Library of Congress

Reiarar prioriterte pengar framfor livbåtar. Det skulle bli særs tydeleg ved Titanic-forliset nokre år seinare.

– Ole Brude vaks opp i ei tid det rådde ei kynisme på sjøen. Ein erstatta gjerne berre mannskap som gjekk ned med nye fattigfolk, som blei betalt nokre kroner ekstra, seier Gry Molvær Hivju.

Regissør Gry Molvær Hivju

REGISSØR: Gry Molvær Hivju i Tindefilm.

Foto: Tindefilm

I fem år har ho jobba med dokumentarserien om nordmannen som ville redde liv. I den spelar mannen hennar kaptein Iver Thoresen, ein mann som under ferda skulle få eit anstrengt forhold til oppfinnar Brude.

Geronimo og Jack Daniel

Ole Brude sleit med å skaffe pengar. Få i Ålesund hadde trua.

Town of Ålesund, Møre and Romsdal 1902

ÅLESUND: Ein framandstormande by i 1903.

Foto: Anders Beer Wilse / Skog og landskap bildearkiv

På same tid kom 24 år gamle Brude over ein vill sjanse:

Verdsutstillinga i St. Louis i 1904.

Utstillinga var eit monument over tidas enorme tru på framskrittet.

Splitter nye matvarer blei vist fram: Hamburgarar, hot dogs, sukkerspinn, iste, kuleis med kjeks, peanøttsmør og Dr Pepper-brus.

Der var ny teknologi som røntgen, kuvøse og trådlaus telefon.

Og nye farkostar som fly, elektrisk trikk og automobil.

Under utstillinga blei historias tredje OL arrangert. Vinnaren av maratonløpet blei diska, da det vart avslørt at han hadde sitte på fleire kilometer med ein automobil.

Utstillinga hadde også stort fokus på å stille ut urfolk.

Verdensutstillinga 1904 plakat

Gjestelista var imponerande.

Superoppfinnar Thomas Alva Edison kasta glans og henta inspirasjon. Komponistane John Philip Sousa og Scott Joplin spelte, forfattar T.S. Eliot skreiv for skuleavisa, sosiologen Max Weber snuste etter nye teoriar om kapitalisme og gangsteren Sundance Kid snuste rundt etter pengar. Jack Daniel vann whisky-konkurransen (utanfor OL-programmet) – og apachehøvdingen Geronimo – han blei utstilt som eit dyr.

Hit ville også ambisiøse Ole Brude i Ålesund. Det var nemleg lova ut ein pengepremie som i dag svarar til 40 millionar kroner – til den som kom opp med ein revolusjonerande redningsbåt.

Via ei avis i St. Louis meldte han sin ankomst. Utstillinga og pengetevlinga varte til 1. desember same år.

Ålesund brann

Det starta elendig. Snart skulle det bli verre.

Ålesund brenner 23. januar 1904

BYBRANNEN: Da Ålesund brann.

Foto: Aalesunds Museums fotoarkiv

Byen til Ole Brude brann ned den 23. januar 1904. Mange fiskebåtar blei senkt for å unngå flammane. Da byen og båtane skulle byggjast opp igjen sto flytande egg langt bak i køen.

Men i slutten av juli var alt klart.

Uræd blir sjøsatt 15.juli 1904

UNIK: «Uræd» blei sjøsett 15. juli 1904.

Foto: Aalesunds Museums fotoarkiv

«Uræd» var truleg den første overbygde livbåt i stål. Seks meter lang. Kunne sleppast frå høgder. Særs solid skrog.

Fire karar skulle segle båten til Amerika for å vise verda og vinne millionar.

– Eg vil tru at alle fire såg det som risikabelt og spesielt å seile over Atlanterhavet utan motor i eit 18 fots stort egg, seier Molvær Hivju.

28. juli 1904 blei egget taua ut frå eit feststemt Ålesund.

Uræd ved avgangen frå Ålesund

Vi kunne ha seilt selv, men naturligvis måtte vi ha slepebåt. Det skulle jo se storartet ut.

Ole Brudes dagbok
Sjøsetting tauing av Uræd frå Ålesund juli 1904

Dei hadde det travelt. Det var fire månader til verdsutstillinga stengde.

Det blei ein kamp mellom liv og pengar. I dobbelt forstand.

Genial konstruksjon

Eg vil plassere han oppe ved Roald Amundsen og Fridtjof Nansen. Men Ole Brude var ikkje opptatt av å vinne land. Han ville redde liv, seier Brude-forfattar Ole M. Ellefsen.

Det kan også minne om Thor Heyerdahl og Kon-Tiki.

Ole Brude hadde ein idé han brann for. Og ein farkost han ikkje visste om ville flyte heile vegen.

Ole Ellefsen inne i livbåten Brude-egget Uræd

INNI EGGET: Ole M. Ellefsen inni det einaste attverande Brude-egget. Her levde altså fire fullvaksne menn i mange månader. Ellefsen held bragda heilt oppe ved Amundsen og Nansen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ellefsen meiner det var genialt av ein unggut å tenke at det kunne brukast som form på båtskrog.

Eggeforma er jo som ein spesialkonstruksjon frå Vårherre for å beskytte dei små individa der inne. Når det slår mot ei side, vil det butte mot det andre, seier han.

Shetland

Rett vest for Ålesund mista kaptein Iver Thoresen gifteringen sin i havet.

Eit teikn.

Kort tid etter seiv det masse vatn inn i båten. Ikkje ideelt for ein seilas på 6000 kilometer.

Dei måtte returnere til byen nærmast i skjul. Og mista nye ti dagar. Hauststormane nærma seg.

Tre dagar seinare kom dei i land ved Shetland og vekte stor oppsikt.

Livbåten Brude-egget Uræd

OPPSTYR: Egget med fire nordmenn vakte nok vel så stor oppsikt på Shetland som ei Hollywood-stjerne ville gjort.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen


– Der kunne dei jo stoppa, for no hadde dei bevist at livbåten flaut og kunne redde liv, seier Ellefsen.

Men det ville ikkje Ole Brude.

Hauststormane

Han skulle heilt til USA og bli rik.

Men vinden stoppa opp. Det var stille før hauststormane.

Med sekstant og kompass måtte kaptein Thoresen kurse seg langt mot nord for å unngå at Golfstraumen sende dei heim igjen til Noreg.

Og i nord var det kaldt.

Uræd på veg mot Amerika

REKONSTRUKSJON: Egget på veg mot Amerika.

Foto: Tor Sivertstøl / Tindefilm

Fire vaksne karar pressa saman på 14 kvadrat. Dunkelt lys frå oljelamper. Elendig inneluft. Veke etter veke. No byrja det i tillegg å ise inni egget.

Så kom stormane.

Dagbøkene fortel:

«Det blåser orkan og storm med forferdelig hav. Barometeret faller fremdeles.» Ole Brude.

«Jeg føler tungsinn i dag. Det er ikke annet enn storm og motvind. Og nå sitter vi som rotter i en felle.» Kaptein Iver Thoresen.

«Storm av vestlig. Skulle til å sove, da det hørtes et drønn. Masten var knekt. Vi måtte få henne opp igjen, samme hva det måtte koste.» Ole Brude.

Forgifta

Dei fekk opp masta igjen.

Ole Brude blei kasta på havet. Dei fekk han opp igjen.

Stormane berre auka i styrke. Sjølv den erfarne kapteinen blei engsteleg.

Stormene raser med voldsomme haglbyger. Jeg sitter med hjertet oppi halsen for hver sjø som bryter over oss. Jeg er redd masten kan brekke igjen.

Frå dagboka til kaptein Iver Thoresen
Brude-egget Uræd på sjøen i 1904

Det hadde gått over to månader og var to månader til verdsutstillinga stengde. Dei hadde langt frå framdrifta dei trong.

No var i tillegg Brude hardt skadd etter fallet i sjøen. Og det var ingen medisin om bord.

Dei fekk magesjau, og det blei trongt rundt den vesle pumpedoen. Stank og spy i den knøttrange «lugaren». Vêret for hardt til å gå opp for å trekke luft.

Kva ekspedisjon ville du MINST vore med på?

«Våte er vi og fryser så vi hakker tenner. Alt er vått. Ingen steder å gå. Bare stille. Svart natt ute.» Kaptein Thoresen

Kaptein Thoresen og skipper Brude krangla om kven som bestemte om bord.

«Jeg blev så forundret når jeg kom så at Søndmørsposten titulerte Brude som Kaptein Brude. Jeg visste at alle sjøfarende folk bare lo av det.» Kaptein Thoresens dagbok.

Ein pistol blei fyrt av på dekk. Anten for å skyte fugl, eller av galskap.

«Jeg visste ikke at det var en revolver om bord. Hadde jeg visst ville jeg aldri tillatt det. For nå røyner det på.»

Kaptein Iver Thoresen
Kart med datoplotting for Uræds ferd over Atlanterhavet 1904

Det røyna aller mest på for den erfarne kapteinen. Han hallusinerte. I dagboka hans dukkar det opp eit heilt nytt mannskap: Jim, Jack og Paddy.

«Jim løftet lokket. Ertene er levende og begynte alle å storle. (...) Paddy fortalde at han hadde hatt flytende kvikksølv i gryten. Det gjorde at ertene hoppet ut. Det ga oss en god latter. Vi besluttet å la ertene hoppe over bord.»

Kanskje var Thoresen metall-forgifta av hermetikken. Eller frå kulene av kvikksølv som skulle halde lus unna i kleda. Han var den einaste om bord som kunne navigere nøyaktig.

Men så, etter tre månader:

Land i sikte!

St John i Newfoundland

ST JOHNS: Den største byen på Newfoundland

Foto: City of St John's Archives

Nytt land

Egget med fire karar «from Alesund in Norway» var ein sensasjon i mørketida på Newfoundland. Nyheita spreidde seg raskt.

Storavisa New York Herald Tribune kalla Uræd «eit vedunder av ein livbåt som burde visast ut i New York». Avisa la til at gigapremien ennå ikkje var delt ut i St. Louis.

Uræd completed voyage in storm
Foto: New York Herald Tribune, November 1904

Dei fekk tilbod om skyss med ein lastebåt. Ole Brude sa nei. Han ville kome seilande inn New York.

Sjølv om det nærma seg desember og orkansesong.

«Det høres ut som de forferdelige sjøer vil knuse oss sønder og sammen.» Kaptein Thoresen.

Midt i ein snøstorm fekk firkløveret tilbod å bli redda av eit tysk handelsskip. Igjen sa dei nei. Dei var villige til å døy for egget sitt.

Og det leverte igjen.

Ole Brude ved Brude-egget Uræd ved ankomst Gloucester, Boston. 
Tilskuere ved fyrlykt.

GLOUCESTER: Rett ved fyrlykta trefte dei land.

Foto: Aalesunds Museums fotoarkiv

Boston

Egget blei kasta i land i Gloucester nord for Boston. Kyllingflokken inni var i live.

Det blei ein 360 graders omvelting. Innlosjert på det fasjonable hotell Atlantic House. Ole Brude levde fleire dagar som superstjerne. Han gjekk på stasmiddagar, drakk sjampanje og blei sjekka opp av sosietetskvinner.

Det verker nesten som han hadde gløymt kalenderen.

Den hadde allereie tikka 1905.

The Boston Daily Globe, 9.1.1905. Om Uraedd.

Verdsutstillinga var over. Målet var å seile over på tre månader. Dei hadde brukt fem. Premien på 40 millionar kroner blei aldri utbetalt til nokon.

– Ole Brude fekk aldri premien. Men han fekk ein fransk vase som takk for at han hadde deltatt i tevlinga. Det var trøystepremien for dei titals millionane han ville vinne, seier biograf Ole Ellefsen.

Det kvite hus

Så kom kvardagen.

Hotelleigaren ville ha egget fjerna, det var ikkje ei småbåthamn.

Brude-egget Uræd i Gloucester, Boston

VÊRBIT: Brude-egget framfor hotellet i Gloucester ved Boston.

Foto: Cape Ann Historical Museum

Hotellrekningane tikka inn. Dei måtte visst bli betalt. Men nordmennene hadde ikkje ein cent.

– Ein dag berre forsvann Ole Brude. Han rømte rett og slett. Ikkje betalte han, det måtte andre ta seg av, fortel Ellefsen.

Brude hevda at han drog på besøk til president Theodore Roosevelt i Det kvite hus.

– Presidenten tok vel i mot meg og møtet varte i heile tre kvarter, fortalde han.

I arkiva til Det kvite hus finnast inga dokumentasjon på møtet.

Avisa Kysten 4. juli 1905

VIKINGBLOD: Men i Noreg var det mykje skriveri om Ole Brude og presidentmøtet.

Foto: Avisa Kysten 4. juli 1905

Titanic

Tilbake i Ålesund ga ikkje Ole Brude seg, sjølv om han berre kom heim med ein vase. Han skipa Brudes livbåtselskap og sikra seg patenter over heile verda. Så drog han på salsturne i Europa.

Ole Brude med Brude-egget på salsturne i Europa. Her i London.

EUROPATURNE: Brude-egget i London. Under første verdskrig redda eit egg 26 personar etter ei tysk torpedering.

Foto: Aalesunds Museums fotoarkiv

Interessa var stor i starten. Men dei fleste ferdigbygde båtane blei berre ståande.

Mange reiarar meinte prisen var for høg. Og myndigheitene nølte med å erstatte trebåtar med egg.

Etter Titanic-forliset med 1500 døde i 1912 skreiv Brude-selskapet til reiarlaget White Star Line. Dei kondolerte og fortalde om livbåtane sine.

Brude fekk eit høfleg, men nedslåande, svar.

Dei meinte at det var verfta sitt ansvar å bestemme kva livbåtar skipa skulle ha.

Brev til White Star

– Det seier at trass denne tragiske ulykka hadde ikkje verda komme så mykje lenger, seier Ellefsen.

Pengar var trass alt det viktigaste.

Ole Brudes gravstein i Ålesund

KAPTEIN: Ole Brudes gravstein i Ålesund.

Foto: Aalesunds museums fotoarkiv

Epilog

I 1978 blei det påbudt med overbygde livbåtar. I dag er alle moderne livbåtar eggeforma i uknuseleg materiale.

Ole Brude var 70 år for tidleg ute.