Hopp til innhold

Ordføraren ville ha jagarfly til å skyte ned Veslemannen

Då dramaet om Veslemannen stod på som verst, kontakta ordføraren regjeringa. Han ville at Forsvaret skulle bruke rakettar for å fjerne fjellpartiet.

Store steinmasser raste nedover Veslemannen. Store deler av fjellpartiet har rast ut.
BVEs geolog Lars Harald Blikra sier til NRK at store deler av fjellpartiet Veslemannen har rast ut.

Store steinmassar raste nedover frå Veslemannen.

– Eg vridde hjernen min for å finne ei løysing. Eit jagarfly kunne fly mot fjellet og skyte ut ammunisjon, fortel tidlegare ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad på dagen eitt år etter at skredet endeleg gjekk.

16 gongar måtte bebuarane under det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen kaste alt dei hadde i hendene og evakuere frå husa sine etter ordre frå styresmaktene. I fem utmattande år venta dei på raset.

Forsvaret sa nei

Geologar prøvde å løyse ut skredet med vatn, men ingenting skjedde. Å sprenge fjellet med dynamitt var vurdert som uaktuelt, fordi det var for risikofylt for dei som skulle utføre jobben. I tillegg visste ein ikkje korleis bombinga ville påverke resten av fjellet.

– Eg tenkte på bebuarane som stadig måtte flytte ut og inn, seier Hustad.

I 2018 kontakta den dåverande ordføraren justisdepartementet og forsvarsdepartementet med ideen sin om å sende jagarfly inn i området, som presist kunne skyte ned fjellpartiet med rakettar.

– Forsvaret ville ikkje bruke jagarfly i ein slik situasjon, sidan ingen ville ta ansvaret dersom noko skulle gå gale, seier Hustad.

Lars Olav Hustad

Tidlegare ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad (H), tilbake på staden eitt år etter at det etterlengta raset gjekk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fortvila situasjon

Statssekretær Thor Kleppen Sættem (H) i Justis- og beredskapsdepartementet stadfestar at dei hadde uformell kontakt med Rauma-ordføraren, og diskuterte mellom anna om det kunne vere mogleg å bruke jagarfly.

Forslaget blei også drøfta med tilsette i Forsvarsdepartementet.

– Tilbakemeldinga var ikkje uventa, nemleg at det var ganske utenkjeleg fordi det ikkje ville gje ei kontrollert nedskyting, seier Sættem.

Lars Harald Blikra

Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Lars Harald Blikra, geolog og seksjonssjef i NVE, fekk mange gode forslag til korleis dei kunne løyse ut fjellskredet.

Jagarfly-metoden var eitt av dei.

– Eg blei faktisk ikkje overraska då det kom opp. Det var så mange forskjellige forslag. Folk var i ein fortvila situasjon fordi det tok så lang tid før raset gjekk. Men vi hadde så lite kunnskap om ein eventuell effekt av å bruke jagarfly at eg gjekk ikkje inn i diskusjonen ein gong, seier Blikra.

Mannen

Dei som bur i husa under det rasutsette området, måtte stadig evakuere.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Veslemannen kom

5. september 2019 var bevegelsane i fjellet rekordstore og regnet hølja ned. På eitt år hadde fjellet flytta seg 5,6 meter.

Det buldra i fjellet og støvet stod som ei røyksky, då store steinmassar raste nedover fjellet.

Endeleg gjekk raset.

Linda Sogge

Linda Sogge håper no på eit roleg liv i heimen under fjellet Mannen i Romsdalen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Linda Sogge er ei av dei som måtte leve med alle evakueringane. Den dagen raset gjekk, var ho lykkeleg over at det var slutt på å flytte inn og ut av heimen heile tida.

– Det var veldig slitsamt. Kvar gong det regna blei eg nervøs for om vi måtte flytte igjen. Eg var kanskje ikkje så redd for fjellet, men meir redd for flyttinga, seier ho.

Veslemannen var det mest ustabile partiet i fjellet bak heimen til Sogge. Fjellpartiet Børa-Mannen – blir framleis grundig overvaka av NVE. Eit skred på inntil 20 millionar kubikk derifrå kan krysse Romsdalen og føre til oppdemming av elva Rauma. Men rørslene er førebels rolege, med 2 centimeter i året i det øvste partiet.

– No håper eg vi får eit godt liv i fred under Mannen, og at vi ikkje får fleire store rørsler i fjellet.

Lars Olav Hustad og Lars Harald Blikra

Lars Olav Hustad og Lars Harald Blikra på Rauma kulturhus 5. september 2020.

Foto: Synnøve Hole / NRK

På Rauma kulturhus blei eittårsdagen for skredet markert med foredrag av ordførar Lars Olav Hustad og geolog Lars Harald Blikra, laurdag kveld.

NRK sende direkte frå Veslemannen i fem år. Sjølv om rasfaren er over, har ikkje interessa dabba heilt av.

– Det er mange som framleis stoppar ved Veslemannen og til og med går rundt husa til dei som bur der, seier Hustad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL