Hopp til innhold

X2-festivalen til skyene

Ekstremsportfestivalen har for første gong fallskjermhopping med på programmet. Bli med våghalsane på himmelfarten over Volda!

Ekstremsportfestivalen har for første gong fallskjermhopping med på programmet. Bli med utøvarane på tur over Volda her!

Sjå videoreportasjen frå fallskjermhoppa til Knut-Magnus Holthen, Andreas Ottosen og Henrik Rødset i Xair i Volda laurdag. Lydsporet er Foreground set. Ekkolodd med låten Dykkerlåta (Fgs remiks). Foto/redigering: Kari Nygard Tvilde.

Knut-Magnus Holthen

Knut-Magnus Holthen sjekkar utstyret i forkant av fallskjermhoppet laurdag.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fallskjermhoppar Knut-Magnus Holthen deltek i Xair-arrangementet til ekstremsportfestivalen i Volda for første gong. Men så er det også første gong at festivalen tilbyr luftsport som ein del av programmet. Det er han svært glad for.

I fritt fall over Sunnmørsalpane

– Å få kunne hoppe her i Ørsta og Volda kjem til å verte utruleg spennande. Det er fjordar, fjell og ei fantastisk utsikt. Sunnmørsalpane er heilt klart unike, seier sunnmøringen.

X2 Festivalen planlegg å gjere Xair til eit årleg arrangement. Holthen kjem nok til å bli ein fast deltakar.

– Fallskjermhopping gir ei utruleg herleg kjensle både i fritt fall, når fallskjermen opnar seg og når ein landar. Mest spennande er det idet eg står i flydøra og veit at det er min tur til å hoppe ut.

Knut-Magnus Holthen festa eit kamera til hjelmen då han hoppa i fallskjerm over Søre sunnmøre under X2-festivalen laurdag.

Knut-Magnus Holthen festa eit kamera til hjelmen då han hoppa i fallskjerm over Søre Sunnmøre under X2-festivalen laurdag.

Skulle gjerne ha hoppa meir

Xair-arrangementet vart avvikla i samarbeid med Stratus Paragliderklubb, Lesja og Føniks Fallskjermklubb. Svein Roger Slyngstadli frå sistnemnde fortel at dei gjerne skulle ha hoppa langt meir enn kva tida og vêret tillèt.

– Dessverre vart det dårleg tilgang på drivstoff, fordi det har vore så mykje aktivitet elles på festivalen. Det avgrensa litt. Vi skunda også fram arrangementet på grunn av vêrmeldingane, og rakk fire løft før skydekket tetna til. Dei siste fem måtte hoppe frå ganske låg høgde, seier han.

Møter likesinna

– Påverka det stemninga?

– Folk verka fornøgde. Det har nok med dei sunnmørske omgjevnadene å gjere. Dessutan så er det fint at folk som høyrer til i ulike fallskjermklubbar kan møte likesinna på ein festival som X2. Det gir meirsmak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL