Hopp til innhold

X2-festivalen satsar vidare

X2-festivalen i Volda veks seg stadig større for kvart år som går. I år vert festivalen arrangert for ellevte gong.

Xbord 2014

X2-festivalen er i gang for ellevte år på rad. Her frå X-bord i 2014.

Foto: Olav Standal Tangen

Rundt 3000 besøkande er venta til studentbygda Volda og festivalen denne veka. Og det var nettopp studentar som starta festivalen i 2005. 11 år etter er den første festivalen gjekk av stabelen er det meir hektisk enn nokon gong på opningsdagen.

– Det er ganske travelt og det er mange folk som kjem innom. I dag skal også Lars Vaular spele så då blir det ein del ekstra folk på konserten òg, seier Hilde Tunge, informasjonssjef for X2-festivalen.

Lars Vaular ved fjellet Jakta i Ørsta. Foto kreditering: X2 Festivalen.

Torsdag tok Lars Vaular turen til fjellet Jakta (1588 moh.) i Ørsta kommune. Foto: X2-Festivalen.

I stadig utvikling

Sidan 2005 har X2-festivalen utvikla seg til å bli den største vinter-ekstremsportfestivalen i Noreg.

Informasjonssjef Hilde Tunge i X2-festivalen

Informasjonssjef Hilde Tunge i X2-festivalen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fleire nye konkurransegreiner har kome til i løpet av åra- I tillegg har festivalen vakse som foredrags- og konsertarena.

Festivalen vert stadig større og har blant anna eigne filmfolk som gjer opptak av det som skjer høgt oppe i fjellet blant anna. Og framleis er festivalen meint for relativt unge folk.

– Målgruppa vår er folk i alderen 18–35 år. Det er folk som er interessert i både å sjå på og delta i ekstremsport. I tillegg er det mange studentar og folk som likar å kome tilbake år etter år for å nyte stemninga, seier Tunge.

Lokale drivkrefter

X2-festivalen

Desse er blant dei rundt 40 som blir med på konkurransen i skateparken i Volda under X2-festivalen.

Foto: Arne Flatin / NRK
Kjetil Kriken

Kjetil Kriken er ein av dei mange lokale drivkreftene bak X2-festivalen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Medan dei fleste konkurransane skjer høgt til fjells er det også nokre i lågare strøk, som i skateparken. Og laurdag er det klart for konkurranse.

– Vi håper at det kjem mykje folk og at mange kjem og ser på. Vi kan love god stemning her på laurdag, seier Oskar Hammer, deltakar i skatebrettkonkurransen under X2.

I tillegg til studentane er det også mange lokale folk som er mykje av drivkrafta til festivalen. Ein av dei som har vore med lenge er ørstingen Kjetil Kriken.

– Det er hektisk og veldig mykje stress, men det er gøy stress. I tillegg er det kjekt når vi er så mange i lag. Du får skape noko i løpet av få dagar som du får sjå resultatet av med ein gong. Det er veldig givande, seier han.