Deltakarrekord for vinterens vakraste ekstremsporteventyr

Denne veka går X2-festivalen av stabelen i Volda og Ørsta. Den største vinterekstremsportfestivalen i Noreg lokkar i år vel 300 friluftsfrelste deltakarar til Sunnmørsregionen, noko som er ny rekord.

X2 snowboard

Denne veka kjem 300 friluftsfrelste deltakarar frå inn- og utland til Volda og Ørsta for å vere med på Noreg sin største vinterekstremsportfestival, X2.

Foto: Karl Otto Kristiansen

Vêrgudane smilar nok ekstra breitt til deltakarane under årets X2-festival. Det er nemleg meldt strålande vêr på Sunnmøre denne veka.

– Fantastisk vêr er ei forutsetning for ein fantastisk festival. Over 300 deltakarar frå mange ulike land kjem for å delta, og då er det flott å kunne tilby berre det beste. Eg trur det kan komme godt med publikum også. Det blir truleg det finaste vêret vi nokon gong har hatt under X2, seier festivalsjef Eirik Vaage til NRK.

X2-festivalen

Prognosar om strålande vêr heile veka får arrangørane til å juble. Då vil det bli ekstra fine forhold mellom anna for deltakarane i Xfree (bildet), frikøyring på alpint og snøbrett.

Foto: Karl Otto Kristiansen

Festivalsjefen legg vekt på at årets festival ikkje berre skal vere ein arena for deltakarane.

– Publikum skal ha det minst like kjekt. Vi skal legge til rette for at kvar besøkande har noko dei ynsker å vere med på.

I tillegg til dei 13 i styringsgruppa har over hundre frivillige vore med på å gjere festivalen til den største i sitt slag i Noreg.

– Det er heilt uvurdeleg det arbeidet alle gjer for å få dette til, seier Eirik Vaage.

X2 info

Arrangørane fortel at det under årets X2-festival blir sett ny rekord i tal på deltakarar.

Foto: Marius Bøstrand

Starta av studentar

X2-festivalen blir i år arrangert for åttande gong. Frå torsdag til søndag denne veka blir det avvikla konkurransar i mange forskjellige ekstremsportar.

Det skal konkurrerast i longboard (Xboard) ned krappe svingar i Volda sentrum, frikøyring på alpint og snøbrett i Sunnmørsalpane (Xfree), padling ned røffe elvestryk (Xcreek) og tindebestiging (Xtind).

Festivalen som blei starta av eit knippe studentar ved Høgskulen i Volda med tanke om å arrangere konkurranser innan skialpinisme og freeride, har auka mykje i omfang dei siste åra. Fleire konkurransegreiner har komt til, og nye kjem også på plakaten dette året.

► Sjå promovideo for X2-festivalen.

Eirik Vaage

Festivalsjef Eirik Vaage gler seg til storinnrykk av utøvarar og publikum til X2-festivalen.

Foto: Privat

Ny X i samlinga

I år utvidar X2-gjengen med festivalsjef Eirik Vaage i spissen satsinga si igjen, og toppar festivalen med ein heilt ny X, nemleg surfing. Konkurransen som kledeleg nok har fått namnet Xwave blir arrangert på Sunnmøre for aller første gang, i samarbeid med Norges Surfforbund.

Med surfing på programmet er X2-festivalen den einaste i heile Skandinavia som tilbyr alle former for brettsport innanfor eitt og same festivalprogram.

– Det blir spanande med nye konkurransegreiner. Desto fleire vi kan nå med satsinga vår, desto fleire kjem for å vere med på festivalen vår, seier festivalsjef Eirik Vaage.

► Sjå også: Fotograf Karl Otto Kristiansen: Verdas største skibilete (frå X2 i 2010).

Surfing er ikkje det einaste nye med årets arrangement. Det vil bli konkurrert i Big Air, ei konkurranse der ein på ski eller snøbrett har som mål å oppnå stor høgde og utføre kreative triks for å få ein best mogleg poengsum.

I tillegg vil det avsluttande rennet i Fjelltelemark-cupen bli arrangert i samarbeid med Eitrefjell Telemarkklubb, og om ein topptur fristar vil Norgesguidene lose fjellgåarar opp på fjelltoppar i området.

X2 Snowboardkøyrar

Nytt av året er Big Air-konkurransen, der snowboard- og alpinkøyrarar kan konkurrere om å hoppe høgst og mest spektakulært.

Foto: Marius Bøstrand

Tjuvstarta i dag

Allereie i dag «tjuvstarta» X2-festivalen. Eit anna nytt innslag i år er fotokonkurransen SPC, eller Sagafjord Photo Challenge. Her skal fem lag, beståande av ein fotograf og to køyrarar produsere kvar sin fotofilm frå fjellheimen i Ørsta.

Torsdag blir vinnaren kåra, i samarbeid med nettstaden friflyt.no.

– Slike fotokonkurransar har vist seg å vere eit populært innslag ved vintersportfestivalar her i Noreg, men også elles i Europa. Difor har vi bestemt oss for å køyre på. Det har blitt meir og meir vanleg å dokumentere seg sjølv eller andre køyrarar i samspel med vakker natur, seier festivalsjef Eirik Vaage.

I tillegg til ekstremsportarrangement blir det festivalområde utanfor Rokken i Volda sentrum, der artistar som Egil Olsen, Mikhael Paskalev og eit titals Dj'ar skal underhalde festivalgjengarane frå og med torsdag.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.