Hopp til innhold

Mange samla til ekstremsportfestival i Volda

Årets X2-festival går sakte, men sikkert mot slutten. Dei siste dagane har fleire tusen ekstremsportinteresserte deltatt på konkurransar, føredrag og konsertar i Volda.

X2-festivalen

X2-festivalen har utvikla seg til å bli den vinterekstremsportfestivalen i Noreg. I år blei festivalen arrangert for ellevte år på rad.

Foto: X2-festivalen/Magnus Roaldst Furset

Sidan 2005 har X2-festivalen utvikla seg til å bli den største vinterekstremsportfestivalen i Noreg. Fleire nye konkurransegreiner har kome til i løpet av åra. I tillegg har festivalen vakse som foredrags- og konsertarena.

Eirik Vaage

Festivalsjef Eirik Vaage er svært fornøgd med årets festival.

Foto: X2-festivalen

Festivalsjef Eirik Vaage er svært fornøgd med årets festival.

– Rundt 3000 har vore innom festivalen og det har vore mykje folk på arrangementa. Vi har fått avvikla dei fleste av konkurransane sjølv om vêret har skapt nokre utfordringar. Heldigvis var det fint vêr laurdag, seier han.

Ein del av konkurransane måtte endre tidspunkt på grunn av dårleg vêr og fleire sportsgreiner blei difor avvikla samtidig. Trippel X krasja med andre konkurransar, og måtte avlysast.

– Det var heldigvis den einaste. Vi er ein utefestival, og vi kan dessverre ikkje gjere noko med vêret. Det positive er at det skapte gode forhold og tre meter store bølger under X-Wave, seier Vaage.

God deltaking

X2-festivalen

Luftsportskonkurransane har blitt særleg populære under X2 dei siste åra.

Foto: X2-festivalen/Jørgen Mosand

Årets X2 har mellom anna bydd på foredrag frå Karsten Gefle, ein av Noregs mest profilerte skistjerner, eventyrar og polfarar Aleksander Gamme og Randi Skaug, som var den første norske kvinna til å klatre Mount Everest.

I tillegg har det vore konsertar med Lars Vaular, Honningbarna og Carl Louis, for å nemne nokre. Men det som X2 først og fremst handlar om er ekstremsport. Våge fortel at det har vore god deltaking på dei fleste konkurransane.

– Vi merkar at det er ein stor interesse for dei nye luftsportane som kom på programmet i fjor.

Spesielt Speedflying er i vinden. Vi har også hatt mange fallskjerm- og basehopparar med i år, seier Vaage.

X2-festivalen

Longboard gjennom gatene i Volda.

Foto: X2-festivalen/Jørgen Mosand

Stolt av det dei har fått til

X2-festivalen 2016

X2-festivalen byr på ein rekke konkurransar.

Foto: X2-festivalen/Olav Standal Tangen

Andre sportar var det derimot ikkje like mykje interesse for.

– Randonee var den første sporten vi starta med, men der var det relativt låg deltaking i år. Eg har ikkje lyst å kutte den frå programmet, men vi må undersøke om interessa for konkurransen er dalande eller om det var informasjonen som ikkje var bra nok, seier festivalsjefen.

Vaage har vore med sidan starten for 11 år sidan, og er stolt av det dei har fått til.

– Eg føler at vi har funne forma. Det å arrangere konsertar og føredrag er i utgangspunktet ikkje så krevjande.

Det som er krevjande er å arrangere 15 sportar i friluftsliv, der alle har ein grad av risiko. Det er mange flinke folk som sørgar for at desse blir gjennomført på ein trygg måte, seier han.

Alle vinnarane kan du sjå her.