NRK Meny
Normal

Geologane vurderer å sprenge «Mannen»

Folket som er busett under fjellet «Mannen» lever i uvisse om når skredet kjem til å gå. Under folkemøtet torsdag fekk geologen mange spørsmål om kvifor dei ikkje har sett i gang sprenging.

Geolog Lars Harald Blikra og MAnnen

Fleire av dei råka er spørjande til sprenging av fjellpartiet. Geolog Lars Harald Blikra seier at dei vurderer å sprenge for å setje i gang eit skred.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing/Gunnar Sandvik / NRK

Delar av fjellpartiet «Mannen» i Rauma sig framleis ut, og sjansen for eit skred aukar time for time. Vêret er avgjerande for når det skjer.

Onsdag ettermiddag melde Rauma kommune at politiet sette i gang evakuering av området ved det rasutsette fjellet. Større bevegelsar i fjellpartiet var grunnen til evakueringa, og geologane fryktar no eit skred tre gongar så stort som først venta.

Bevegelsane i fjellpartiet er store men jamne, og dei tre siste dagane har fjellmassane i øvste del av fjellet bevega seg om lag sju millimeter per døgn i snitt.

– Ikkje uaktuelt å sprenge

Lars Harald Blikra geolog, her ved fjeller Mannen

Lars Harald Blikra vil vere heilt sikker på at dei tek rett avgjerd før dei gjennomfører ei eventuell sprenging-

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ifølgje geolog Lars Harald Blikra er det vanskeleg å spå akkurat når fjellet rasar – steinsprang er ein del av varslinga. Kontrollert sprenging er ikkje uaktuelt, men sjølv er han oppteken av å sikre at vondt ikkje blir verre.

– Vi vil vurdere om det er praktisk mogeleg, og vi må vere sikre på at vi sprenger det vi skal sprenge, fortel sjefgeologen.

Dei har ikkje prioritert å gå igjennom ei eventuell sprenging enno, men geologen vil ikkje sjå bort frå dette. Han opplevde og at mange var opptekne av dette temaet under folkemøtet.

– Farleg å dra opp på fjellet

Fjellsida er stupbratt og det er farleg å bevege seg der oppe. Men Blikra seier at dei vil undersøke om sprenging faktisk er mogeleg å gjennomføre.

– Det er ei utfordring å få folk opp i området, og vi har ikkje latt folk gå inn i området hittil. Det å faktisk plassere sprengstoff kan vere veldig farleg. Det viktigaste for oss er å ha nok kunnskap.

Før det kan bli aktuelt å sprenge må geologane gjennomføre ei utgreiing saman med fagfolk.

Viss det blir mildvêr og meir nedbør er faren for skred auka, men viss det no blir kaldt kan fjellet bli stabilisert. Det vil uansett skje ei endring, meiner Blikra.

Sympati frå statsministeren

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, opna folkemøtet torsdag kveld med helsing frå Erna Solberg.

Foto: Arnt Olav Herjehagen

Dei evakuerte og andre interesserte vart torsdag kveld invitert til informasjonsmøte på Marstein i Rauma. Der fekk dei blant anna ei sympatisk helsing frå statsminister Erna Solberg.

– Ho ønska alle lykke til med situasjonen. Det er trasig å ikkje vite når og om ein kan flytte heim til huset sitt, sa ordførar Lars Olav Hustad.

Linda Sogge, dei to barna hennar, mann og hund måtte evakuere frå heimen sin. Ho syns det er fint at så mange bryr seg om dei.

– Vi veit ikkje heilt kva vi skal gjere, men livet går sin vante gang, seier ho.

God dialog

Folkemøte på marstein i rauma om mannen

Dei råka var torsdag kveld samla på Marstein for informasjonsmøte.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

Blikra fekk eit godt inntrykk frå dei som deltok på folkemøtet. Han syns det var interessant å høyre kva dei sjølve meiner om situasjonen.

– Dei som har budd her heile livet sit inne med mykje kunnskap, og det kan vi drage nytte av. Vi hadde ein positiv dialog og det verkar som om dei har tillit til det vi seier, fortel han.

Mykje folk påverkar nettet

Geologen fortalde på folkemøtet at dei slit med dårleg dekning og signal frå radaren som overvaker fjellet. Mange journalistar og andre tilskodarar er grunnen til dette.

– Vi hadde problem med radaren som overvaker bevegelsane i dag, og trudde først at straumen hadde gått. Men når det kjem mykje folk hit påverkar det nettsambandet, og det blir ustabilt, seier Blikra.

Vurderer nye tiltak

Rauma kommune vil i morgon møte geologane på nytt for å vurdere kva dei skal gjere vidare. Då skal politiet også vurdere om dei skal opne jernbana og om dei evakuerte får flytte heim.

Mannen i Romsdal

OBS. NRK har nokre små tekniske problem, så det kan hende du får problem med å sjå videoen ein liten periode.

Etter at skredalarmen gjekk i Rauma i går har geologar i dag vore oppe og undersøkt fjellet. I ettermiddag har det vore folkemøte. Store nedbørsmengder kan framskunde skredet.

Tv-saka 23.10: Dei som bur i dalen syns det er skremmande at det kjem til å rase frå Mannen. Så gale har det aldri vore før.