Hopp til innhold

Jarle håper at skredet snart kjem

Jarle Sogge har vakse opp under fjellet Mannen. No ventar han på skredet slik at han får bruke hytta si som er evakuert.

Jarle Sogge

Jarle Sogge føler seg ikkje trygg under fjellet Mannen. Han ser fram til at det varsla steinskredet er overstått.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Helikopter på fjellet Mannen

I dag har geolog sett på sprekkane i fjellet både frå helikopter og frå fjellet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Alt er ikkje slik det plar vere på Horgheim i Rauma. Eit helikopter sirklar over snødekte fjelltoppar på fjellet Mannen, medan ein skare journalistar står på bakken og filmar. Folk som kjem køyrande, stansar og kikar opp på fjellet.

Jarle Sogge følgjer også med. Onsdag vart to gardar evakuerte fordi skredet som er venta om kort tid, kan verte større enn ein først trudde. Også togbana gjennom Romsdalen er stengt.

Jarle Sogge er oppvaksen i området og har hytte i nærleiken. Dit kan han ikkje gå.

– Før visste vi ingenting om den store skredfaren. Det er først dei siste åra at vi har følt det, seier Sogge.

Stort steinskred

Mannen - kritisk punkt

Øvste del av Mannen med omtrentleg nedre avgrensing av fjellpartiet i bevegelse. Pila til høgre viser skredbana i retning Rønningen.

Foto: Åknes/Tafjord Beredskap IKS

I 2009 kom det på plass varslingsutstyr i fjellet, som er nøye overvaka av Åknes/Tafjord Beredskap. I framtida er det venta at det vil gå eit stort steinskred som kan gå over heile dalbotnen og i verste fall gjere at 60 eigedomar hamnar under vatn. Rørslene i fjellet som er oppdaga no, varslar ikkje om dette enorme skredet, men om eit mindre. Likevel tar politi og kommune det så alvorleg at dei som bur nærast fjellet no er evakuert.

– Det er klart at du ikkje føler deg så trygg, seier Sogge.

Naturen varslar

Pensjonisten er glad for at området er overvaka, slik at dei kan få ein peikepinn om når skredet går. Geologane har varsla at nedbørsmengdene er utslagsgivande for når skredet vert løyst ut i det ustabile fjellpartiet. I helga er det varsla store nedbørsmengder og dermed auka skredfare.

Sjølv trur Sogge at naturen vil gi eit lite forvarsel. Det har vore mykje små steinras i området før, så det er innbyggjarane vande med.

– Sist eg hugsar då det gjekk eit stort ras, varsla det seg sjølv eit par dagar før. Det byrja å rulle litt små steinar og så vart det meir og meir, fortel Sogge.

Håper det kjem

No ser han fram til at skredet skal kome. Sogge håper at det deler seg opp i ulike ras, slik at ikkje alle steinane kjem på ein gong.

– Det verste er om det ikkje skjer noko. Då får vi ikkje flytte tilbake. Eg vil tilbake til hytta mi. Det er heilt sikkert, seier Sogge.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL