Hopp til innhold

Volstad tapte fiskekvotesaka med minst mogleg margin: – Dommen er feil

Eivind Volstad, administrerande direktør i Volstad Shipping, tapte i dag saka om fiskekvotene med minst mogleg margin. Staten blei frifunne av høgsterettdommarane med 9 mot 8 stemmer.

Staten fikk i dag medhold i anken mot trålbåtrederen Eivind Volstad i Høyesterett. Rederen fra Ålesund hevdet han eide fiskekvotene sine til evig tid og da staten innførte ei tidsavgrensing i 2007, var det i strid mot Grunnloven. Rederen er overraska over dommen.

Eit minst mogleg fleirtal av dommarane i Høgsterett meinte at ei tidsavgrensing av fiskekvotene ikkje bryt med grunnlova sin paragraf 97. Høgsterett i plenum blei delt på midten med 9 mot 8, der staten blei frifunne.

Det er klart etter at Høgsterett avsa dom i saka der fiskebåtreiar Eivind Volstad ville ha svar på om rederiet sin nye frysetrålar Volstad kan eige fiskekvotene sine i 25 år, slik forskriftene er i dag, eller til evig tid.

Då Volstad kjøpte kvotene han no ville avklaring om i 2005, hadde dåverande fiskeriminister Svein Ludvigsen (H) på tampen av si tid som statsråd fått vedtatt ei forskrift som sa at reiarane kunne sjå på kvotene sine som evigvarande.

Helga Pedersen (Ap) tok over statsrådposten same år, og etter å ha fryst fiskerinæringa sine moglegheiter for å kjøpe kvoter i to år, fekk ho i 2007 vedtatt ei forskrift som gjorde at kvotene igjen blei tidsavgrensa.

Det var denne endringa fiskebåtreiar Eivind Volstad fra Ålesund reagerte på, og han gjekk difor til sak mot staten. Han meinte tidsavgrensinga var i strid med grunnlova sin Paragraf 97 som seier at ingen lover skal bli gitt tilbakevirkende kraft.

– Skuffa over dommen

Eivind Volstad var ordknapp etter domsavgjerda, men det var ein tydeleg nedstemt fiskebåtreiar som møtte pressa etter dommen blei klar.

– Eg er sjølvsagt skuffa, og eg meiner dommen er feil, seier Eivind Volstad til NRK.

Volstad var naturlegvis overraska, då han trudde sigrane i tidlegare instansar ville sikre sigeren også i landets øvste rettsinnstans.

– Etter ein klar siger i tingretten og ein klar siger i lagmannsretten, så er dette resultatet overraskande, seier Eivind Volstad.

– Uheldig for mange

Styreleiar i Fiskebåt, interesse- og arbeidsgiverorganisasjonen for den norske havfiskeflåta, Tore Roaldsnes, meiner dommen er uheldig.

Roaldsnes

Styreleiar i Fiskebåt, interesse- og arbeidsgiverorganisasjonen for den norske havfiskeflåta, Tore Roaldsnes, meiner dommen er uheldig for fleire enn fiskerinæringa.

Foto: Fiskebåt

– Med ei så omstridt avgjerd er dommen uheldig både for staten, reiarlaget og næringa, seier Tore Roaldsnes i ei pressemelding.

Roaldsnes set no si lit til Solberg-regjeringa, som han håpar kan overprøve denne dommen.

– Den nye regjeringa har i regjeringsplattforma forplikta seg til å gjere strukturkvotane tidsuavgrensa. Dette er gledeleg, og eg vonar då at vi trass denne dommen slepp fleire politiske omkampar om dette spørsmålet, seierTore Roaldsnes.

– Inga avgrensing for regjeringa

Til Fiskebåt sine heimesider seier fiskeri- og kystminister Elisabeth Aspaker (H) dette om Høgsterett si avgjerd i Volstad-saka.

– Dommen legg ingen avgrensningar på denne regjeringa sine moglegheiter til å føre sin eigen strukturpolitikk.

Elisabeth Aspaker seier vidare at ho meiner dommen kan føre med seg noko positivt.

Elisabeth Aspaker

Fiskeri- og kystminister Elisabeth Aspaker (H) meiner at dommen i Volstad-saka ikkje legg avgrensingar på den nye regjeringa sine moglegheiter til å føre sin eigen strukturpolitikk.

Foto: cf-wesenberg@foto.no

– Det er positivt at vi nå har fått en avklaring på de rettslige rammene for det politiske handlingsrommet, seier Aspaker.

I regjeringserklæringa til den nye regjeringa står det at regjeringa vil
"legge til grunn at strukturerte kvoter skal være tidsubegrenset".

Lang kamp

Den raudgrøne regjeringa innførte som sagt i 2007 tidsavgrensa strukturkvoter for havfiskeflåten. Tidsavgrensinga gjaldt også tidlegare tildelte kvoter, som reiarane meinte hadde blitt gitt dei for evig tid.

Han fikk medhald både i Oslo tingrett og i Borgarting lagmannsrett, men altså ikkje i Høgsterett med knappast mogleg margin.