Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth har signalisert at dei minste skal få meir med ho i statsrådsstolen.
Urte Sliazaite og Kenneth Stensen håper Myrseth held fast ved det når ho legg fram kvotemeldinga seinare i dag.
– Vi har jo forventning med at vi får meir fisk, og dermed meir pengar og inntekter. Om vi ikkje har inntekter, er vi nesten nøydde til å flytte, seier Stensen.
Fleire fiskarar og sjarkar i Finnmark
Det har blitt 20 prosent fleire fiskarar og sjarkar i Finnmark dei siste 10–12 åra.
Den invaderande arten kongekrabbe er godt betalt, og ein viktig grunn til at mange har investert i slike små kystfartøy.
I tillegg har det vore romslege torskekvotar i meir enn ti år.
Kiberg i Vardø kommune er eitt av fiskeværa som har opplevd sterk vekst i antal sjarkar, men no buttar det imot, fortel fiskar Kenneth Stensen.
I år kan han fiske tolv tonn torsk med sjarken «Lofotfisk».
– I fjor hadde vi 22 tonn.
Krabbekvoten til Stensen har gått ned frå 2,2 tonn til 730 kilo.
Difor ventar han spent på kvotemeldinga.
Nesten heile inntekta går til banken
Lågare kvotar fører som regel til prisstigning på både torsk og krabbe,
men det hjelper å vere gjeldfri.
– Min båt er nedbetalt, så eg har ikkje mange utgifter. Det er verre med sambuaren, seier Stensen.
Urte Sliazaite kjøpte sjarken «Valkyrien» i fjor sommar og må også tole nesten same kvotereduksjon som Kenneth. Ho får tre tonn meir torsk enn sambuaren fordi ho er kvinne under 40 år. Likevel lover det ikkje godt for året som kjem.
– Alle pengane går til å betale banken. Eg tok lån da eg kjøpte båten, fortel ho.
Vil ha distriktskvote
I Noregs austlegaste by, og Nord-Noregs eldste, har fiskarane heist opprørsfana fleire gonger.
På 1930-talet enda hektisk møteverksemd med fiskarstreik, og etter kvart eit lovverk som sikra fiskarane føreseieleg betaling.
Denne gongen stiller vardøordførar Tor Erik Labahå seg i spissen for eit nytt krav;
eigne distriktskvotar til Finnmark. Han vil organisere det via kystkommunane.
– Dei skal ha desse goda og fordele kvoten til sin sjarkflåte.
– Kva skjer med fiskarane som eventuelt får ein slik kvote når dei sluttar å fiske?
– Da blir den ført tilbake til samfunnet, og vi kan fordele denne havressursen lokalt i Finnmark, seier Labahå.
I dag er kvoteretten knytt til båten. Derfor forsvinn fisken dersom fartøyet blir selt ut av kommunen.