Hopp til innhold

Fiskeria er grunnmuren for heile bygda – også turismen

– Turistar vil ikkje ha kulissar, men det som er autentisk. Dei vil ha noko dei kan lære av, seier samfunnsforskar. I bygda Bugøynes har fiskeria blitt ryggrada for turismen.

Krabbesafari3

Bugøynes er eit ynda reisemål, og turistane kjem heile året. For 35 år sidan var situasjonen ein heilt annan.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Trond Høiberget skal leie nok ein krabbesafari. Før avgangen frå ei av flytebryggene i Bugøynes i Aust-Finnmark, får alle om bord instruksar om kva som må gjerast om noko skulle gå gale.

Draktene er varme. Den som av ein eller annan grunn hamnar i Varangerfjorden vil også flyte om det skjer.

– Da blir du både kald og våt, slår dagleg leiar dagleg leiar i Visit Bugøynes, Høiberget fast.

Trond Høiberget

Dagleg leiar Trond Høiberget i Visit Bugøynes seier fiskeria er vitig for turistnæringa i bygda.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Frå krise til suksess

Bugøynes er eit ynda reisemål, og turistane kjem heile året.

Det var andre tonar da folket i bygda var toppsak i Dagsrevyen hausten 1989.

«300 finnmarkingar søker nytt bustad. Fiskeværet Bugøynes vil flytte samla til Sør-Noreg», fortalde programleiar Svein Torgersen denne tysdagskvelden.

Bygdefolket hadde annonsert i Dagbladet fordi det meste såg mørkt ut.

Bugøynes toppsak i Dagsrevyen

Bugøynesfolket sin annonse var toppsak i Dagsrevyen den 15. august 1989.

Foto: NRK

Det var svart hav. Torskebestanden i Barentshavet hadde kollapsa.

Dei siste hadde stempla ut av filetfabrikken, og barnefamiliane var usikre på framtida. Da var det betre å flytte i samla tropp, i staden for ein og ein.

Det gjekk ikkje slik. Ein innvandrar frå aust hadde ikkje sett grensa under vatn. Kongekrabba gav ny giv i fiskeria, og ho bidrar til at turistnæringa blomstrar.

Annonsen fra Aksjon Bugøynes

Her er annonsen bygdefolket i Bugøynes rykka inn i Dagbladet hausten 1989.

Fiskeria er grunnmuren

– Vi hadde ein god kaptein, og vi fiska nokre krabber.

Hank Prium frå Nederland er nøgd med turen. Kapteinen hadde sørga for varme klede, latt turistane fiske kongekrabbe og sjå på snødekte fjell.

Hank Prium frå Nederland har vore på krabbesafari i Bugøynes.

– Vi hadde ein god kaptein, og vi fiska nokre krabber. Hank Prium frå Nederland er nøgd med krabbesafarien.

Foto: Sebastian Faugstad / NRK

Kapteinen Trond Høiberget var med på opprøret for 35 år sidan. I dag er han ein av pionerane i reiselivet i bygda.

Ei næring som etter hans syn har bremsa fråflyttinga.

– Det er ikkje så mange som flytter ut. Dei som er her, blir her. Så lenge fiskeria er her som ein basis, så blir vi her.

Les også «Vil noen ta imot oss?»

Bugøynes

Vil ikkje ha kulissar

Svein Jentoft er samfunnsforskar og pensjonert professor frå UiT Norges arktiske universitet.

Han forstår godt at turistnæringa i Bugøynes ser på fiskeria som grunnmuren i bygda. Turistane vil ha det som er autentisk, ikkje kulissar.

– Da er det svært interessant å komme til ein stad som Bugøynes. Der er det opplevingar turistane kan lære av.

Mina Haugan sorterer kongekrabbe om bord i "Bugøyjenta".

Kongekrabba har skapt aktivitet i fiskerinæringa i Bugøynes. De nyt også turismen godt av.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Fiskeria kan få eit løft

I førre veke la fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth fram regjeringa si kvotemelding. Hovudbodskapen hennar var at det blir flytta kvotar frå store fartøy til dei minste.

Høiberget likte det han høyrde.

I Sør-Varanger er det mange som nyleg har begynt som fiskarar.

– Det vil vere eit løft for dei som har starta dei siste åra, og ikkje minst ein mogleg motivasjon for andre som tenker på å starte. Det vil vere meir å hente for kystfiskarane.

Høiberget legg til at fisken som kjem frå nærområdet, er den som er størst og har best kvalitet.

Les også Dette er endringene: – Svikter fiskerne og øker konfliktlinjene

Kvotemelding Cecilie Myrseth

Må delta i debatten

Kvotemeldinga kjem til å bli grundig drøfta før den endelege behandlinga i Stortinget. Jentoft oppmodar alle til å delta i debatten.

– Har fiskerinæringa sine eigne folk fått vere for einerådande i utforminga av fiskeripolitikken?

– Altfor mykje, altfor mykje!

Jentoft meiner at politikarar på alle nivå, næringsaktørar og folk flest, bør engasjere seg i debatten om kvotemeldinga.

Sjarker i fiskerihavna i Bugøynes.

Samfunnsforskar og tidlegare UiT-professor Svein Jentoft seier turistane vil ha det som er autentisk, ikkje kulissar. – Da er det svært interessant å komme til ein stad som Bugøynes, seier han.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

– I kor stor grad fiskeriforvaltninga og kvotepolitikken er ein suksess eller ikkje, bør ein svare på nedanfrå, og ikkje ovanfrå.

Han vil ikkje at fiskeriorganisasjonane skal få dominere ordskiftet om kvotemeldinga.

– I høgste grad meiner eg at denne debatten er for viktig til å overlate til desse næringsorganisasjonane. Politikarar, ikkje minst dei som har erfaring og ser korleis dette fungerer i sine lokalsamfunn, bør engasjere seg, slår Jentoft fast.

Frå 45 varmegrader til mørke og kulde

– Vi hadde ein fantastisk tur i båten i dag.
Tegan O'Neill er frå Australia og har hatt det fint på sjøen i lag med andre familiemedlemmer. Ho og mannen Tolly Marsh forlèt 45 varmegrader på jakt etter noko anna.

Tolly Marsh (t.v.) og Tegan O'Neill har fått servert kongekrabbe på Bistroen i Bugøynes.

Tolly Marsh (t.v.) og Tegan O'Neill reiste frå 45 varmegrader i Australia for å oppleve kulde og mørke i nord.

Foto: Sebastian Faugstad / NRK

– Vi ville oppleve mørket, kulda og smaken av kongekrabbe. Det er heilt fantastisk.

– Har du nokosinne ete kongekrabbe før?

– Dette er første gong, og det er fabelaktig, slår Marsh fast.

Gjer det på ein naturleg måte

Høiberget forklarer kvifor reiselivet i Bugøynes får det til:

– Eg trur vi prøver å vere autentiske i forhold til det vi gjer. Vi utfører det på ein naturleg måte, vi tar imot folk, vi ser folk, vi snakkar med folk. Ikkje til, men med. Og eg trur dagens turistar gjerne vil bli sett og snakka med, seier han.

Da blir også turistane ein del av eit lite bygdesamfunn.

– Her er vi er nært kvarandre, og da lar vi dei komme inn til oss, avsluttar han.