Hopp til innhold

Blir den første i sitt slag

Silvia G. Klokk er ein av få kvinnelege luftballongpilotar. Når ho deltek på VM i Litauen neste måned, er det som den første kvinnelege luftballongpiloten i Noreg.

Silvia Klokk

Silvia Klokk blir historisk når ho deltek på VM.

Foto: Privat

Ballongflyging er ein relativt liten sport i Noreg.

Silvia G. Klokk

Silvia Klokk må reise langt for å trene og konkurrere. Forholda i Noreg er ikkje optimale.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg er den einaste norske kvinna som held på med dette, etter det eg veit. I Noreg er det registrert 12 ballongar, men eg veit ikkje kor mange av desse som er aktive, seier Silvia G. Klokk frå Ålesund.

– Heilt spesielt

Ålesundaren er opphavleg frå Litauen, men har budd i Noreg i fleire år. Interessa for luftballongflyging har ho hatt i årrekke.

– Eg byrja å delta i konkurransar i 1999 som observatør og dommar. Då reiste eg rundt for å delta på konkurransane og nokre gongar fekk eg fly med pilotane, seier Klokk.

Etter kvart fekk ho meirsmak for ballongflyging og bestemte seg for å bli pilot sjølv.

Silvia Klokk

Silvia Klokk har hatt interessa for luftballongflyging i årrekke.

Foto: Privat

– Det å få fly sjølv er eit eventyr så til slutt bestemte eg meg for å ta sertifikatet og bli pilot, seier Klokk.

Ho meiner det er lite som kan måle seg med å fly luftballong.

– Du kan fly rett over bakken og rett over skogen. Ein kan til og med kome borti trea utan at det gjer noko. Du ser alle detaljane tydeleg, så det er veldig spesielt, seier Klokk.

Må reise langt for å trene

Trass i at Klokk har ein stor lidenskap for ballongflyging, må ho reise langt både for å trene og konkurrere. Forholda i Noreg er nemleg ikkje optimale for ballongflyging.

Silvia Klokk

VM i ballongflyging går av stabelen 5. til 10. juli.

Foto: Privat

– Det kunne vore mogleg lenger inne i landet, men her i Møre og Romsdal er det for vanskelege forhold for at det skal vere trygt. Her er det mykje fjord og fjell og sterk vind. I tillegg må ein ha ein landingsplass som er eigna, seier ho.

Om ein månad skal ho delta i VM for første gong. VM går av stabelen 5. til 10. juli og har deltakarar frå heile verda. Ei konkurranse kan vare mellom to til tre timar.

– Under ei konkurranse er det mange faktorar som spelar inn. Du får ulike oppgåver og må lande på ein spesiell plass. Men først og fremst må du ta ansvar både for deg sjølv og andre, seier Klokk.

Men allereie komande tysdag skal ho konkurrerer i eit luftballongmeisterskap i Litauen.

– Då får eg trent litt ekstra før VM, seier ho med eit smil.