Vindkraft blir viktig

Vindkraft blir langt viktigare for kraftproduksjonen framover. Vindkraft er eit sentralt tema på Småkraftkonferansen i Molde. Nesten all kraft som blir produsert i Noreg i dag er vasskraft, men med ei stor utbygging av vindkraft kan ho utgjere ein viktigare del av kraftproduksjonen og dermed også straumprisen. Det meiner kraftanalytikar Olav Botnen i konsulentselskapet Wattsight.

– Dei første vindmøllene vil nok ikkje særeleg bidra til variasjon i straumprisen i forhold til det vi har sett. Men etter kvartt som det blir store volum, så vil det bli ei volatil prisutvikling - at prisen går opp og ned time for time gjennom heile året, seier Olav Botnen.

vindkraft
Foto: Pressefoto