Villaksen kan bli raudlista

Villaksen kan bli raudlista i Noreg for første gong. Det seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn frå Venstre. I ein ny handlingsplan for villaks skal det mellom anna bli utgreidd krav om nullutslepp av lakselus frå oppdrettsanlegg. I handlingsplanen blir det og tatt til orde for betre sporing, merking og oppfisking av rømt oppdrettslaks.

Sveinung Rotevatn på Vossevangen 5. september 2021.
Foto: Eivind Molde / NRK