Salmars havmerd i Frohavet
Foto: Morten Andersen / NRK

Oppdrettsnæringen i Møre og Romsdal

  • Varsel om redusert produksjon

    Mattilsynet har gitt to oppdrettsanlegg i fylket varsel om mellombels redusert produksjon. Det er Voldnes i Herøy og Rønstad i Volda, begge er eigde av Mowi. Grunnen skal vere langvarige og omfattande problem med lakselus. Parasitten påfører laksen skade, gir dårleg velferd og opnar for andre infeksjonar som bakteriar og sopp.

  • Bekreftar ILA-smitte

    Mattilsynet bekreftar at det er påvist ILA ved eit oppdrettsanlegg i Herøy kommune. Det vart varsla om mogleg smitte 17. januar, og anlegget har no byrja å slakte fisken på anlegget. Dei er også pålagt andre restriksjonar for å hindre smitte.

  • Mistenkjer ILA i Herøy

    Mattilsynet melder at det er mistanke om fiskesjukdommen ILA ved eit oppdrettsanlegg i Herøy. ILA oppstår som følgje av eit virus som kan gje sjukdom hos laks. Anlegget, som ligg på Voldnes i Herøy, blir pålagt restriksjonar for å unngå smitte. Ifølgje nettstaden BarentsWatch er det påvist ILA fem andre stader langs kysten.

  • Mistanke om ILA-smitte i Herøy

    Mattilsynet melder at det er mistanke om fiskesjukdommen ILA ved eit oppdrettsanlegg i Herøy. ILA oppstår som følgje av eit virus som kan gje sjukdom hos laks, og er ufarleg for menneske. Anlegget, som ligg på Voldnes i Herøy, blir pålagt restriksjonar for å unngå smitte. Ifølgje nettstaden BarentsWatch er det påvist ILA fem andre stader langs kysten.