Hopp til innhold

Vil slutte å bruke siloen til lagring av næringsavfall

Tafjord Kraft garanterer at det ikkje vart sleppt ut giftige gassar i forbindelse med onsdagens søppelbrann på Grautneset i Ålesund. Selskapet vil likevel endre måten dei lagrar avfallet på.

brann på Grautneset med brannbiler, arkiv fra 1985, mer brann og røyk

Sjå tv-saka: Naboane på Grautneset i Ålesund er redde for giftig røyk etter ein ny søppelbrann. Foto/redigering: Øyving Berge Sæbjørnsen.

Grautneset

Onsdag byrja det igjen å brenne på Grautneset.

Foto: Remi Sagen / NRK

Onsdag morgon byrja det igjen å brenne ved forbrenningsanlegget på Grautneset i Ålesund. Tidlegare i år oppstod det ein brann på Bingsa avfallsplass, deretter ein ulmebrann på Grautneset i slutten av juli i år. Men ikkje før i september vart brannen sløkt.

No er naboane til forbrenningsanlegget på Grautneset i ferd med å miste tolmodet og har bestemt seg for å skrive brev til Fylkeslegen i Møre og Romsdal. Naboane er mellom anna redde for den helseskadelege gassen hydrogensulfid som dei meiner vart slept ut i forbindelse med brannen for nokre månader sidan.

– Vi veit at det var snakk om helsefarleg store konsentrasjonar og det var folk i nærmiljøet her som kjente på kvalme etter den førre brannen, seier Hallgeir Reiten, ein av naboane til Grautneset.

Arbeidar for å finne nye løysingar

Det er Tafjord kraft som har ansvaret for å drive anlegget på Grautneset. Dei er sikre på at den giftige gassen ikkje vart sleppt ut under brannen onsdag.

Kari Løken kommunikasjonssjef

Kommunikasjonssjef i Tafjord Kraft, Kari Løken, fortel at dei vil slutte å bruke siloen til å lagre næringsavfall.

Foto: Tafjord Kraft

– Vi har gjennomført målingar gjennom heile dagen i dag, og det vil vi halde fram med. Målingane viser ingen teikn til farlege gassar, seier kommunikasjonssjef i Tafjord Kraft, Kari Løken.

Selskapet har jobba med å gjere noko med brannproblemet sidan den førre brannen tidlegare i haust. Utfordringa har vore at når avfallet blir liggande lenge så oppstår det kjemiske reaksjonar. Når det deretter blir tilført oksygen i samanheng med tømminga av avfallet, kan det blusse opp brann, og det er truleg det som har vore årsaka til dei to siste brannane, fortel Løken.

– Vi har arbeida med å tømme siloen sidan førre brann vart sløkt, men det er ein omfattande prosess og tek dessverre tid. Det er forholdsvis mykje avfall i siloen, og vi greier ikkje å tømme den fort nok til å unngå at det blir varmgang i avfallet, seier ho.

Løken kan ikkje seie nøyaktig kva type avfall det er som er i siloen, men at det i utgangspunktet berre skal vere ufarleg næringsavfall. Selskapet har likevel bestemt seg for å gjere endringar i måten dei lagrar dette avfallet på.

– Vi vil slutte å lagre næringsavfall på denne måten når siloen er tømt. Vi skal i staden finne ei løysing der avfallet blir liggande i kortare periodar for å unngå dei kjemiske prosessane som fører til varmgang i avfallet, seier ho.

Ønsker openheit og kommunikasjon

Brannen onsdag skapar mobilisering blant naboane, og frykta for gift gjer at kravet om full nedstenging kan bli gjentatt.

Hallgeir Reiten

Hallgeir Reiten, ein av naboane til Grautneset, sender brev til Fylkeslegen.

Foto: Privat

– Vi ber i yttarste konsekvens om at fylkeslegen vurdera ei full nedstenging av anlegget fram til det er klart kva avfall som finst der, Hallgeir Reiten.

Røyk og utslipp gjer at begge partane ser at det er viktig å snakke saman.

– Difor har vi prøvd å ha ein tett dialog med naboane både under førre brann og likeins med oppfølging i dag, seier Løken.

– No ventar vi full openheit i forhold til kva industriavfall det her er og kva slags helseeffektar det har, seier Reiten.