Hopp til innhold

Vil skape ei kulturscene for barn og unge

Etter nyttår opnar eit nytt kulturhus med namnet «Kulturhuset Dragen», i Ålesund sentrum.

Jan Hogne Christiansen

Jan Hogne Christiansen er mannen bak det nye kulturhuset «Dragen» som opnar i Ålesund i januar 2016.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Lokala i det gamle trykkeriet til Sunnmørsposten får no ny giv som nytt kulturhus i Ålesund. Jan Hogne Christiansen er lærar og forfattar av barnebøkene om Borgny, som i seinare tid også har blitt musikk, teater og snart sommarspel. Dermed oppstod behovet for nye øvingslokale.

Oppstarten av det nye kulturhuset var utgangspunktet var likevel litt tilfeldig ifølgje initiativtakaren sjølv.

– Eg var på jakt etter øvingslokale for stykket Borgny då eg besøkte Sunnmørsposten sine gamle lokale i Ålesund. Der oppdaga eg ei flott scene med komplett utstyr for å halde på med musikk og teater, seier Christiansen engasjert.

Han snakka så med huseigaren og fekk høyre at lokalet var ledig frå 1. januar 2016.

– Eg tenkte at her kan det skje ting, og ei natt eg vart liggande vaken byrja eg å legge planer for kva eg kunne skape i lokalet, seier Christiansen.

Styrka kulturtilbod

Initiativtakaren fortel at «Kulturhuset Dragen» skal fungere som eit kulturlokale for barn og ungdom, samt vere eit lokale for å vidareutvikle konseptet rundt Borgny.

Kulturhuset Dragen

På nyåret opnar eit nytt kulturhus i Ålesund sentrum.

Foto: Privat/manipulert foto

– Eg trur dette kulturhuset kan vere med på å styrke det kulturmiljøet som allereie eksisterer, seier Christiansen.

Han meiner det er eit klart behov for eit slikt kulturtilbod i Ålesundregionen.

– Det er eit behov blant dei lokale kunstnarane og dei som held på med musikk og teater. Men det er minst like viktig at barn og unge får ei scene og boltre seg på, seier Christiansen.

I tillegg ønskjer han å skape ein internasjonal kulturkafe i lokala til det nye kulturhuset.

– Det kjem stadig nye menneske til denne regionen, og det er viktig at også desse vert inkludert i kulturlivet. Eg trur det vil styrke lokalsamfunnet vårt å inkludere fleirkulturelle i teater- og musikkmiljøet, seier Christiansen som til vanleg jobbar som lærar ved vaksenopplæringa.

Stor entusiasme

Lokala er på 480 kvadratmeter og er godkjent for 200 personar. Kulturhuset skal finansierast gjennom egne prosjekt, ekstern utleie og gjennom støtte frå lokalt næringsliv. Ifølgje Christiansen har responsen på det nye kulturhuset vore god.

– Det er allereie mange som har tatt kontakt om lokalet, og det er stor entusiasme for det som skjer, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL