Hopp til innhold

Skuleprosjekt vart dansestudio

Saman med tre venninner har Sara Frøysa (17) starta eit nytt dansestudio i Ålesund sentrum. No håpar dei å kunne utvide bedrifta.

sara Frøysa (17)
Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Ideen kom til Frøysa då ho skulle byrje på gründerlinja på Latinskolen i Ålesund.

– Då fekk vi i oppgåve å finne noko nytt som det var behov for i Ålesund, og då landa eg på ideen om eit dansestudio, seier ho.

Frøysa fekk med seg tre venninner, som også studerer ved Latinskolen i Ålesund, og saman starta dei dansestudioet Mega Studio i Ålesund sentrum.

– Vi byrja med å pusse opp studioet og i oktober opna vi dørene, seier ho.

Berg og dalbane

Frøysa fortel at prosessen har vore ei berg og dalbane.

Dansestudio

Dei fire underviser elevar i barneskulealder.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

– Det har vore tøft, men også utruleg kjekt og lærerikt, seier ho.

Det har også vore utfordrande for dei fire jentene å kombinere skulekvardagen å drive eit dansestudio.

– Heldigvis har vi litt tid på skulen til å jobbe med det, ettersom det i utgangspunktet er eit skuleprosjekt. I tillegg har vi gode lærarar som hjelper og støttar oss. men vi hadde aldri klart det hadde det ikkje vore for at vi gjekk på gründerlinja, seier Frøysa.

Håpar å kunne utvide

I litt over to månadar har dei undervist elevar i barneskulealder, og torsdag kunne elevane vise fram resultatet av all treninga til familie og vennar.

No håpar dei fire å kunne utvide tilbodet ved dansestudioet.

– Vi kunne godt tenke oss å undervise eldre elevar også, men vi må først finne ut om det er ein etterspørsel for det, seier Frøysa.

Og jentene er tydelege på at dei ønskjer å satse vidare på dette prosjektet.

– Ja, vi har stor tru på dette prosjektet, seier