Hopp til innhold

Med tau som arbeidsverktøy

Karoline Aamås frå Volda har valt å følgje lidenskapen og satse draumen sin. Ho er ein av få norske sirkusartistar.

Karoline Aamås

TAU: Karoline Aamås frå Volda er utdanna sirkusartist og har tau som hovudreiskap.

Foto: Einar Kling-Odencrants

– Pappa tykkjer det er kult, mamma uroar seg litt.

Det er kanskje ikkje så rart at mor uroar seg nokre gongar, for til vanleg svever 26 år gamle Karoline Aamås fleire meter oppe i lufta.

Nokre gongar er ho sikra, andre gongar ikkje. Då har ho berre seg sjølv og eit tau å lite på.

– Dersom eg føler det er ein risiko for at eg dett ned, då har eg ein tjukkas under meg. For eksempel når eg gjer dynamiske nummer der eg slepper, er mykje fri frå tauet og må gripe meg igjen, seier Aamås.

Saka held fram etter biletet.

Karoline Aamås

LIDENSKAP: Karoline Aamås blei hekta frå fyrste stund, og jobbar i dag som sirkusartist.

Foto: Einar Kling-Odencrants

Hekta frå fyrste stund

Ho har ikkje akkurat gjort det mest tradisjonelle yrkesvalet. Som ein av få norske sirkusartistar, har ho valt å satse hundre prosent på lidenskapen sin og jobbar i dag som tauartist innanfor sirkussjangeren nysirkus.

Aamås som vaks opp i sunnmørsbygda Volda, var alltid glad i fysisk leik i oppveksten, men interessa for teater, scenekunst og sirkus dukka fyrst opp då ho byrja på dramalinja på Fagerlia i Ålesund.

– Vi såg ein film om Cirque du Soleil ein gong, det gjorde at eg blei endå meir interesser i fysisk teater. Så oppdaga eg at Fjordane folkehøgskule hadde ei sirkuslinje. Eg hadde ikkje peiling på kva det var for noko, men eg visste eg ville prøve det.

Og det gjorde ho. Vegen gjekk då vidare til Fjordane folkehøgskule. Der møtte ho ein gamal gymsal, fylt med utstyr ho aldri hadde vore borte i før. Men det tok ikkje lang tid før ord som trish, trapes og tau var blitt ein vanleg del av vokabularet.

– Eg blei hekta frå fyrste stund, seier Aamås.

Satsa på draumen

Året på folkehøgskule gir meirsmak. Ho er klar for å lære meir, men eit minimalt tilbod i Noreg gjer det vanskeleg. Ho jobbar difor som postbod i Oslo eitt år. Der deltek ho på diverse workshops, og kjem etter kvart i kontakt med fleire som deler interessa og lidenskapen hennar for sirkus.

– Eg fekk høyre om ein skule i København der ein ikkje trengde dei store forkunnskapar for å søke. Eg søkte, gjekk på audition og kom inn, noko som var heilt fantastisk, seier ho.

Aamås som eigentleg berre hadde tenkt å vere der i eitt år, enda opp med å bli i tre. Undervegs får ho høyre om fleire sirkushøgskular, og innser at dette er noko ho har moglegheit til å gjere på fulltid.

– Eg hadde kome opp på eit nivå der eg såg at det var mogleg for meg å gjere dette på fulltid, og kunne leve av det, seier Aamås.

Ho vel difor å satse vidare på lidenskapen sin, og søker på sirkushøgskular både i Stockholm og i Frankrike. Ho kjem inn begge stadar, men valet fell til slutt på Stockholm.

– Eg følte eigentleg at draumen min hadde gått i oppfylling då eg kom inn. Det var utruleg stort, seier ho.

Saka held fram etter bilete.

Karoline Aamås

UREDD: Aamås heng ofte fleire meter oppe i lufta, og har som regel berre seg sjølv og eit tau å lite på.

Foto: Einar Kling Odencrants

– Eg er fødd med høgdeskrekk

Aamås som hovudsakleg held på med tau, er også trent innanfor kinesisk påledans. I tillegg trenar ho dans og akrobatikk, og held seg innanfor ei form ho kallar nysirkus.

– Nysirkus har meir glidande overgangar mellom forskjellige kunstartar eller kunstformer, og kan trekke inn dans, teater, akrobatikk og musikk om ein vil, seier ho.

Men av alle ting ho kunne velje, så fall altså valet på tau.

– Eg har lett for å bygge musklar, og lett for å bli sterk, så tau var eigentleg eit naturleg val. På ein måten var det lettast for kroppen min å lære. I tillegg tykkjer eg det er utruleg kjekt, seier ho og smiler.

Men det var også ein annan grunn til at Aamås valde tau som arbeidsverktøy.

– Eg eg fødd med høgdeskrekk og bestemte meg rett og slett for at eg skulle overvinne frykta mi for høgder. Eg bestemte meg for at eg ville overkomme mine eigne grenser, seier ho og ler.

Og det er ingen tvil om at ho har gjort nettopp det. For sjølv om ho på dagleg basis heng fleire meter oppe i lufta, ofte usikra, så er ho sjeldan redd.

– Nei, som regel føler eg meg ganske trygg. Men det er klart at når eg trenar på ting eg ikkje er trygg på endå, så er eg litt redd. Eg legg alltid inn i treninga at eg skal øve meg på å falle fleire gongar frå ulike høgder slik at eg veit korleis det følast å falle, og ser at det går bra. Då forsvinn uvissa, seier Aamås.

Sirkusartist anno 2014

No, etter seks samanhengande år med intensiv trening, føler ho seg framleis ikkje utlært. Det har vore ein lang læringsprosess der ho har lært litt etter litt. Og som dei seier, øving gjer meister.

Karoline Aamås

SIRKUSARTIST ANNO 2014: Karoline jobbar til vanleg innanfor ei form for sikrus, kalla nysirkus.

Foto: Einar Kling Odencrants

– Det er klart at alt som er nytt er vanskeleg i starten, men så kjem ein opp på eit nivå der det blir lettare, og så jobbar ein vidare mot nye mål. Det er krevjande ei stund, men så blir det lettare, og slik held ein fram. Eg har alltid villa lære meir, seier Aamås.

Ho var ferdig utdanna frå dans og sirkushøgskulen i Stockholm i vår, og satsar no på å kunne følgje draumen vidare.

Sommaren består av jobbing på sirkuslandsbyen i Oslo, i ei førestilling som ho sjølv var med på å lage for tre år sidan.

I tillegg arbeider Aamås med å utvikle ei førestilling saman med to veninner. Og så skal ho sjølvsagt delta på workshops rundt om kring i verda for å lære meir. Det går altså an å leve som sirkusartist i 2014.

Krevjande karriere

Men det har ikkje alltid vore like lett.

– Det har vore fysisk krevjande å trene så masse, og samtidig ha overskot til alt det andre ein må gjere. Då eg studerte i Stockholm fekk eg støtte frå lånekassa, men i København fekk eg ingen stønad, seier Aamås.

– Der trena eg seks timar kvar dag, i tillegg til å jobbe så mykje at eg kunne ete, leve og gå på skule. Det var hardt, held ho fram.

I tillegg kan det også vere psykisk krevjande å presse kroppen og seg sjølv så hardt.

– Ein stiller seg i ein veldig utsett posisjon når ein står på ei scene og skal vise kva kroppen kan gjere. Det er klart at det kan vere hardt for psyken inn i mellom. Det å gå på auditions der dommarar skal avgjere om du er bra nok eller ikkje til å kome med, det er ikkje alltid berre morosamt, seier ho.

Likevel er ho ikkje redd for utfordringar.

– Dersom eg møter ei utfordring, så seier eg til meg sjølv at dette skal gå bra, eg skal ikkje la min eigen frykt stoppe meg frå å gjere noko. Andre skal heller ikkje få bestemme kva eg skal gjere eller ikkje, seier Aamås.

– Eg må nok innrømme at eg er ganske sta. Eg trur rett og slett det er ei staheit i meg som inspirerer meg når ting er vanskeleg, held ho fram og ler.

Sjå Karoline i aksjon her.

Viktig støtte

I tillegg har støtte frå vener og familie vore god å ha.

– Eg trur dei kanskje syns det var litt rart i starten, men dei har vel alltid vore vand til at eg får for meg ting eg vil prøve ut, og at eg må gjere det 100 prosent. Så i starten trur eg mange tenkte det ville gå over, seier ho.

Det gjorde det altså ikkje. I fjor fekk ho også Gniststipendet, eit talentstipend frå den lokale banken. Det har gitt henne ei ekstra moglegheit til å satse vidare på draumen sin.

– Stipendet gir meg moglegheit til å bygge opp eit eiget kompani og ei eiga førestilling saman med veninnene mine. Det har også gitt meg moglegheit til å kjøpe nødvendig utstyr. Eg får halde på med det eg elskar, og er ikkje avhengig av å måtte ta strøjobbar for å overleve, seier Aamås.

– Kontakta med publikum driv meg

Og så kan ein spørje seg sjølv. Kva er det som driv henne? Kva er det som har gjort at ho har valt å satse på eit så unikt yrke som sirkusartist.

– I starten var det nok nysgjerrigheit som dreiv meg. Etter det var det nok kjensla av å få halde fram å leike, sjølv om eg er vaksen. Og det å kunne leike med kroppen og heile tida overskride sine eigne grenser i høve til kva ein trudde var mogleg, seier Aamås.

– No er det meir og meir kontakta med publikum som driv meg. Det at eg kan gi noko til folk. Det er veldig lett å bli inspirert når ein ser kor glade ungar blir når dei ser på, held ho fram.

Aamås som draumar om å reise rundt og opptre med den førestillinga dei held på å utvikle no.

– Å opptre og få betaling for det, det er det beste som kunne skje no, seier ho.