Hopp til innhold

Vil køyre bil på rasutsett veg

Arnfinn Grüner som bur på Ålvundeid meiner ei stenging av Oppdølsstranda er det same som å melde seg ut av Sunndalssamfunnet.

Arnfinn Gruner

Arnfinn Grüner

Foto: NRK

Han seier det er mange som arbeider i Sunndal og er heilt avhengig av bil i jobben sin. Dette kan umogleg verte gjennomført, seier Grüner.

Må bruke bil

I går gjekk eit samrøystes samferdselsutval inn for vegstenging og båtskyss på Oppdølsstranda til tunnel står ferdig.

- Dette er greit nok for dei som arbeider nede på kaiene på Hydro. Men det er no mange arbeidsplassar rundtomkring i Sunndal, og folk må ha bilar ståandes. Då kan vi like godt melde oss inn i Tingvoll og flytte over, dersom denne vegen skal vere stengd i fem år, seier Grüner.

Oppdølsstranda
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Folk tek heilt av

Utvalet vil ha båtskyss, ikkje berre for skuleelevar, men også for pendlarar og andre brukarar av vegen. Men Arnfinn Grüner meiner det må vere muleg å køyre langs Oppdølsstranda for den som vil.

- Det er enkelte som tek heilt av når det gjeld Oppdøsstranda. Det greit nok at det er farleg, men det er farleg stort sett i trafikken. Det er jo om lag 250 som misser livet i trafikken kvart år. Det er mange stader det går ras. Det er trasig i Oppdølsstranda. Det veit eg. Eg har jobba der sjølv. Eg veit korleis det ser ut der, seier Grüner.

Vil sende barna med buss

Grüner er fembarnsfar og flere av ungane reiser no med båt til og frå skulen, men han ville sendt dei med buss dersom det var muleg.

- Ja. Det er klart det er ein risiko. Det er veldig trasig dersom det skjer noko. Det er stort sett farleg å ferdast etter vegen. Når skulen er slutt då reiser folk med ungane sine på strekninga både for det eine og det andre. Men om dagen må folk ta båt.

- Eg forstår ikkje heilt dette her. Eg respekterar at folk har meiningar om dette. Men då må no ein begrense trafikken innover også då. Men om kvelden, når skulen er slutt, då reiser dei jo innover i store flokkar, seier Grüner.

Grünerer forstår at rasfaren langs Oppdølsstranda skaper uro, men meiner også at dette har vorte opphausa den siste tida.

- Det er no dei siste åra at Oppdølsstranda har blitt så forferdeleg farleg. Men Oppdølsstranda har vore lik heile tida, ho. Så eigentleg har ho ikkje blitt meir farleg. Tvert om. Ho har heller blitt sikrare. Det er jo hengt opp nett, og alle er blitt meir OBS på ting, seier Grüner.

Les òg

- Urealistisk stenging

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL