Hopp til innhold

- Urealistisk stenging

Vegvesenet meiner det er urealistisk å stenge den rasfarlege Oppdølsstranda for trafikk.

Ras på Oppdølsstranda 05.06.09
Foto: Eindride Ulstein Gravem

Samferdelsutvalet i Møre og Romsdal foreslo onsdag vegstenging og båtskyss forbi Oppdølsstranda til tunnelen står ferdig.

Permanent stenging vanskeleg

Jan Arild Johansen

Jan Arild Johansen

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Ei permanent stenging av riksvegen vil vere vanskeleg, seier distriktvegsjef, Jan Arild Johansen.

- I Noreg har vi ikkje kriterier for når ein veg er for farleg å ferdast på. Dersom vi går inn for å stenge vegen, går vi inn på heilt nye prinsipp, seier Johansen.

Diskutere prinsipp

Det er ikkje prinsipp i Noreg for å stenge vegar slik Samferdelsutvalet ber om her. Johansen seier at risikoen for ras i Oppdølsstranda ikkje er større no enn det har vore før. Dersom vegen skal stengast må det diskuterast heilt nye prinsipp som eventuelt må diskuterast langt oppe i systemet, seier Johansen til NRK.

Båtskyss

Det går no båtskyss forbi rasstaden, for barn og unge som skal på skule. Fleire har teke til orde for at båtskyssen skal vere tilgjengeleg for alle. Johansen vil ikkje ta stilling til om båtskyss er eit godt alternativ.

- Vi har ikkje gått inn på spørsmålet om båtskyss. Vi forheld oss til den situasjonen vi har, og når politikarane har vendt seg til oss om dette skal dei få svar frå oss, seier Johansen.

Vil køyre bil på rasutsett veg

- Glad du ikkje var i raset mamma!

Vil stenge Oppdølsstranda

- Båtskyss må på plass

Veien stengt etter stort steinras