Hopp til innhold

Vil kjempe for godstrafikken på Raumabanen

Stabile rammevilkår må til for å sikre framtidig godstog på Raumabanen. Det seier Høgres Helge Orten etter at Green Cargo gir opp godstog etter berre få månaders drift.

Helge Orten, Arne S. Lillehagen og Lars Olav Hustad

Helge Orten, Arne S. Lillehagen og Lars Olav Hustad diskuterte godstog på Raumabanen under eit møte måndag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dei tilbakemeldingane vi har fått tidlegare er knytt til føreseielegheit og driftsstabilitet. Difor har vi auka vedlikehaldet på jernbanene dei tre siste åra. Skal nokon satse på gods på Raumabanen så krev det stabilitet. Og skal vi få til det, så må vi finne løysingar som varer i meir enn eitt år i gangen, seier Helge Orten (H) som sit i transportkomiteen på Stortinget.

Eit samla Storting har tidlegare støtta opp omkring målsetjinga om å få meir gods frå veg til sjø og bane.

– Eg ser heller for meg at vi kan diskutere utviklingsprosjekt for Raumabanen enn nedbyggingsprosjekt. Det trur eg er veldig viktig. Det er eit Storting som stil seg bak målsetjinga om å bytte ut dieseltog med andre former for framdriftsteknologi, seier han.

Viktig for lokalsamfunnet

Førre veke kom nyheita om at Green Cargo legg ned godstoget på Raumabanen frå 9. desember. Årsaka skal vere at det ikkje har vore mogleg å få til lønsam drift.

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, meiner at godstrafikken på Raumabanen er viktig for lokalsamfunnet.

Foto: Arnt Olav Herjehagen

Men forkjemparane for Raumabanen gjev ikkje opp kampen og i neste veke møter dei opp hos Green Cargo og deretter i samferdselsdepartementet. Raumaordførar Lars Olav Hustad er skuffa over at ein stor og sterk aktør som Green Cargo trekker seg ut så raskt.

– Vi blei ganske overraska ettersom dei starta opp i april. Vi hadde eigentleg slått oss til ro med tanken om at ein så stør aktør ville kunne bringe dette vidare i ei periode framover, seier han.

Ei sak er å gjere den sterkt trafikkerte europavegen gjennom Romsdalen tryggare, men godstoga er også viktige for Rauma kommune.

– For oss lokalt har det stor betydning i forhold til arbeidsplassar. Det at vi har ei aktiv jernbane er også med på å bringe Raumasamfunnet vidare. Utan ei jernbane betyr det vanskelege forhold for oss, seier Hustad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL