Det er ei kjensgjerning at stadig mindre gods blir transportert med tog her i landet, og stadig meir går med lastebil. Det politiske målet er at det i stadig større grad skal nyttast klimavenlege tog eller skip.
– Vi er utolmodige, seier statssekretær John-Ragnar Aarset (H).
Foto: Olav Heggø / FotovisjonJohn Ragnar Aarset meiner at det er nødvendig å gi godstoga større prioritet på dei eksisterande jernbanelinene. Det vil gå minst 20 år før ny jernbaneline er bygd frå Halden i Østfold til Göteborg.
– Klimavenleg godstrafikk
Regjeringa vil gjerne få til ein meir klimavenleg godstrafikk, men slit med å få det til.
– Vi er utolmodige og vi vil finne løysingar. Det må vi gjere i fellesskap både politikarar, Jernbaneverket og godsnæringa, seier Aarset til NRK.
– Vi har ambisiøse klimamål, seier byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røsland (H).
Foto: Anette Holth Hansen / NRKByrådsleiar i Oslo, Steinar Berger Røsland, seier at hovudstaden er blant pådrivarane for ei endring, fordi dei merkar på kroppen den auka lastebiltrafikken.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Ambisiøse klimamål
– Det er heilt nødvendig for oss å få meir gods over på bane for at vi skal kunne nå dei ambisiøse klimamåla vi har. Vi har ein betydeleg vekst i trafikken på vegane, seier han.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: