NRK Meny
Normal

Tidenes yngste vann gull- men no tenker han mest på mat

16 år gamle Fredrik Aursnes ikkje berre den yngste som nokon sinne har vunne ein cupfinale. Han er også noregsmeister nummer 1000. Men no er det mat han tenkjer på.

Fredrik Aursnes

Midtbanetalentet Fredrik Aursnes er den yngste spelaren som nokon gong har vunne ein cupfinale.

Foto: NRK

Det har vore ein sensasjonell dag for Hødd og dei tusenvis av supporterane som fekk oppleve nervedramaet då Hødd og Tromsø måtte ut i straffesparkkonkurranse. Fredrik Aursnes har enno ikkje fylt 16 år og er dermed historias yngste noregsmeister i fotballcupen. Han gliser frå øyre til øyre.

– Det var bra kamp av oss og vi trakk det lengste strået. seier Aursnes.

Ikkje ete sidan frukost

Korleis hadde du som 16-åring det med 24 000 publikummarar som hoia og skreik?

– Det gjekk overraskande bra for å vere første gong, seier Aursnes.

I kveld skal han heim til Ulsteinvik saman med resten av laget og gler seg til å bli teken imot som ein helt. Men akkurat no er det mat som står i tankane.

– Vi har ikkje ete sidan frukost, så eg er veldig svolten, ler tenåringen. Han fekk spysjuka berre dagar før cupfinalen, men kom heldigvis seg på beina att til den store dagen. No er matlysta på topp.

Underdog

Hødd var «underdogen» som klarte å slå favoritten Tromsø. Det såg stygt ut dei første minutta i kampen. Men Hødd beit seg fast, og Kjell Rune Sellin gav Hødd 1-0-leiing. Det var ikkje mange minutt att av kampen, då Tromsø klarte å score. Det blei ekstraomgangar og straffekonkurranse.

– Det er ein kjempegjeng eg spelar med. Vi greier å mobilisere når vi møter store motstandarar. Det har klart i heile år, seier den svært nøgd 16-åring.

Hødd vann

Det var stor jubel då Hødd vann.

Foto: NRK

Siste nytt

  • Pirrone vant junior-gull i VM

    Elena Pirrone fra Italia vant kvinnenes fellesstart for junior i sykkel-VM fredag. Danske Cecilie Norsgaard Jørgensen sikret VM-sølvet, mens Letizia Paternoster fra Italia tok bronsen. De norske jentene greide ikke å hevde seg i fellesstarten.

    Thale Bjerke var den som hang best med, men hun mistet kjedet med rundt 25 kilometer igjen. Hun endte på 31.-plass med 4.12 minutter opp til vinneren.

    Elena Pirrone
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM-kveld
VM-kveld sykkel-VM
VM-kveld