Hopp til innhold

Turistkommune reagerer kraftig på at kravet om nullutslepp ikkje vert utsett

Verdsarvfjorden Geiranger tener gode pengar på turistar som vil sjå på den spektakulære naturen. No fryktar kommunen at desse pengane går tapt på grunn av strenge miljøkrav.

Geiranger

GEIRANGER: Her er dei vand med mykje besøk for cruiseskip.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Frå 2026 skal alle turist- og cruiseskip i Geiranger og Nærøyfjorden vere utsleppsfrie. Ordføraren i Stranda kommune er skuffa over det næringskomiteen bestemte seg for.

– Konsekvensane blir at Geirangerfjorden blir stengt for dei aller fleste cruiseskip i 2026. Det betyr at vi kan miste inntekt frå 100 til 150 millionar årleg, seier ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp).

Ordføraren peiker på at eit lite bygdesamfunn som Geiranger er heilt avhengig av cruisenæringa.

I går vedtok Stortingets næringskomite at dei skal halde fast ved vedtaket om nullutslepp i 2026, og ikkje som Framstegspartiet foreslo, utsetting til 2030.

– Eg er skuffa. Eg lurer på om næringskomiteen og Stortinget ikkje har fått med seg at samfunnet har vore gjennom ei brutal endring sidan dette vedtaket vart fatta.

Geiranger

HARDT RÅKA: Geirangerfjorden brukar å vere full av cruiseskip om sommaren. I juli 2020 var fjorden heilt tom.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Trur cruisenæringa vil endre seg

– Vi meiner det vedtaket Stortinget gjorde i 2018 skal ligge fast. Vi har fått klare tilbakemeldingar at det er avgjerande at vi ikkje endrar dette, seier Steinar Reiten (KrF) i næringskomiteen.

Han trur at cruiseturismen med enorme skip som reiser inn i dei tronge fjordarmane i Noreg snart vil vere historie.

– Eg trur vi vil få mindre skip i som trafikkerer fjorden framtida. Og med den teknologien som blir utvikla i dag, så greier vi kravet om nullutslepp i 2026, seier han.

Steinar Reiten

ENDRING: Stortingsrepresentant Steinar Reiten trur cruiseturismen vil endre seg i åra framover.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Det er fleire bedrifter som er godt i gang med å utvikle skip som skal vere utsleppsfrie. Hellesylt Hydrogen Hub på Sunnmøre utviklar hydrogen frå vasskraft, som blir drivstoff til skipa.

– Vi er klare med å levere hydrogen frå tidleg 2023, seier Knut Flakk i Hellesylt Hydrogen Hub.

Han meiner det er viktig at regjeringa held på vedtaket dei har gjort, det vil gi rom for lokal verdiskaping.

Foreløpig er det berre mindre båtar som blir laga for å kunne vere utsleppsfrie, men Flakk seier dei store cruiseskipa kan legge til hamn lengre ute i fjorden, så vil utsleppsfrie båtar frakte turistane inn til Geiranger.

– Eg trur det er ei god løysing. Dei vil også legge igjen meir pengar i lokalsamfunnet, fordi dei vil bruke lengre tid på å komme seg inn til Geiranger, seier Flakk.

Dårleg nytt for Geiranger

Jan Ove Tryggestad (Sp), ordfører i Stranda kommune.

SKUFFA: Ordføraren i Stranda kommune er skuffa over vedtaket. Han meiner Geiranger vil miste mykje inntekt når dei kjem til år 2026.

Foto: Trond Vestre / NRK

Geiranger har no tilnærma null i inntekt frå cruisenæringa. Ordføraren seier det vil ta fleire år før dei er tilbake der dei var før.

– Eg syns vedtaket til næringskomiteen er tufta på manglande kunnskap om realiteten.

Samstundes peiker ordføraren på at dei er opptekne av miljøet, men han meiner det er andre tiltak ein kan gjere for å bidra til mindre utslepp.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL