Hopp til innhold

Kath frå England reiste på guida tur til Bryne for å sjå kor Erling Braut Haaland kjem frå

40 turistar booka seg inn på den aller første «Bryne FK Stadium Tour». Gatekunst, «dryleveggen» og raud julebrus var nokre av høgdepunkta.

Hans-Øyvind Sagen viser Erling Braut Håland-turistene rundt på Bryne

Utanfor stadion.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Det er fint å sjå kor han vaks opp og kor han trena, seier britiske Kath Linaker.

Kath Linaker med Erling Braut Håland-turistene på Bryne

Kath Linaker var i den aller første organiserte turgruppa på Bryne.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Då cruiseskipet la til kai i Stavanger stod valet mellom Bryne og Preikestolen.

– Den kan ein vel sjå i ein film, kan ein ikkje? ler ho.

Heime i England kan turistar bli viste rundt på stadion til hennar klubb Everton, men dei har ikkje tilsvarande turistattraksjonar knytt til Wayne Rooney, seier ho.

Og sjølv om fotballhjarta bankar hardast for Everton, måtte ho reise til Bryne.

– Haaland har jo blitt ei verdsstjerne!

Positivt overraska

Linaker var ei av 40 britiske cruiseturistar som måndag hadde meldt seg på verdas aller første «Bryne FK Stadium Tour».

Her fekk dei blant anna besøke garderoben, prøve seg på «dryleveggen» og sjå gatekunsten.

Erling Braut Håland-turistene ved «dryle-veggen» på Bryne

Turistane som besøkte Bryne måndag, fekk prøve seg på «dryle-veggen».

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Eg blei positivt overraska over at så mange har meldt seg på første tur, seier dagleg leiar Hans-Øyvind Sagen i Bryne FK.

Opplegget har Bryne snikra saman med Guidecompaniet og Opplev Jæren. Planen er å tilby guida turar kvar måndag i cruisesesongen.

Reiser til Bryne frå Brunei og Brasil

For det var på Bryne fotballstjerna Erling Braut Haaland la grunnlaget for den eventyrlege fotballkarrieren sin.

Og turistane har allereie dukka opp ei stund.

– Alt med Erling har stor interesse, og vi har dei to siste åra hatt mange turistar innom utan at vi har organisert det på nokon måte. Viss vi nå kan bidra med å sette Bryne og Jæren på kartet, så synest vi det er kjekt, seier Sagen.

Erling Braut Håland-turister ved Wen Hua House (kinarestaurant) og Anette Moi-veggkunst på Bryne

Her får gruppa sjå Wen Hua House på Bryne, Kina-restauranten som skal vere ein favoritt for Haaland. Bak er Haaland-gatekunst signert Anette Moi.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Ifølge Sagen har tidlegare turistar reist langvegsfrå. Alt frå Brunei i Asia til Brasil.

– Heile verda, seier han.

Dei som har dukka opp, har Bryne FK vist rundt, men nå vil dei gjere det i litt meir ordna former.

I dag fekk dei aller første betalande turistane avslutte turen i supporterbutikken med smaksprøvar på det Haaland har sagt at han likar, nemleg lappar og raud julebrus frå Berentsens brygghus i Egersund.

– Det var veldig godt, tykte Louise Mullen frå Nottinghamshire.