Hopp til innhold

Vil ikkje på Stortinget

Tidlegare fylkesordførar Jon Aasen er heilt uaktuell som stortingskandidat for Arbeidarpartiet i 2009.

Jon Aasen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Etter at Aasen tapte kampen om den fylkespolitiske makta etter valet i haust, er det blitt spekulert i om han kan dukke opp som kandidat dersom både Karita Bekkemellem og Asmund Kristoffersen seier takk for seg.

Men Aasen seier at svaret er nei, fordi han meiner han er for gammal til å starte ein stortingskarriere i 2009.

Ikkje freistande

- Eg måtte først ha site fire år på bakarste benk. Det freistar ikkje, seier Aasen.

Karita Bekkemellem har allerede gjort det klart at ho ikkje stiller til attval i 2009. Asmund Kristoffersen vil ikkje svare før nominasjonskomiteen spør. Men dersom også han sluttar etter 16 år på Stortinget, er dei to fremste plassane på Arbeiderpartiet si stortingsliste i Møre og Romsdal ledige.

Banar veg for Gjelseth

Som fylkesordfører dei siste fire åra har Jon Aasen vore Arbeidarpartiet sin kanskje mest markante politikar i Møre og Romsdal, men Stortinget er heilt uaktuelt.

Aasen legg ikkje skjul på at han ved å seie nei til Stortinget banar veg for Svein Gjelseth.

- Eg meiner Svein Gjelseth gjorde ein veldig god jobb i dei to åra han sat på Stortinget, seier Aasen.