Hopp til innhold

Berre 12 har stemt til no

Berre 12 personar i heile Møre og Romsdal har til no nytta seg av den nye tidlegstemmeordninga.

Valgurne

VIL HA FLEIRE STEMMER: Departementet vil ha flest mogleg til å stemme, og trur tidlegstemmeordninga skal gjere det lettare.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Den nye tidlegstemmeordninga har førebels fått svært lita oppslutning. Frå og med 1. juli har det vore muleg å gi si stemme til stortingsvalet i september.

Men berre 12 personar i heile Møre og Romsdal har levert si stemme til no.

Marit Wasstrand i Ålesund kommune meiner det er for tidleg å seie at ordninga er mislukka.

- For tidleg å konkludere

- Det syns eg er veldig vanskeleg å seie, sidan me ikkje har heldt på ei veke endå. Sidan det er nytt i år trur eg kanskje ikkje alle har oppfatta at du kan gjere det slik.

- Per i dag er det to stykk som har avgitt tidlegstemme i Ålesund, seier ho.

Den lave oppslutninga gjeld ikkje berre Ålsund kommune. På ei ringerunde til alle kommunane i Møre og Romsdal måndag var det kun 12 registrerte tidlegstemmer.

29 av kommunane hadde ikkje teke i mot ei einaste tidlegstemme.

Viktig moglegheit

Kjersti Bjørgo i Kommunal- og Regionaldepartementet vil ikkje meine noko om i kva grad tenesten er sløsing med ressursar, men forklarer kvifor denne nye valtenesten har kome.

- Grunngjevinga er i utgangspunktet at ein vil leggje best mogleg til rette for at flest mogleg kan bruke røysteretten sin. Viss ein då reiser bort, om ein er fiskar, sjømann eller student, eller skal på ferie, så er det fint at du kan stemme på førehand, seier ho.