Hopp til innhold

Vil ikkje avgrense markedsadgangen

Frp sin stortingsrepresentant, Sylvi Listhaug seier partiet ikkje vil avgrense markedsadgangen som norske bedrifter har til EU gjennom EØS-avtalen. Listhaug sitt utspel om å reforhandle EØS-avtalen, for mellom anna å få betre kontroll over arbeidsinnvandringa, har blant anna fått Høgres Vetle Wang Soleim til å reagere. Listhaug seier det må vere mogleg å sjå nærare på det som ikkje fungerer, utan at ein sett heile EØS-avtalen i spel.
– Vi skal ikkje sette markedsadgangen for norske bedrifter i spel, men vi skal jobbe for å endre dei forholda som ikkje fungerer, seier Listhaug.

Sylvi Listhaug
Foto: Trond Stenersen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL