Hopp til innhold

Vil ha fleire landskampar utanfor Oslo

Senterungdomen trur det vil bli større engasjement rundt landslagskampane dersom dei blir flytta ut i distrikta.

Hegerberg

I september spelte Ada Stolsmo Hegerberg frå Sunndalsøra og resten av kvinnelandslaget EM-kvalifiseringskamp mot Israel på Høddvoll i Ulsteinvik. Det ønskjer Senterungdomen meir av.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det vedtok dei på landsstyret i Senterungdomen denne veka.

– Vi har sett ei sviktande publikumsinteresse på Ullevaal og det har ikkje vore så mykje folk på landskampane som ein kunne håpa på. Både dame- og ungdomslandslaget har spelt kampar ulike stadar i landet, og det har trekt ein del folk, seier Sondre Ormset, som er leiar for Møre og Romsdal Senterungdom.

Større engasjement

Førre månad spelte mellom anna kvinnelandslaget EM-kvalifiseringskampar mot Kasakhstan i Molde og mot Israel på Høddvoll i Ulsteinvik.

Sondre Ormset

Sondre Ormset er leiar for Møre og Romsdal Senterungdom.

Foto: Ingrid Waagen

Senterungdomen meiner difor at herrelandslaget også i større grad bør ta i bruk heile landet. Dette gjeld først og fremt treningskampar, men at ein også bør vurdere å flytte kvalifiseringskampane ut i distrikta.

– Frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord ligg fantastiske arenaer med glødande publikum som kan vere med på å skape den 12. mann på banen som landslaget no treng, seier Ormset.

Han trur det vil kunne føre til eit større engasjement rundt kampane.

– Vi trur det vil trekke folk som ikkje ville ha reist til Oslo for å sjå ein landskamp. Det kostar jo litt for billetten, men også for reise og opphald, dersom ein treng det. Vi trur også at det blir meir inkluderande dersom ein får spreidd kampane utover landet, seier han.

Vil kontakte NFF

Senterungdomen vil no jobbe for å få fleire kampar utanfor Oslo.

– Det er eit mål å ta kontakt med Noregs Fotballforbund (NFF) og høyre om dei ser på dette som ein reell moglegheit, seier Ormset.

Han trur det er gode sjansar for at også herrelandslaget sine kampar kan bli spelt ute i distrikta i framtida.

– Så får vi sjå om vi får landslagskampar til nærområda om ikkje så veldig lang tid. Det hadde i alle fall vore kjempeartig, seier Ormset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL