Europas beste spelar håper landslaget fekk gitt litt tilbake

Landslagsprofilen Ada Stolsmo Hegerberg er storfornøgd med gjesteopphaldet i heimfylket siste veka.

Hegerberg

Det sportslege hadde fokus, men Ada Stolsmo Hegerberg meiner heile opphaldet i heimfylket var ein suksess.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Ikkje berre har det blitt to klare sigrar for landslaget, men også mottakinga har vore overveldande.

– Det har vore bra intreresse, og vi har blitt tatt godt tatt vare på. Samtidig har vi fått gitt litt tilbake også. Vi har møtt mange inspirerte unge jenter, og det betyr mykje for både dei og oss, fortel sunndalingen.

Landslaget har spelt kampar i både Molde og Ulsteinvik, og hadde også eit opphald i Rauma, der dei møtte Norway Cup-vinnarane frå Langfjorden.

Publikum var med

Hegerberg

Ada Stolsmo Hegerberg er fornøgd med rammene rundt kampane i Molde og Ulsteinvik.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det er utruleg artig å spele med slike rammer, der publikum er med og gir oss ein vekkar. Om vi ikkje har blitt behandla som popstjerner akkurat har vi merka at vi har blitt behandla med respekt. Det er vel som det skal vere når landets beste fotballspelarar er på besøk, smiler Stolsmo Hegerberg, og understrekar at respekten er gjensidig.

Både i Molde, og ikkje minst i Ulsteinvik, markerte ho seg med skåringar. Og som årets spelar i Europa og vinnar av meisterligaen, er det naturleg at mykje av merksemda har blitt retta mot nettopp henne.

Ho har vore i talk show, har stadig blitt intervjua av aviser, radio og tv, og har hatt kameralinsene retta mot seg under det meste av opphaldet.

Tilbake til kvardagen

Norge-Kazakhstan

Det blei mykje jubel for Ada Stolsmo Hegerberg og landslaget då dei besøkte fylket.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Eg må berre vere meg sjølv. Om det er ei prisoverrekking, om det er intervju eller kva det er, så har eg fokus på fotballen.

No vendar ho heim til Lyon og Frankrike, der målet er meir suksess også med klubblaget.

– Det er godt å vere i gang igjen med ein ny sesong, og godt å kjenne at svolten etter fleire sigrar også er der etter ei lita sommarpause.