NRK Meny
Normal

Målfest i Molde

Søstrene Ada og Andrine Stolsmo Hegerberg fra Sunndalsøra scoret ett mål hver under EM-kvalifiseringskampen mot Kasakhstan på Aker Stadion. Norge vant kampen 10–0.

Hegerberg

Arkivfoto: Norge, med sunndalingen Ada Stolsmo Hegerberg i spissen, møter Kazakhstan til kamp i Molde i dag.

Foto: FOTO: FRANCK FIFE / AFP

Alt er no klart til EM-kvalifiseringskamp mellom Norge og Kazakhstan i Molde i dag. Marknadssjef Oddvar Talset i Molde Fotballklubb gler seg til kamp.

– Eg trur det blir ein flott kamp, med store profilar og gode prestasjonar. Norge møter eit lag som dei skal ha gode sjansar til å slå. Eg håper det blir ein kjekk kamp med mykje publikum.

Så langt er det selt 1500 billettare, men Talset håper rundt 2500 vil ta turen til Aker Stadion i Molde.

– Vi veit at mange kjøper billett like før kampstart, så dette blir bra, seier Talset.

Laster innhold, vennligst vent..

Fordel for distrikta

Oddvar Talset

Arkivfoto: Marknadssjef Oddvar Talset i Molde Fotballklubb gler seg til kamp.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Måndag møter kvinnelandslaget Israel på Høddvoll. Talset synest det er positivt at Fotballforbundet legg slike kampar ute i distrikta.

– Då er det opp til distrikta og ønske dei velkommen på ein god måte og møte opp på kamp. Det er klart at dette er ei god reklame både for Molde og resten av regionen. Og så blir det opp til oss å lage ein folkefest, seier han.

Venta minst ein supporter frå Kazakhstan

Laila Sivertsen er til vanleg styremedlem i Breiddeavdelinga til Molde Fotballklubb. I dagane fram mot kveldens kamp, har ho vore kontaktperson for Kazakhstan.

– Det har gått veldig fint. Det verkar som om dei synest vi har ein fin by. Dei har vore mykje rundt og sett seg om, seier ho.

Også Stadionsjef Aadne Orvik har vore i sving dei siste vekene med å gjere alt klart til den store kampen.

– Det har ikkje vore så annleis enn det å arrangere ein vanleg heimekamp, men det blir spennande dette, seier han.

Det er også venta i alle fall minst ein supporter frå Kazakhstan.

– På eit møte tidlegare i dag blei det sagt at det kjem ein, så vi får sjå kvar vi plasserer han. Men vi skal i alle fall finne plass til han, seier Orvik.

Laster innhold, vennligst vent..