Frå før er det berre i Trondheim og Oslo pasientane kan få ei slik behandling.
"PCI-behandling"
Metoden er kalla PCI-behandling, og foregår ved at legane fører ei sonde gjennom ein arterie og opp i kransarteriane rundt hjartet. Då kan ein avsløre innsnevringar og setje inn rør eller løyse opp propper før dei forårsakar hjarteinfarkt.
Tid er viktig
Per Roland
Fagsjef i Helse Sunnmøre, Per Roland, meiner pasientar på Sunnmøre og i Romsdal er tent med å få eit slikt tilbod i Ålesund.
Tida og belastninga ved å reise langt er ein kritisk faktor for hjertepasientane, og dette vil gjere det mogleg for dei å få behandling raskare og utan å måtte reise til Trondheim.
Samarbeid med Trondheim
I dag har Helse Midt-Noreg et slikt behandlingstilbod for hjartepasientar, men det ligg i Trondheim. No ønskjer altså Helse Sunnmøre å få eit tilsvarende tilbod i Ålesund i nært samarbeid med Trondheim.
Saka skal etter planen opp i styret anten før nyttår eller rett over nyttår.